Hjem
Årsstudium

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst og design

  • Lengde2 Semester
  • Studiepoeng60

Ny student

Ny student

Velkommen til studiestart på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst og design, eit studium ved Fakultet for kunst, musikk og design. Programmet er organisert under Griegakademiet - Institutt for musikk, og noko av undervisinga er sams for kunst, musikk og design.

Her finn du den viktigaste informasjonen om studiestarten din. 

Frammøte: 

Måndag 12. august kl. 10.00 i kantina på Griegakademiet - Institutt for musikk. Her blir det servert frukost og du får møte alle nye studentar ved Griegakademiet.

Kl. 11:30 blir det orienteringsmøte for alle PPU-studentane i Prøvesalen på Griegakademiet. 

Ta med: Det kan vere greit å ha med PC/nettbrett til registrering, men det er ikkje naudsynt.

Program med orienteringsmøte og fadderaktivitetar blir fortlaupende publisert på studentsidene våre.

Krav til politiattest: Det er krav om politiattest for alle studentar ved PPU. Du må sjølv søkje om dette på politi.no. Her må du òg laste opp stadfesting på opptak til PPU. Denne stadfestinga får du tilsendt frå KMD før sommaren. Hugs at saksbehandlingstida hos politiet kan vere opp imot 14 dagar. Når du har fått attesten frå politiet lastar du han opp i dette skjemaet. Frist: 1. september

Krav til medisinsk testing: Studentar ved pedagogiske utdanningar er lovpålagde å gjennomgå tuberkoloseundersøking dersom dei kjem frå, eller i laupet av dei 3 siste åra har vore minst 3 månadar i, land utafor Vest-Europa, USA, Canada, Australia, New Zealand eller Japan. Alternativt må du vise tuberklinattest. Krav til testing gjeld òg om du på andre måtar kan ha vore utsett for smitte. Ta kontakt dersom dette er aktuelt for deg.

Teiieplikt: Gjennom studiet kjem du til å få tilgang til informasjon som kjem inn under teieplikta (jmf. Universitets- og høgskulelova §4-6). Ved semesterregistrering må du stadfeste at du pliktar å ikkje bryte teieplikta.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på studieveileder@kmd.uib.no

Vi ser fram til ei spanande og utviklande tid saman med dykk.

Introduksjon

Målgruppe

Studiet er retta mot søkarar med minimum ein bachelorgrad eller tilsvarende innanfor visuell kunst eller design, som har fagleg tyngd, engasjement og eit oppriktig ynskje om å undervise born og unge. Søkarar med master og/eller undervisingserfaring vert prioritert.

Oppbygging

Oppbygging

Studiet består av to emner: pedagogikk og fagdidaktikk. I tillegg skal studentane ha to praksisperiodar.

Pedagogikk

Studenten får innføring i sosiale og kulturelle føresetnadar for læring og undervising, læringsprosessar, undervisingsmetodikk og sosiale prosessar.

Fagdidaktikk

Denne delen vert vinkla frå kunstnarriske og designfaglege perspektiv på undervisingas formål, innhald og grunngjeving. Didaktikken drøfter også metodikk, praktisk tilrettelegging og vurderingsarbeid.

Praksis

Studiet inneheld to praksisperiodar der studentane, anten individuelt eller i par, skal observere, vere medlærar og sjølvstendig gjennomføre eigne undervisingsopplegg i grunnskule og vidaregåande. Studentane skal ha totalt minimum 60 dagar praksis. I haustsemesteret kan praksisarbeidet bli lagt til kulturskule, museum, folkehøgskule eller 4.-10. trinn i grunnskulen. I vårsemesteret er praksisperioden lagt til vidaregåande skule, i klassar ved utdanningsprogramma Kunst, design og arkitektur, Design og handverk eller Medium og kommunikasjon.

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst og design (krav 60 SP)
PPU-variant (deltid/heiltid)
Deltid - Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst og design (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KDDI201Kunst- og designdidaktikk 1151–41
KDDI202Kunst- og designdidaktikk 2151–43
KDPRA211Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (deltid)01–41
KMDPED201Pedagogikk 1151–41
KMDPED202Pedagogikk 2151–43
Heiltid - Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst og design (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
KDDI201Kunst- og designdidaktikk 1151–21
KDDI202Kunst- og designdidaktikk 2151–21
KDPRA210Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (heiltid)01–21
KMDPED201Pedagogikk 1151–21
KMDPED202Pedagogikk 2151–21
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen