Hjem
Utdanning

Studieplan for PRAPED Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), årsstudium, haust 2019

Omfang og studiepoeng

Fulltidsstudiet i Praktisk-pedagogisk utdanning har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit yrkesretta, praksisbasert studium. Studiet er for søkjarar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til å bli lærar. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i undervisningsfaga og praksis. Studentane er til vanleg i praksis både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

PPU skal gjennom undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk utdanne lærarar som kan leggje til rette for, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og læringsfremjande aktivitetar med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap. Eit anna viktig mål er at studentane får eit fundament for si faglege og profesjonelle utvikling, basert på teoretisk og metodisk innsikt så vel som evne til kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring. Studiet skal vidare kvalifisere studentane til å utvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk i undervisningsfaga, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Eit viktig mål er å aktivere studentane si teoretiske innsikt i praksis, samt å forstå erfaringar frå praksis i lys av teori.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten...

  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap retta mot trinn 5-13.
  • har grunnleggjande forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet.
  • har inngåande kunnskapar om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga.
  • har kunnskapar om ungdomskultur, ungdomsutvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar.
  • har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i eigne undervisningsfag.
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om rettane deira i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
  • har kunnskap om samiske tilhøve.  

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • kan leie og leggje til rette for undervisning som kan føre til gode faglege og sosiale læringsprosessar.
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø.
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gje læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eigen faglege utvikling
  • kan identifisere særskilde behov hjå barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnare til barnets beste

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar i undervisningsfaga på eit avansert nivå.
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål.
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling. kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Opptakskrav

For opptak krev ein følgjande:

  • Fullført mastergrad
  • Fagleg fordjuping i eitt eller to fag, med minimum 60 studiepoeng i det enkelte faget.
  • Fagleg fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skulen og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Fagtilbodet kan variere for kvart studieår.
  • Eventuelt tilsvarande utanlandsk utdanning.
  • Søkar må ha eit karaktersnitt på minst C i undervisningsfaget/(a) som utgjer opptaksgrunnlaget. Det er ordinære avrundingsreglar som blir brukt ved utrekning av snittet. Fagkrava blir fastsette av styringsgruppa for lektorutdanninga.
  • Utanlandske søkjarar må enten ha fullført og bestått Bergenstest, årsstudium i norsk og samfunnsfag for innvandrarar, eller eit anna norskkurs tilsvarande nivå 3, eventuelt nivå C1 i det felles europeiske rammeverket for språk.

Utfyllande informasjon om fagdidaktikktilbod, undervisningsfag og opptakskrav finn du på denne nettsida: https://www.uib.no/utdanning/laerer

Det er opptak til studiet kvar haust med søknadsfrist 15. april. Ein søkjer om opptak lokalt ved UiB gjennom Søknadsweb.

Obligatoriske emne

Alle emne som inngår i den enkelte student si utdanningsplan, inkludert praksis, er obligatoriske.

Krav til progresjon i studiet

Studiet går over to semester, med oppstart om hausten. Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis er likt fordelt på dei to semestera.

Studiet er lagt opp slik at det er progresjon i emna frå første til andre semester. Emna må difor normalt takast i intendert rekkefølgje.

For å kunne gå vidare frå første til andre semester må studenten ha:

- greidd praksis i første semester

- bestått tilstrekkelig progresjon i pedagogikk/fagdidaktikk i første semester. Normalt inneber det at minst to emne må være bestått, men enkelte fag kan ha eigne reglar.

Delstudium i utlandet

Det er ikkje lagt opp til delstudium i utlandet i løpet av studiet.

Undervisningsmetodar

Undervisinga er lagt opp som førelesingar, gruppeundervisning og seminar. I tillegg til teoriundervisninga er praksis ein viktig læringsarena.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet nyttar ulike kombinasjonar av vurderingsformer. Sjå dei enkelte emnebeskrivelsane for nærare detaljar om vurderingsform.

Avsluttande vurdering i PPU omfattar to hovudområde av studiet: praktisk lærardugleik, og skriftleg og munnleg eksamensarbeid. Vurderinga av den samla kompetansen inneber også ei vurdering av om studenten eignar seg for læraryrket («skikkethetsvurdering»). Sjå følgjande nettside: http://www.uib.no/utdanning/laerer

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast "A-F" eller "Greidd/ikkje greidd". Sjå emneplanane for nærare opplysingar.

Relevans for arbeidsliv

Studiet kvalifiserer for å arbeide som lærar i grunnskulen (særleg ungdomsskulen, men også mellomtrinnet), vidaregåande skule eller innan vaksenopplæringa. Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning for stilling som lektor, adjunkt eller faglærar.

Evaluering

Studentene skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet). For meir informasjon sjå: www.uib.no/psyfa/44149/skikkethetsvurdering-ilærerutdanningen

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet om du har spørsmål: studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Oppbygging av studiet

Studiet går over to påfølgjande semester, med opptak og studiestart for nye studentar kvar haust. Semesteret byrjar med 5 veker teoriundervisning. Deretter følgjer ein praksisperiode på 7 veker, med ei teoriveke omlag midtvegs når det er haust- eller vinterferie i skulen. Etter praksis følgjer ein ny teoriperiode på 1-2 veker, og deretter eksamen. I praksisopplæringa krev ein 100 % oppmøte.

Fageining og spesialisering

Tilbodet vil variere frå opptak til opptak. Informasjon om fagdidaktikktilbod kommande haust:
https://www.uib.no/utdanning/laerer/studietilbud/opptak/opptak-til-praktisk-pedagogisk-utdanning/fagdidaktisk-tilbod-i-ppu

For innhald og læringsmål i dei einskilde faga sjå studieplanar tilhøyrande dei einskilde emnekodane.

Oppstart

Kvar haust

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet