Hjem
Utdanning

Studieplan for MATF-FARM Farmasi, master, 5 år, haust 2022

Namn på grad

Master i farmasi

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Profesjonsstudiet i farmasi kvalifiserer for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Gjennom studiet tileignar studentane seg ein brei og spesialisert legemiddelfagleg kompetanse. Studiet skal sikre samfunnet kandidatar som har de kunnskapar, haldningar og ferdigheter som trengs for å forsvarlig utøva farmasiyrket.

Farmasistudiet gir studentane ein brei fagleg basis innan kjemiske og biologiske fag, samt spesialisering innan farmasøytiske fag, som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, klinisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og rettleia praksis i apotek.

Masteroppgåva siste året er ei fordjuping og spesialisering innan farmasi, og studentane kan i stor grad sjølv velje fagområde for oppgåva.

Læringsutbyte

Etter gjennomført studium har studenten nedenstående kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Har avansert kunnskap om legemiddel og bruken av dei, farmakokinetikk og farmakodynamikk, deriblant preparatval, dosering, viktige biverknadar, interaksjonar og terapistyring ved dei vanlegaste sjukdomane samt klinisk farmasi og andre farmasøytiske tenester.
  • Har inngåande kunnskap om biokjemiske og fysiologiske verknadsmekanismar
  • Har avansert kunnskap om utvikling og produksjon av legemiddel, deriblant isolering, syntese og analyse av verkestoff, formulering, framstilling og kvalitetskontroll, oppbevaring og distribusjon av legemiddel og kvalitetssikring av alle ledd i prosessen.
  • Har kunnskap om veterinære legemiddel og bruken av dei deira bruk og påverknaden på dyrehelse og mattryggleik.
  • Har kunnskap om bruk av relevant medisinsk utstyr, ernæring og kosttilskot.
  • Har kunnskap om helsevesenet, samspelet mellom helsevesenet og samfunnet, teknologiske løysingar og arbeidsprosessar som inkluderer samarbeid og tverrprofesjonell samhandling og korleis språk og kultur påverkar dette.
  • Har kunnskap om kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og kliniske utprøvingar og inngåande kunnskap om sentrale, forskingsetiske regelverk og prinsipp.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan sjølvstendig isolere, syntetisere og analysere kjemiske stoff, framstille legemiddel og utføre kvalitetskontroll av desse.
  • Kan på ein sjølvstendig måte ta hand om farmasøytiske yrkesfunksjonar i apotek og i andre delar av helsetenesta og innan farmasøytisk industri
  • Kan utføre yrkesfunksjonen sin i samsvar med lovar, forskrifter og yrkesetiske retningslinjer.
  • Kan samarbeide med anna helsepersonell om optimal legemiddelbehandling til den enkelte pasient og kan bruke klinisk kommunikasjonskunnskap på tvers av verksemd og nivå.
  • Kan gjere greie for legemiddelmarknaden sin spesielle karakteristikk og drøfte legemiddelbruk i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
  • Kan bruke sentrale matematiske, statistiske og epidemiologiske metodar til å undersøke praktiske og teoretiske, farmasifaglege problemstillingar.
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Har digital kompetanse og kan tileigne seg og bruke ny kunnskap og vurdere faglitteratur og legemiddelinformasjon kritisk.
  • Kan formidle forskingsbasert kunnskap og diskutere profesjonelle og vitskapelege problemstillingar med helsepersonell og fagpersonar frå tilgrensande fagfelt i tillegg til legemiddelbrukarar.
  • Har kunnskap om leiing og ulike farmasøytiske leiarroller deriblant rettleiing og kommunikasjon.
  • Har innsikt i og forståing for korleis legemiddelovervaking, kvalitetssystem og kvalitets- og betringssarbeid bidrar til trygg legemiddelbruk og auka pasienttryggleik.
  • Har innsikt i og kan identifisere, reflektere over og handtera etiske problemstillingar i farmasøytisk yrkesutøving og forsking, og viser respekt for brukarar av farmasøytiske tenester og gir rettleiing som tar vare på brukaren sin integritet og brukaren sine rettigheiter.
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar og kan bidra i tenesteinnovasjon, entreprenørskap og systematiske og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar innan fagfeltet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller S1 og S2) og Fysikk 1og Kjemi 1 og 2.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er naudsynt for å kunne gjennomføre delar av farmasistudiet.

Innføringsemne

Ex.Phil, 10 studiepoeng

Obligatoriske emne

Alle emna spesifisert i graden (285 studiepoeng) er obligatoriske, og må gjennomførast i fastsatt rekkjefølge

Spesialisering

15 studiepoeng på 5. studieåret er studiespesialiserande emne som studenten vel i tilknyting til masteroppgåva

Rekkefølgje for emne i studiet

Emna må gjennomførast i fastsatt rekkjefølge

Delstudium i utlandet

Det er moglegheiter for å dra på utveksling på farmasistudiet, både gjennom avtaler på studieprogrammet og gjennom sentrale avtaler ved UiB. Ta kontakt med studierettleiar for å høre meir om kva ordningar som finst.

Les meir om utveksling her:
Informasjon om utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet nyttar ein rekke undervisningsmetodar:

  • Forelesninger
  • TeamBased Learning
  • Undervisning med pasient
  • Rollespill
  • Gruppearbeid
  • Ekskursjoner
  • Praksis i apotek
  • Seminar
  • Kollokvier
  • Innleveringsoppgaver
  • Kasusrapporter
  • Laboratoriekurs
  • Laboratoriejournaler
  • Spørretime
  • TVEPS: Tverrprofesjonell samarbeidslæring

Vurderingsformer

For å sikre at studentane har nødvendige kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse gjennomførast det ulike vurderingsformar gjennom hele studieløpet:

  • Innleveringsoppgaver
  • Mappeinnlevering
  • Skriftleg skuleeksamen
  • Laboratoriejournaler
  • Midtsemesterevaluering/underveistest
  • Gruppeoppgaver
  • OSKE (Objektiv, strukturert, klinisk eksamen)
  • Muntlig eksamen
  • Quiz
  • Digital skuleeksamen
  • Digital heimeeksamen

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F) eller bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studentar skal etter fullført mastergard i farmasi kunne søke seg vidare til doktorgradsstudie.

Relevans for arbeidsliv

Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Som provisorfarmasøyt vil du få ekspedisjonsrett for legemiddel på resept. I tillegg til å arbeide i apotek kan farmasøytar arbeide i sjukehus, i heimesjukepleie og sjukeheimar, i legemiddelindustri, innanfor vidaregåande og høgare utdanning, for myndigheiter og private firma (for eksempel i oppdrettsnæringa).

Yrkesrolla omfattar rådgjeving, undervisning, forsking og leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd, samt oppgåver som legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den enkelte pasienten og vurdering av korleis ulike legemiddel kan brukast saman.

Evaluering

Skriftleg vurdering

Skikkavurdering og autorisasjon

Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Når du er ferdig med studiet, blir du autorisert som provisorfarmasøyt. Helsedirektoratet (Hdir) har meir informasjon om autorisasjonsordninga.

Programansvarleg

Programutval for farmasi har ansvar for faglig innhald, oppbygging av studie og for kvaliteten på studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studieseksjonen på Det medisinske fakultet, dersom du har spørsmål:

info.med@uib.no

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet