Hjem
Utdanning

Studieplan for MASV-UJO Undersøkande journalistikk, master, 2 år, haust 2020

Namn på grad

Master i undersøkande journalistikk

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk har som mål å gi studentane spesialisering i kritiske, langsiktige journalistiske prosjekt der kritikkverdige tilhøve i samfunnet blir avdekka gjennom dokumentasjon av ukjende fakta, forhold og samanheng. Masterprogrammet i undersøkande journalistikk bygger på bachelorgraden i journalistikk og gir studentane teoretisk djupnekunnskap og produksjonsretta trening i eit breitt spekter av tilnærmingar og nyskapande metodar for datainnsamling, analyse og publisering av undersøkande journalistikk-prosjekt på ulike plattformer. Masterprogrammet er produksjonsretta, og delar av arbeidet kan skje i samarbeid med ein eller fleire mediebedrifter.

Masterprosjektet består av ein produksjonsdel og ein teoretisk del. I produksjonsdelen skal studentane utvikle og gjennomføre eit sjølvstendig, undersøkande journalistisk arbeid for publisering på valfri plattform. Produksjonen blir kombinert med ei skriftleg, individuell masteroppgåve på 40-50 sider som bør være tematisk relatert til produksjonen, men som samstundes skal vere eit sjølvstendig teoretisk arbeid. Oppgåva skal ha ein metodedel «SKUP-rapport» og ein teoretisk del. I den teoretiske delen løftar studenten fram ei problemstilling basert på eige arbeid.

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk fokuserer på å styrke akademiske ferdigheiter som er særleg relevante for medieproduksjon på eit høgt fagleg nivå. Programmet byr på ei teoretisk og metodisk forankra universitetsutdanning der ein legg vekt på innovative og utforskande læring gjennom tverrfaglege impulsar og workshop-basert undervisning kopla med individuelle studium og akademisk refleksjon over eigen og andre sin praksis på feltet. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap på fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i undersøkande journalistikk
  • har inngåande kunnskap om den undersøkande journalistikken si rolle i samfunnet og i demokratiet
  • har inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om journalistikken sitt samfunnsoppdrag og om undersøkande journalistikk som sjanger og metode
  • har omfattande innsikt i norske samfunnsinstitusjonar, i offentlegheitslov, personvern og presseetiske retningsliner
  • har inngåande kritisk og analytisk kunnskap om metodar for datahenting, research og analyse i undersøkande journalistikk
  • har inngåande kunnskap om historiefortelling, retorikk og dramaturgi i journalistisk presentasjon på ulike plattformer
  • har inngåande kunnskap om forsking på undersøkande journalistikk og fagområdets vitskapelege teoriar og metodar. kan bruke kunnskap på nye område i faget
  • kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i journalistikken si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har kritisk og kreativ kompetanse i idéutvikling og medieteknologiske tilnærmingar på tvers av sjangrar og format
  • kan anvende i praksis undersøkande journalistiske metodar
  • kan planlegge og gjennomføre undersøkande journalistikk-prosjekter og presentere desse
  • kan arbeide sjølvstendig og kritisk reflektere og vurdere vitskapleg eige og andre sitt arbeid i undersøkande journalistikk
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innafor fagområdet og kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysning
  • har trening i journalistiske vurderings- og kvalitetskriterier og i journalistisk etikk
  • har trening i vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterier og forskingsetikk
  • kan analytisk reflektere over eige praktisk arbeid

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan utvikle og gjennomføre avanserte journalistiske arbeidsoppgåver og prosjekt som granskar komplekse tema der informasjon og fakta av allmenn interesse medvite har vore haldne vekk frå innsyn
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og kan praktisere journalistikkens uttrykksformer
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor fagområdet, både med spesialister og eit allment publikum
  • har kompetanse som journalist som særleg kvalifiserer for yrkesoppgåver i undersøkande journalistikk, aleine og i team
  • kan bruke kunnskapane og ferdigheitene til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar og ny fagkunnskap, og å bruke denne kunnskapen i sjølvstendig og kreativ undersøkande journalistikk
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i undersøkande journalistikk

Opptakskrav

Du kan kvalifisere til opptak til masterprogram i undersøkande journalistikk anten på fagleg grunnlag, eller på grunnlag av journalistisk arbeidserfaring og motivasjonsbrev. Opptakskvota er 40/60 (40 på fagleg grunnlag, 60 på arbeidserfaring). Søker du på begge kvoter, må du nemne dette i motivasjonsbrevet.

Dersom du kvalifiserer til opptak på både fagleg grunnlag og på grunnlag av arbeidserfaring, vil du bli vurdert ut frå det opptaksgrunnlaget som er mest gunstig for deg.

Søkarar med bachelorgrad i journalistikk

Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i journalistikk

Eksterne bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng innan journalistikk.

Søkarar med arbeidserfaring

Søkarar med arbeidserfaring blir vurderte på bakgrunn av godkjent journalistisk arbeidserfaring og motivasjonsbrev. Du må ha:

  • Bachelorgrad (treng ikkje vere innan journalistikk).
  • Journalistisk arbeidserfaring, til dømes på nett, i avis, radio, TV eller tilsvarande, betalt eller ubetalt arbeid i bedrift/organisasjon (til dømes studentmedia eller frivillige organisasjonar).
  • CV og attest(ar) som dokumenterer arbeidserfaringa.
  • Inntil ei A4-side om arbeidets art og innhald.
  • Motivasjonsbrev (maks to A4-sider). Sjå krav til innhald i motivasjonsbrev.

Alle søkarar må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C (3,0) i den faglege fordjupinga i bachelorgraden.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

  • I første semester tar studentane det obligatoriske emnet UJO301 Samfunnsinstitusjonar og research.
  • I andre semester tar studentane det obligatoriske emnet UJO304 Prosjektdesign.
  • I tredje og fjerde semester arbeidar studentane med masterprosjektet, UJO350. Rekkefølgja på arbeidet med produksjonsdelen og teoridelen er valfri.

Rekkefølgje for emne i studiet

  1. semester: UJO301 Samfunnsinstitusjoner og research (30 sp)
  2. semester: UJO304 Prosjektdesign (30 sp)
  3. semester: UJO350 Masteroppgåve i undersøkande journalistikk (60 sp)

Rekkefølgja på arbeidet med produksjonsdelen og teoridelen er valfri.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene inkluderer seminar, workhops, individuell rettleiing/grupperettleiing og mogleg praksissamarbeid med mediebedrifter. Kvalifiserte tilbakemeldingar på det praktiske arbeidet går inn i undervisninga. Delar av arbeidet med produksjonsdelen kan skje i samarbeid med andre masterstudentar eller med journalistar i mediebedrifter.

Vurderingsformer

Masterprogrammet nyttar i all hovudsak mappevurdering.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen blir gitte anten

  1. som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. som ein bokstav etter skalaen A, B, C, D, E, F, der F er stryk.

Bokstavkarakterar er mest utbreidde

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Programmet kvalifiserer for PhD-program i medievitskap og beslekta område.

Relevans for arbeidsliv

Utdanninga legg vekt på på koplinga mellom undersøkande journalistikk, nye teknologiar, nye forteljeformer og brei innsikt i lovverk, personvern og samfunnet sine institusjonar. Dette gjer studentane godt budde på et breitt spekter av utfordrande oppgåver i mediebransjen spesielt, men og i andre bransjar der ein arbeider med komplekse samanhengar og store kvalitative og kvantitative datamengder. Ein mastergrad i undersøkande journalistikk kvalifiserer også for forsking og undervisning.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no