Hjem

Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design, årsstudium

Har du utdanning innan kunst, musikk eller design, og lyst til å bli lærar? Da kan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) være det rette for deg!
  • Lengde1 År
  • Plassar31
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i kunst, musikk og design er et studium som gir deg formell lærerkompetanse for grunnskole, videregående skole og kulturskole. Studiet bygger på ein fullført bachelorgrad i skapande kunst eller design, eller i utøvende musikk eller komposisjon. Det er to studieretningar på PPU ved Fakultet for kunst, musikk og design; ein for kunstnarar og designarar og ein for utøvande musikk eller komposisjon. Dei to studieretningane har felles undervisning i pedagogikk. PPU for kunst, musikk og design kan taes på fulltid, over eit år, eller som deltidsstudium over to år.

Studiekvardag

Undervisninga er på norsk, mens litteraturen kan vere på engelsk, norsk og andre skandinaviske språk. Undervisninga i pedagogikk er felles for begge studieretningane, mens didaktikkundervisninga er delt for dei to studieretningane. Undervisninga foregår på dagtid, medan praksis kan vere lagt på dag- og kveldstid, og i helger i samband med konsertar og prosjekt.

Undervisninga omfattar fellesundervisning, smågruppeundervisning, seminar, workshop, individuell rettleiing og kontinuerleg rettleia praksisopplæring. Studentaktive arbeids- og undervisningsformer vert vektlagde.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. I praksisopplæringa er det krav om 100 % frammøte.

Praksisopplæringa omfattar arbeidsinnsats tilsvarande 60 arbeidsdagar og skal ha kontinuerleg rettleiing i autentiske yrkessituasjonar med elevar. Praksis skal vere allsidig, med stigande krav til sjølvstende og ansvar, frå observasjon via medlærarpraksis til sjølvstendig undervisning. Opplæringa kan vere individuell, i par eller i grupper, og vil samla omfatte einskildelevar og ulike grupperingar i både obligatorisk skule og sjølvvald opplæring. Erfaringar frå praksis skal studentane drøfte og reflektere over skriftleg og munnleg i arbeidet med pedagogikk og fagdidaktikk.

Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet kan ta PPU for utøvande musikk eller komposisjon som ein integrert del av bachelorgraden over 3. og 4. år.

Karriere

Studiet kvalifiserer formelt for undervisning i skolesystemet; frå barneskule til vidaregåande skule. I tillegg gir PPU kompetanse for å undervise og formidle i kulturskolen, Den kulturelle skolesekken, på museer og gallerier, og og i det frivillige musikklivet.

Kva lærar eg?

Etter gjennomført studie kan studenten blant anna:

  • planlegge, gjennomføre, vurdere, og reflektere over undervisning; tufta på forsking, kunstfaglege utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
  • kan leie og legge til rette for variert og differensiert undervisning, som fører til gode kunstfaglege og sosiale læringsprosessar
  • kan arbeide variert, og differensiere og tilpasse eiga undervisning i samsvar med gjeldande læreplanar og vedtekter
  • kan skildre kjenneteikn på kompetanse, kan vurdere og dokumentere elevar si læring, og gje tilbakemeldingar som fremmar læring og medverkar til at elever kan reflektere over eiga læring
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Sjå her for Læringsutbyte i studieplanen.

Oppbygging

Alle emna i studiet er obligatoriske.

Emna i pedagogikk er felles for alle studentane i PPU-programmet:

Emna i didaktikk er fagspesifikke:

  • MUDI201 Musikkdidaktikk 1 (15 stp)
  • MUDI202 Musikkdidaktikk 2 (15 stp)
  • KDDI201 Kunst- og designdidaktikk 1 (15 stp)
  • KDDI202 Kunst- og designdidaktikk 2 (15 stp)

Fagspesifikk praksisopplæring tilsvarande 60 arbeidsdagar er integrert:

  • KDPRA210 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (heiltid)
  • KDPRA211 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, kunst og design (deltid)
  • MUPRA210 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, musikk (heiltid)
  • MUPRA211 Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, musikk (deltid)

Rekkefølgje for emne i studiet

Fulltid

1. semester:

2. semester:

Deltid

1. semester:

2. semester:

3. semester:

4. semester:

Sjå oversikt over alle emne

Korleis søke

Du søkjer opptak til Fakultet for kunst, musikk og design.

Søknadsfristen er 15. april. Du søker via SøknadsWeb.

For å få opptak til praktisk-pedagogisk utdanning ved KMD krevjast det følgjande:

  • ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 stp i kunstfaget.

Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet kan ta PPU for utøvande musikk eller komposisjon som ein integrert del av bachelorgraden over 3. og 4. år.

Sjå her for utfyllande informasjon om søknad og opptak.