Hjem
Utdanning

Omfang og studiepoeng

Deltidsstudiet i Praktisk-pedagogisk utdanning har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit yrkesretta, praksisbasert studium. Studiet er for søkjarar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til å bli lærar. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksis. Studentane er til vanleg i praksis både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

PPU skal utdanne lærarar som kan leggje til rette for, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og læringsfremjande aktivitetar med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap. Eit anna viktig mål er at studentane får eit fundament for si faglege og profesjonelle utvikling, basert på teoretisk og metodisk innsikt så vel som evne til kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring. Studiet skal vidare kvalifisere studentane til å utvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk i matematikk og naturfag, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Eit viktig mål er å aktivere studentane si teoretiske innsikt i praksis, samt å forstå erfaringar frå praksis i lys av teori.

Pedagogikk

Pedagogikk er vitskapen om læring, undervisning og oppseding. Når pedagogikk inngår som eit profesjonsfag i

lærarutdanninga er ein blant anna opptatt av:

¿ korleis lærarar kan leggje til rette for utvikling, læring, motivasjon og meistring hjå individ og grupper av elevar.

¿ korleis ulike syn på læring, undervisning og oppseding er påverka av filosofiske og utdanningsteoretiske retningar.

¿ korleis lærarar forstår og utøver sitt mandat og etiske ansvar ovanfor elevar, kollegaer, foreldre, skule og samfunn.

¿ korleis lærarar utviklar ein profesjonsidentitet både individuelt og som gruppe.

¿ korleis prosessar på system, gruppe og individnivå påverkar og vidareutviklar skulen som institusjon for læring og

danning.

Matematikk og naturfagsdidaktikk

Matematikk- og naturfagsdidaktikk omfattar særleg utvikling, prøving og revisjon av undervisningsløp som kan støtte ønska

faglege læringsprosessar. Meir konkret omfattar matematikk- og naturfagsdidaktikk:

¿ analyse av aktivitetar og tenkjemåtar i faga

¿ utvikling av lokale teoriar, for eksempel problemløysing og metodar for verifikasjon.

¿ utforsking av metodar som kan nyttast til formidling av ulikt fagleg stoff.

¿ kritisk vurdering av utvalt fagleg stoff i relasjon til undervisninga sitt overordna mål.

¿ forsking på føresetnader for læring og på undervisnings- og læreprosessar.

¿ utvikling og evaluering av konkrete undervisingsløp, ulike typar undervisingsløp og læreplanar.

¿ utvikling av metodar for planlegging, gjennomføring, observasjon og analyse av undervisingsleksjonar.

¿ kunnskap og forståing for historia til matematikk- og naturfagdidaktikken.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten ...

  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap retta mot trinn 5-13.
  • har grunnleggjande forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet.
  • har inngåande kunnskapar om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga.
  • har kunnskapar om ungdomskultur, ungdomsutvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar.
  • har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i matematikk og naturfag.
  • Har generell kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, irekna kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unges rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
  • har kunnskap om samiske tilhøve

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • kan leie og leggje til rette for undervisning som kan føre til gode faglege og sosiale læringsprosessar.
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø.
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gje læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eigen faglege utvikling
  • kan identifisere særskilde behov hjå barn og unge, irekna identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk naudsynte tiltak.

Kandidaten:

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar i matematikk og naturfag på eit avansert nivå.
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål.
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling.
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Opptakskrav

For opptak krev ein følgjande:

  • fullført mastergrad
  • fagleg fordjuping i to fag *
  • eit karaktersnitt på minst C**

For opptak til PPU deltid gjeld språkkrav i norsk i samsvar med § 2-2 i forskrift om opptak til høgre utdanning av 6. januar 2017.

* Fagleg relevant fordjuping i to fag med minimum 60 studiepoeng i kvart fag. For naturfag krev ein 90 studiepoeng. Studenten kan mangle inntil 45 studiepoeng i dei to faga til saman ved opptak, men kan ikkje mangle meir enn 30 studiepoeng i eitt av faga. Dei manglande studiepoenga kan takast parallelt med deltidsstudiet. Dei manglande studiepoenga må være på plass før studenten startar på 4. semester.
** Karaktersnitt for det som utgjer opptaksgrunnlag i kvart fag må vere C eller betre. Tilstrekkelig karaktersnitt må seinast vere oppnådd før ein startar på 4. semester.

Obligatoriske emne

1 år: PPUDEL101 og PPUDEL102 (til saman 30 stp.)

2 år: PPUDEL103 og PPUDEL104 (til saman 30 stp.)

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet går over fire påfølgande semester, med opptak for nye studentar kvar haust. Det vil vere 10 dagars praksis i fyrste og fjerde semester, og 20 dagar i andre og tredje semester. 

For heile studiet:

PPUDEL101 (1 .sem)

PPUDEL102 (2. sem)

PPUDEL103 (3. sem)

PPUDEL104 (4. sem)

Delstudium i utlandet

Ingen

Undervisningsmetodar

På generell basis blir undervisninga organisert som ei blanding av tre samlingar per semester og elles interaktiv nettundervisning. I tillegg har studenten 60 dagar praksis.

Meir spesifikke undervisningsformer for enkeltemne som inngår i PPU deltid, er omtalt i emnebeskrivingane.

Vurderingsformer

Vurderingsformer for enkeltemne som inngår i PPU-deltid er omtala i emnebeskrivingane.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at utdanninga er fullført.

Relevans for arbeidsliv

Studiet kvalifiserer for å arbeide som lærar på mellomtrinnet, i ungdomsskulen og vidaregåande skule eller innan vaksenopplæringa. Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning for stilling som lektor, adjunkt eller faglærar i klassetrinn 5-13.

Evaluering

Fulltidsstudiet i Praktisk-pedagogisk utdanning blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningsliner for deltakande evaluering.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Adminstrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.psyfa@uib.nostudierettleiar.psyfa@uib.no

studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10