Hjem
Utdanning

Studieplan for PPU-KMD Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst og design, haust 2019

Namn på grad

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design

Omfang og studiepoeng

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt år.

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Fakultet for kunst, musikk og design er eit årsstudium som gir formell undervisningskompetanse i faga (a) kunst, design eller (b) musikk. Studiet bygger på fullført BA i utøvande og skapande musikk eller skapande kunst/design.

Utdanninga vert tilbydd både som fulltidsstudium i eit år og deltidsstudium over to år. PPU ved KMD byggjer på Forskrift til rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (fastsett 21.12.2015) og Nasjonale retningslinjer for PPU-A (fastsatt 16.2.2017).

Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for undervisningsarbeid i grunnskule, vidaregåande opplæring og kulturskule. I tillegg kvalifiserer utdanninga for undervisning og formidling på andre relevante og aktuelle læringsarenaer.

Utdanninga omfattar emna pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Pedagogikkemnet er felles. Innanfor fagdidaktikk må studentane velje enten musikkdidaktikk eller kunst- og designdidaktikk. Praksis kan gjennomførast i samanhengande periodar i grunnskulen sitt 5-10 trinn, den vidaregåande skulen, kulturskulen og på andre relevante praksisarenaer.

Undervisninga er fagleg forankra i dei samansette arbeids- og kunnskapsformene som kunstnarar, musikarar og designarar praktiserer.

Fagdidaktikk handlar her om alle tilhøve som vedkjem undervisning og læring i utøvande/skapande musikk eller kunst og design. Fagdidaktikkemna gir grunnlag for å planlegge, gjennomføre, vurdere og reflektere kring undervisninga; tufta på forsking, kunstfagleg utviklingsarbeid, erfaringskunnskap og teori.

Didaktisk kompetanse inneber kunnskapar og ferdigheiter i det a¿ planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring. Dette føreset mellom anna evne til a¿ analysere og reflektere omkring ma¿l for opplæringa, innhald i læreplanar, elevføresetnader, vurdering og rammene for undervisninga.

Pedagogikk handlar om korleis vi lærer og utviklar oss i samspel med kultur og samfunn. Kjernen i faget er læring, undervisning og danning. Pedagogikkemna gir forståing for eleven, lærarrolla og skulen sitt samfunnsmandat og dannar grunnlaget for utviklinga av eigen læraridentitet.

Undervisninga i PPU skal vere profesjonsretta, forskings- og utviklingsbasert og engasjere studenten i vitskapelege og kunstfaglege arbeidsformer og i kritisk tenking.

Studentane har minimum 60 dagar praksis. Sjå emneplan for praksisemna.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgande læringsutbyte:

 

Kunnskap

Kandidaten..

  • har djup fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante kunstpedagogiske praksisar
  • kjenner mandata og verdigrunnlaga til skulen og andre arenaer for kunstopplæring
  • har god kunnskap om gjeldande lov- og planverk, og evne til å halde seg oppdatert
  • har kunnskap om barne- og ungdomskultur, om utviklinga og læringa til barn og ungdom i ulike sosiale og kulturelle samanhengar
  • har kunnskap om korleis kunstfag og kulturelle og sosiale estetiske uttrykk inngår i identitetsskaping til barn og unge
  • har god kunnskap om undervisning og læring i grunnskule, kulturskule, vidaregåande opplæring, og i andre relevante kunstpedagogiske verksemder
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, medrekna kunnskap om vald og seksuelle overgrep
  • har kunnskap om og forståing for eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfald, bærekraftig utvikling, likestilling og likeverd

 

Ferdigheiter

Kandidaten..

  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere, og reflektere over undervisning; tufta på forsking, kunstfaglege utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
  • kan skape gode læringssituasjonar; kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane
  • kan leie og legge til rette for variert og differensiert undervisning, som fører til gode kunstfaglege og sosiale læringsprosessar
  • kan praktisere fleirkulturell forståing og toleranse for mangfald, og har medvit om spørsmål knytt til medborgarskap i utøvande og skapande undervisning og læring
  • kan arbeide variert, og differensiere og tilpasse eiga undervisning i samsvar med gjeldande læreplanar og vedtekter
  • kan skildre kjenneteikn på kompetanse, kan vurdere og dokumentere elevar si læring, og gje tilbakemeldingar som fremmar læring og medverkar til at elever kan reflektere over eiga læring
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket


Generell kompetanse

Kandidaten..

  • kan formidle kunstpedagogiske og kunstfagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • har ei profesjonell haldning, og kan reflektere kritisk over kunstfaglege, profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og medverke i utviklinga til kollegaar, skular og andre kunstpedagogiske felt

Opptakskrav

Søkarar må ha mastergrad eller bachelorgrad i kunst, utøvande musikk eller design med minimum 180 studiepoeng i utøvande eller skapande kunstfag.

Sjå eigne kriterium her:

Musikk

  • Søkarar med musikkbakgrunn må ha minimum 180 studiepoeng i musikk. Av desse skal 60 studiepoeng vere i utøvande musikk eller komposisjon.
  • PPU kan gå inn i det fireårige bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet ¿ Institutt for musikk.

Kunst og design

  • For PPU i kunst og design er kravet BA i skapande kunst- eller designfag, eller tilsvarande. Det krev minimum 180 studiepoeng fordjuping i kunst eller designfag. Søkarar som har MA i disse faga vil ha fortrinnsrett til studieplass og søkarar som har undervisningserfaring vert prioriterte. Denne studieretninga vil ha to opptaksdelar: til 1. opptak skal søkarar sende inn portefølje og motivasjonsbrev, 2. opptaket er eit intervju med søkaren.
  • Søkarar med bakgrunn frå kunst eller design må levere portefølje med arbeidsprøvar og motivasjonsbrev med grunngjeving for ønsket om å gjennomføre praktisk-pedagogisk utdanning. Dei best kvalifiserte søkarane vert kalla inn til intervju i ei andre opptaksrunde.

Obligatoriske emne

Emna i pedagogikk er felles for alle studentane i PPU-programmet:


Emna i didaktikk er fagspesifikke:

  • MUDI201 Musikkdidaktikk 1 (15 stp)
  • MUDI202 Musikkdidaktikk 2 (15 stp)
  • KDDI201 Kunst- og designdidaktikk 1 (15 stp)
  • KDDI202 Kunst- og designdidaktikk 2 (15 stp)

Fagspesifikk praksisopplæring tilsvarande 60 arbeidsdagar er integrert:

  • KDPRA210 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (heiltid)
  • KDPRA211 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (deltid)
  • MUPRA210 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, musikk (heiltid)
  • MUPRA211 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, musikk (deltid)

Rekkefølgje for emne i studiet

Fulltid

1. semester:

2. semester:

  • MUPED201 Pedagogikk 1 (15 stp)
  • MUPED202 Pedagogikk 2 (15 stp)
  • MUDI201 Musikkdidaktikk 1 (15 stp) eller KDDI201 Kunst- og designdidaktikk 1 (15 stp)
  • MUDI202 Musikkdidaktikk 2 (15 stp) eller KDDI202 Kunst- og designdidaktikk 2 (15 stp)
  • MUPRA210 Praksis for PPU musikk eller KDPRA210 Praksis for PPU kunst og design

Deltid

1. semester:

2. semester:

  • MUPED201 Pedagogikk 1 (15 stp)
  • MUDI201 Musikkdidaktikk 1 (15 stp) eller KDDI201 Kunst- og designdidaktikk 1 (15 stp)
  • MUPRA211 Praksis for PPU musikk eller KDPRA211 Praksis for PPU kunst og design

3. semester:

4. semester:

  • MUPED202 Pedagogikk 2 (15 stp)
  • MUDI202 Musikkdidaktikk 2 (15 stp) eller KDDI202 Kunst- og designdidaktikk 2 (15 stp)
  • MUPRA211 Praksis for PPU musikk eller KDPRA211 Praksis for PPU kunst og design

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar fellesundervisning, smågruppeundervisning, seminar, workshop, individuell rettleiing og kontinuerleg rettleia praksisopplæring. Studentaktive arbeids- og undervisningsformer vert vektlagde.

Fellesundervisninga i pedagogikk og didaktikk er på dagtid, medan praksis kan vere lagt på dag- og kveldstid, og i helger i samband med konsertar og prosjekt.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. I praksisopplæringa er det krav om 100 % frammøte.

Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter normert eksamenssemester.

Praksisopplæringa omfattar arbeidsinnsats tilsvarande 60 arbeidsdagar og skal ha kontinuerleg rettleiing i autentiske yrkessituasjonar med elevar. Praksis skal vere allsidig, med stigande krav til sjølvstende og ansvar, frå observasjon via medlærarpraksis til sjølvstendig undervisning. Opplæringa kan vere individuell, i par eller i grupper, og vil samla omfatte einskildelevar og ulike grupperingar i både obligatorisk skule og sjølvvald opplæring. Erfaringar frå praksis skal studentane drøfte og reflektere over skriftleg og munnleg i arbeidet med pedagogikk og fagdidaktikk.

Vurderingsformer

Studenten sitt arbeid vert vurdert i høve til programmet og emna. Vurdering og eksamensformer er spesifisert i kvar emneplan. Grunnlaget for vurderingar kan vere skriftlege oppgåver, munnlege framføringar eller kunstfaglege svar på oppgåver. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar og arbeidskrav må vere godkjende før eksamen.

Etter kvar praksisperiode skal studenten ha ei skriftleg uformell vurdering i tillegg til den formelle vurderinga.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F
  • «Bestått» / «Ikkje bestått»

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vert skrive ut etter at studieprogrammet er fullført.

Relevans for arbeidsliv

Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for arbeid i grunnskule, vidaregåande opplæring, kulturskule og andre relevante praksisarenaer.

Etter fullført utdanning kan kandidatane arbeide med elevgrupper innanfor eit stort aldersspenn med eit vidt spekter av evner, interesser, og sosial og kulturell bakgrunn. Som lærarar har dei innsikt i elevane sitt oppvekstmiljø og livssituasjon, og kan tilpasse opplæringa til den einskilde elev. Dei kan samarbeide med kollegaer, føresette, institusjonar og organisasjonar, og medverke til allsidige lærings- og oppvekstmiljø.

Evaluering

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Søkarar skal legge fram politiattest i forbindelse med opptak. Politiattest er eit krav i utdanningar der studentar kan kome i kontakt med mindreårige som del av praksis.

Skikkavurdering skal avdekke om studenten har dei nødvendige føresetnadane for å kunne utøve eit yrke som lærar.

Omsynet til at dei studenten vil kome i kontakt med, skal få forsvarleg behandling, står sentralt. Kontinuerleg skikkavurdering av studentane går føre seg gjennom heile studiet. Som student får du rettleiing og oppfølging, men du har også sjølv ansvar for å søke rettleiing. Særskilt skikkavurdering skal, ved grunngjeven tvil om ein student er skikka, gjerast på bakgrunn av ein innkomen tvilsmelding.

Adminstrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, design og musikk v/ Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.no

studieveileder@kmd.uib.no