Medisinstudiet, profesjon, 6 år
- Lengde6 År
- Ordinær68,3
- Primær60,8
- Plassar185
- OpptakskravMEROD
- Studiepoeng360
- StartHaust
Hovedinnhold
I medisinstudiet og som lege vil du møte mange menneske i ulike livsfasar og situasjonar. Den som skal bli lege bør vere interessert i å forstå korleis menneske i krise har det, og korleis deira behov for tryggleik kan takast i vare. Du bør vere komfortabel med å jobbe tett på menneske og interessert i god kommunikasjon.
Medisinstudiet har ei sterk integrering mellom teori og pasientnær klinisk undervisning. Vi diskuterer profesjonalitet og identitet som lege gjennom heile studiet, og vi legg vekt på undervisnings- og vurderingsformer der studentane har ei aktiv rolle. Vi tilbyr ei forskarlinje for deg som er interessert i medisinsk forsking og som kan tenke seg å forske parallelt med studiane.
På medisinstudiet diskuterer vi spørsmål som:
- Korleis kan ein førebygge sjukdom og skade?
- Kva gir god helse?
- Korleis kan sjukdomar behandlast?
Samfunnet treng at mange ulike mennesketypar blir lege. Legar er ei stor yrkesgruppe i Noreg og bør derfor vere like mangfaldig som menneska dei skal behandle.
Meir informasjon under
Hvordan er det å studere medisin ved UiB?
Jobb
Medisinstudiet er eit 6-årig profesjonsstudium som gir autorisasjon som lege og kvalifiserer til begynnarstillingar (LIS –«lege i spesialisering») i det offentlege helsevesenet. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse.
Legar er heilt naudsynte i alle statlege og kommunale helsetenester fordi dei er autorisert til å diagnostisere og behandle sjukdomar. I kraft av ei allsidig utdanning er legar også attraktive i offentleg forvaltning og i privat sektor.
Dei aller fleste går vidare med spesialisering innan fagfelt som for eksempel kirurgi, psykiatri eller indremedisin. Spesialiseringa startar når du er ferdig med sjølve studiet, og koordinerast av helsedirektoratet. Når du er i spesialisering er du samtidig i betalt jobb.
Medisinstudiet kvalifiserer deg for forskarutdanning på ph.d.-programmet i medisin som fører fram til doktorgrad. Forskarlinjestudentar som etter fullført medisinstudium får opptak til ph.d.-programmet, vil kunne fullføre vidare utdanning på kortare tid.
Oppbygging
Medisinstudiet er eit seksårig fulltidsstudium, som startar i august.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. studieår:
- MEDOD1 (17 studiepoeng)
- MED2 (8 studiepoeng)
- MEDOD2 (25 studiepoeng)
- EXPHIL-MOSEM Examen philosophicum - seminarmodell (10 studiepoeng)
4. studieår:
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- MED7 (27 studiepoeng)
- MED8 (27 studiepoeng)
5. studieår
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- MED9 (27 studiepoeng)
- Innlevering av hovudoppgåve (MEDOPPG)
- MED10 (13 studiepoeng)
6. studieår
- Valfrie emne (6 studiepoeng)
- MED11 (27 studiepoeng)
- MED12 (27 studiepoeng)
Ved medisinstudiet vert studentkullet delt i eit A- og eit B-kull frå og med hausten 4. studieår. Den ene delen av kullet fortset på studiet utan opphald (A-kull), og den andre delen av kullet tar ein «fritermin» på eitt semester (B-kull). Studentar kan i friterminen reise på utveksling, ta eit kurs i global helse med feltopphald i Asia eller Afrika, ta opne emne eller ta ein pause frå studia.
Minst 20 studentar som byrjar på medisinstudiet i Bergen hausten 2022 kan få moglegheit til å halde fram med studiet i ny studieplan i Stavanger-regionen frå 4. studieår. Dette vil vera ein del av første fase av eit nytt planlagt studieløp for medisinstudiet ved Universitetet i Bergen: Vestlandslegen. Vestlandslegen er ei regional satsing for medisinstudiet der dei tre siste åra av studiet blir gjennomført i Stavanger, Førde eller Haugesund.
Studiekvardagen
Som medisinstudent ved UiB kan du vente deg ein variert studiekvardag med både praktisk og teoretisk undervisning, i tillegg til lengre periodar med praksisutplassering på sjukehus og legekontor.
Meir informasjon under
Medisin
Allereie første studieår får du bli med ut på sjukehuset og sjå korleis kvardagen som lege kan sjå ut. Du vil møte pasientar tidleg i undervisninga, og i valfrie periodar kan du fordjupe deg i tema du er spesielt interessert i. Du vil også møte engasjerte legar som rettleier deg i rolleforståing og forventningar til legeyrket du utdannar deg til.
Undervisninga skjer i hovudsak på, eller i nærleiken av Haukeland universitetssjukehus, like utanfor Bergen sentrum. Ved dei lengre praksisperiodane seinare i studiet kan du bli utplassert ved sjukehus både i Bergen, Førde, Stavanger og Haugesund.
Medisinstudiet er krevande, og som student må du førebu deg på lange dagar på lesesalen, på sjukehusavdeling eller på laboratoriet. Men studiet er òg spennande og utviklande, og du vil lære mykje om deg sjølv i tillegg til kropp og helse.
Studiet er bygd opp av:
- forelesingar med oppgaveløysing
- seminargrupper
- laboratorium og praktiske øvingar
- klinisk praksis
- sjølvstudium
Til saman må du rekne med å bruke like mykje tid på studiet som i ein full jobb, minst 40 timar i veka.
Som medisinstudent er det eit breitt utval av organisasjonar og styrer du kan engasjere deg i, sjå oversikt over studentorganisasjonar og fagutval på fakultetet.
Som ny student på medisinstudiet vil du få tilbod om å delta i ei mentorgruppe. I mentorgruppa blir du kjent med andre som studerer det same som deg og som du vil møte i undervisninga det første studieåret. Vidarekomne studentar på studieprogrammet ditt leiar mentorgruppene og vil dele av sine erfaringar med studia og studiekvardagen.
Praksis
Som medisinstudent har du fleire praksisperiodar i løpet av studiet. Allereie dei tre første åra i medisinstudiet vil du bli utplassert på sjukehus i kortare periodar.
Frå og med fjerde året blir du sendt ut på lengre praksisopphald i psykiatri, indremedisin, kirurgi, obstetrikk/gynekologi og pediatri, allmennmedisin og samfunnsmedisin.
Det medisinske fakultet samarbeider med Stavanger Universitetssykehus, Førde sentralsjukehus og Haugesund sjukehus, og i semestera MED7, MED8 og MED9 er det der ein som medisinstudent i hovudsak er utplassert. I desse praksisperiodane betaler UiB for hybel ved praksisstaden.
I MED11 er utplasseringa i kommunehelsetenesta/på legekontor.
Kva er obligatorisk?
-
Det blir stilt heilt spesielle krav til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse for ein lege. Derfor er det også mange obligatorisk krav til studiet. Ein lege må for eksempel vere i stand til å måle blodtrykk, lytte på hjarte og lunger og tolke resultatet av desse undersøkingane.
-
Rekkefølga på faga i medisinstudiet følger ein fastlagt plan som skal sikre den faglege utviklinga di fram mot ferdig utdanna lege. Det er normalt ein semestereksamen i kvart emne/semester. For å sikre den faglege utviklinga kan det også vere undervegs-testar som må vere bestått før ein kan gå opp til semestereksamen.
-
I fag med obligatorisk undervisning må du som hovudregel delta i alle aktivitetane for å få lov til å ta eksamen.
Kva er valfritt?
Rekkefølga på faga i legestudiet følger en fastlagt plan. Det er likevel mogleg å fordjupe seg spesielt innan eitt eller fleire fagfelt, då spesielt i desse elementa i studiet:
-
Det inngår tre firevekers periodar med valfrie emne på 6 studiepoeng. Desse periodane er plassert i januar, og er meint å vere kompetansegivande for vidare karriere. Du kan velgje eitt til to emne du vil ta kvar periode eller du kan søke om å ta eit emne ved andre fakultet eller universitet.
-
I løpet av perioden 3. til 5. studieår skal du skrive ei hovudoppgåve. Målet med oppgåva er å vise at du meistrar ei vitskapeleg tenke- og arbeidsmetode, at du kan bruke data- og litteratursøking innan medisinsk fagfelt/medisinsk relatert fagområde, og at du kan uttrykke deg skriftleg. Studentar og veiledarar står fritt til å foreslå oppgåver.
-
Er du interessert i forsking, kan du søkje forskarlinja etter det første studieåret. Forskarlinjestudentar følger ordinært studieløp, men studietida blir forlenga med eitt år som blir brukt til forsking. Etter studiet kan forskingsoppgåva brukast som utgangspunkt for ein doktorgrad.
-
Utveksling og praksisopphald i utlandet
Kva lærer du?
Ein student som har bestått medisinstudiet
- kan gjennomføre ein medisinsk konsultasjon og kommunisere med pasientar og pårørande på ein profesjonell og empatisk måte
- kan identifisere problemstillingar, gjennomføre diagnostikk, iverksetting av behandling og/eller førebyggjande tiltak, samt oppfølging ved ulike sjukdomsgrupper og tilstandar i samarbeid med pasienten og ulike helseprofesjonar
- kan utøve leiing i akuttmedisinske situasjonar der det er naudsynt å ta avgjerder, kommunisere og samarbeide med andre profesjonar
Utveksling
Har du lyst til å reise til Australia? Eller lære meir om helsevesenet i land som Uganda, India eller Thailand? Vil du studere ved velrenommerte universitet i Skandinavia, som Karolinska Institutet i Stockholm? Eller kanskje du kunne tenke deg å bu i en storby som Berlin eit halvår?
På medisinstudiet har du mange moglegheiter til å reise ut, enten på korte opphald, over eit heilt semester, eller til og med eit heilt år. Vi har mange gode utvekslingsavtalar, som gjer at du ikkje blir forsinka i studia sjølv om du reiser på utveksling.
Les meir om utveksling på medisinstudiet
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD
- Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2)
- Fysikk 1
- Kjemi 1 og 2
Søknadsfristen er 15. april.