Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), årsstudium
- Lengde1 År
- Plassar112
- Studiepoeng60
- StartHaust
Hovedinnhold
Velkommen til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)! Dette er eit yrkesretta og praksisbasert studium, og er for deg som har fullført ei mastergrad og som vil utdanne deg til å bli lærar.
Som lærar spelar du ei viktig rolle i kvardagen til barn og unge. Samfunnet treng gode lærarar som er der for elevane. Som lærar er du med på å legge grunnlaget for at ungdom kan velje vidare utdanning som gir dei eit meiningsfullt liv i yrke til nytte for heile samfunnet. Læraren er òg ein av dei viktigaste personane i livet til elevane gjennom heile skulegangen. Læraren har ei viktig rolle også som trygg og påliteleg vaksen i elevane sin kvardag.
Meir informasjon under
Hvilken lærer har inspirert deg?
Jobb
Som lektor er du kvalifisert til å undervise på 5. til 13. trinn i skulen. Studiet er særleg retta mot ungdomsskulen og vidaregåande opplæring, inkludert vaksenopplæringa.
Det er stor etterspørsel etter lærarar, spesielt i realfag og norsk. Yrket gir jobbmoglegheiter over heile landet.
Etter å ha fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan du bygge på og få undervisningskompetanse i andre fag. Det finst òg moglegheiter for etter- og vidareutdanning, blant anna innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.
Meir informasjon under
Oppbygging
Praktisk-pedagogisk utdanning er ei eittårig profesjonsutdanning, som startar i august.
1. semester:
- PEDA101 Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester (15 studiepoeng)
- Fagdidaktikk (15 studiepoeng) Sjå kva fag som tilbys
- PPUPRA101 Praksis PPU 1. semester
2. semester:
- PEDA102 Praktisk pedagogikk - pedagogikk 2. semester (15 studiepoeng)
- Fagdidaktikk (15 studiepoeng) Sjå kva fag som tilbys
- PPUPRA102 Praksis PPU 2. semester
Du har 30 dagar praksisopplæring ved ei skule begge semestera. Du får tildelt praksisplass.
Studiekvardag
Undervisninga er på norsk, mens litteraturen er på engelsk, norsk og andre skandinaviske språk. Viss du tar didaktikk i framandspråk vil du også ha litteratur på det aktuelle språket. Arbeids- og undervisningsformene vil variere ut frå kva for fagdidaktikkemne du tar.
Det er praksisopplæring på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule.
I pedagogikk er all undervising, unntatt forelesingane, obligatorisk. I fagdidaktikkemna vil omfanget av obligatorisk undervisning variere. Praksisperioden er 100 prosent obligatorisk.
Her kan du lese meir om korleis det er å ta PPU ved UiB.
Kva lærer du
Det viktigaste du lærer er å undervise, å ivareta elevane og å sjå og verdsetje kvar og ein av dei.
Med denne utdanninga får du blant anna:
- kunnskap om korleis du leier og legger til rette for god fagleg og sosial læring.
- kunnskap om korleis du planlegg, gjennomfører og reflekterer over undervising basert på forsking og erfaring.
- lære om korleis du byggjer gode relasjonar til elevar og føresette, og å samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.
- kunnskap om korleis vi kan ivareta mangfaldet i skulen og i den enkelte elevgruppa.
Denne utdanninga er intens og arbeidskrevjande, men samtidig veldig lærerik. Gjennom undervisinga, oppgåvearbeidet og praksis blir du godt kjent med medstudentane dine. Du får tett oppfølging av engasjerte fagpersonar, både i undervisinga og i praksisopplæringa.
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på denne utdanninga.
Korleis søke
Søknadsfristen er 15. april. Du søker via Søknadsweb.
For å få opptak til praktisk-pedagogisk utdanning ved UiB krevjast det følgjande:
- Ein mastergrad
- Fagleg fordjuping i minst eit undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i. Fagtilbodet kan variere for kvart studieår.
- Minimum 60 studiepoeng i det enkelte faget.
- Eit karaktersnitt på minst C i undervisningsfaget/(a) som utgjer opptaksgrunnlaget. Det er ordinære avrundingsreglar som blir brukt ved utrekning av snittet. Fagkrava blir fastsette av styringsgruppa for lektorutdanninga.
- Kompetanse i norsk tilsvarande generell studiekompetanse
- Viss du har oppnådd generell studiekompetanse dekker du språkkravet i norsk, og treng ikkje å dokumentere dette.
- Viss du ikkje har generell studiekompetanse, må du dokumentere norskkunnskapser på eit nivå tilsvarande generell studiekompetanse.
Sjå her for utfyllande informasjon om korleis du søker PPU og opptakskrav til PPU.