Hjem

Psykologi, profesjon, 6 år

For å bli autorisert psykolog, må du ha profesjonsstudiet i psykologi. Om du lurer på kvifor vi menneske er slik vi er og gjer slik vi gjer, er dette studiet for deg.
  • Lengde6 år
  • Ordinær64,2
  • Primær55,7
  • Plassar87
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng360
  • StartHaust

Kjære nye student!

Velkomen til studiestart på profesjonsstudiet i psykologi, eit studium ved Det psykologiske fakultet! 

Velkomstmøte (obligatorisk oppmøte): Måndag 10. august kl. 1200 i Universitetsaulaen. Det er obligatorisk oppmøte på velkomstmøtet. 

Fagleg orienteringsmøte: Måndag 17. august kl. 12.15-14.00 i auditorium 1, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1.

Meir informasjon: Her vil det kome meir informasjon om studiestart, fadderprogram og anna relevant, så snart den er klar.

Utstyr du må ha: Eigen PC.

Råd om førebuing til studiestart: uib.no/sjekkliste. Merk at du ikkje treng gjere alt før du møter opp den første dagen. Du vil få hjelp til semesterregistrering i studiestartveka

Timeplanar: Du skal finne lenker til alle timeplanane dine på heimesida til kvart av dei emna du skal ta første semester.

  • PROPSY100 Psykologien si historie (5 studiepoeng) (Erstattar EXFAC-PS frå og med haustsemesteret 2020.) 
  • PROPSY301A Profesjonsførebuande I - Psykopatologi, psykologisk behandling og fagetikk (10 studiepoeng)
  • PSYK112 Sosial- og personlegdomspsykologi (10 studiepoeng)
  • PSYK113 Innføring i metode (5 studiepoeng)

Innpassing av studieemne: Etter at du har fått opptak, kan du søke om at tidlegare intern eller ekstern utdanning skal inngå i graden din ved Universitetet i Bergen. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her

Krav til politiattest: Alle studentar på profesjonsstudiet i psykologi må levere politiattest ved studiestart. Politiattest søkjer du om på politi.no med opptaksbrevet frå Samordna opptak vedlagt. Hugs at saksbehandlingstida kan vere opp mot 14 dagar. Politiattesten leverer du inn i vårt digitale skjema innan 1. september.  

Digitale skjema (Nynorsk): https://digiforms.uib.no/politiattest/nn

Digitale skjema (Bokmål): https://digiforms.uib.no/politiattest/nb

Treng du tilrettelegging av ditt studieløp eller er i riskogruppen for COVID-19? Ta kontakt med oss allereie no dersom du har behov for tilrettelegging eller er i risikogruppen for COVID-19. Då kan vi finne best mogelege løysingar for deg dersom du får tilbud om studieplass. Søk om tilrettelegging her

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen ved Universitetet i Bergen

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 27 10 eller studieveileder.psyfa@uib.no

VIDEO: Universitetet i Bergen - På rett plass med de rette menneskene 

 

Varsel om endringar: Hausten 2020 vil det kome nokre endringar i studieplanen. Dette gjeld første studieåret og organiseringa av intern praksis på slutten av studiet.

Som psykolog kan du bidra til å hjelpe og løfte menneske i ein vanskeleg livssituasjon. Du er med på å fremje psykisk helse i samfunnet, og du kan spele ei viktig rolle for andre menneske.  

Det er i dag stort behov for fleire psykologar. Stadig fleire unge menneske slit med si psykiske helse, noko som også medfører store økonomiske konsekvenser for det norske samfunnet. Også i næringslivet er det eit aukande behov for psykologar, som ein konsekvens av at fleire opplever psykiske utfordringar.  

Profesjonsutdanninga varer i seks år, og du vil lære å forstå, førebygge og behandle psykologiske problem og dysfunksjonell åtferd. Men fokuset omfemner mykje meir enn berre sjukdom: 

  • Du lærer om korleis menneska sitt kjensleliv oppstår og fungerer, kva det eigentleg vil seie å vere bevisst og sjølvbevisst, og kva tankar eigentleg er. 
  • Du lærer om personlegdom, kva personlegdom eigentleg er, korleis erfaringar og hendingar i barndommen kan påverke deg seinare i livet, og om korleis vi menneske påverkar kvarandre i sanntid.  
  • Du lærer om korleis vanar og ubevisste val kan påverke deg, kvifor det kan vere så vanskeleg å endre seg, sjølv om vi vil, og kvifor du likar nokon og mislikar andre.  

Alle desse temaa undersøkjer vi med variert forskingsmetodikk. Du vil få innblikk i korleis vi forstår og gjennomfører forsking. Du får lære mykje om psykiske sjukdommar, korleis dei vert sette i kontekst til kvar enkelt sin situasjon (alder, sosialt nettverk, personlegdom), og korleis dei kan behandlast med psykologiske metodar. Du får òg møte menneske som har psykiske plager, og hjelpe desse til å få det betre, i samarbeid med ein erfaren psykolog.  

Psykologifaget vil passe for deg som interessert i menneske og som synest det er spennande å utforske problem som ikkje alltid har opplagde eller enkle løysingar. Du får bruke eit breitt spekter av dine eigne personlege eigenskaper i arbeidet som psykolog. Du får bryne deg på ei rekke interessante problem og møte mange ulike mennesketypar. 

Jobb

Cand.psychol.-graden gir grunnlag for autorisasjon som psykolog. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og det private, og arbeidsmarknaden er derfor god for nyutdanna psykologar. 

Dei vanlegaste arbeidsområda for psykologar er: 

  • helsevesenet 
  • forsking og undervisning 
  • skolevesenet 
  • organisasjonar 
  • sosialsektoren
  • privat praksis og private verksemder, for eksempel som konsulent 

Du kan gå vidare etter cand.psychol.-graden: 

Du kan blant anna søke opptak til ph.d.-programmet. Doktorgraden (Philosophiae doctor, ph.d.) kvalifiserer for faste stillingar innan forsking og høgare utdanning. Du kan også ta spesialistutdanning for psykologar, for eksempel innan arbeidspsykologi, familiepsykologi eller nevropsykologi.

Meir informasjon under

Oppbygging

Profesjonsstudiet i psykologi er eit integrert 6-årig masterprogram (12 semester).  

Første studieår 

  • Du får ei brei innføring i psykologifaget.

Andre studieår 

  • Du lærer om korleis mennesket utviklar seg gjennom heile livet, biologisk, kognitivt, sosialt og personleg. Dette året lærer du òg meir om dei ulike metodane vi har for å kunne forske innan psykologien, samtidig som du lærer meir om kognitive og emosjonelle prosessar og hjernens funksjon.

Tredje studieår 

  • Du møter dine første pasientar og skal anvende kunnskapen din i praksis. Du lærer om korleis fordommar oppstår og korleis grupper påverkar den enkelte.

Fjerde studieår 

  • Du lærer meir om korleis du kan behandle ulike psykiske lidingar hos barn, ungdom, vaksne og eldre. Du lærer også om korleis fordommar oppstår og om korleis grupper påverkar den enkelte. 

Femte studieår 

  • Dette året lærer du om kva samfunnsmessige faktorar har å seie for psykisk helse og livskvalitet, og korleis ein kan førebyggje sjukdom og fremje helse gjennom lokalsamfunnsbaserte tiltak og tiltak på systemnivå.

Sjette studieår 

  • Dette året får du erfaringar som praktiserande psykolog under systematisk rettleiing og blir førebudd på oppgåver du vil få som yrkesaktiv psykolog. Dette året skal du også skrive hovudoppgåve med eit relevant tema som du sjølv skal velje.

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen

Profesjonsstudiet går over seks år og har mykje obligatorisk undervisning. Derfor er det også ei sterk kullkjensle, og du blir godt kjend med medstudentane dine. Som student hos oss har du også gode moglegheiter for å engasjere deg i studentforeiningar og ta del i mange sosiale studentaktivitetar og tilbod. Du får tett oppfølging av dyktige og engasjerte førelesarar, og blir godt kjend med dei ulike fagområda. 

Studiet er bygd opp av: 

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • laboratoriumsøvingar og praktiske øvingar 
  • ekskursjon  
  • individuelle oppgåver 
  • munnlege presentasjonar 

I ei typisk veke har du ca. 30 timar undervisning. I tillegg må du rekne med tid på lesesalen med pensumlitteraturen. Praksis er også ein viktig del av studiet. Periodane med praksis er fordelt slik:  

  • 3. semester: PROPSY302 Barnehagepraksis: 1 veke 
  • 5. semester: PROPSY306 Klinisk nevropsykologi: 2 veker 
  • 6. semester: PROPSY307 PPT-praksis: 4 veker 
  • 8.-10. semester: PROPSY314 Intern-klinisk praksis: 6-8 timar i veka i 54 veker
  • 11. semester: PROPSY316 Ekstern fordjupingspraksis: 5 dagar i veka i 19 veker 

Alle emna på profesjonsstudiet er obligatoriske, også praksisemna. Mykje av undervisninga er obligatorisk, og krava til frammøte er strengare enn ved mange andre studium. Det er fordi du ikkje kan tileigne deg ein psykologisk tenkemåte berre ved å lese pensum. Undervisninga er difor slik at den integrerer teori, metode og praktisk erfaring.  

Som del av studiet skal du skrive ei hovudoppgåve som omhandler psykologiske problemstillingar i brei forstand under rettleiing av ein erfaren psykolog. Som psykologistudent vil du for det meste vere i Bjørn Christiansens Hus, Det psykologiske fakultet i Christies gate 12 i Bergen sentrum. Du vil også bruke auditorium og seminarrom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet like ved. 

Kva lærer du?

  1. Eit breitt spekter av ferdigheiter innan psykologisk utgreiing og behandling.
  2. Planlegging og utvikling av behandling og tiltaksprogram på eit vitskapleg grunnlag.
  3. Planlegging, leiing og gjennomføring av førebyggande arbeid samt utviklings- og endringsarbeid hos individ, grupper, organisasjonar og miljø

Utveksling

På grunn av koronasituasjonen er det visse innskrenkingar, men som profesjonsstudent i psykologi kan du vanlegvis ha fleire utvekslingsopphald i utlandet, også utanfor Europa. Du beheld plassen på kullet ditt, og følgjer normal progresjon i studiet sjølv om du reiser på utveksling. 

  • Dersom du har val-semesteret i ditt 5. semester, kan du reise på utveksling og velje valfrie kurs ved universitetet du utvekslar til.
  • Du kan òg reise ut i ditt 7. semester. Då må du passe på at du får ta emne i utlandet som kan erstatte dei obligatoriske emna dette semesteret.
  • I tillegg kan du ta din eksterne fordjupingspraksis i det 11. semesteret ved tre utvalde klinikkar i Cape Town og ved The Berkeley Clinical Science Practicum Experience Program ved UC Berkeley.

Som profesjonsstudent kan du utveksle gjennom Det psykologiske fakultetet sine avtalar i tillegg til UiB sine sentrale avtalar. Du kan for eksempel reise på utveksling til Australia, New Zealand, Sør-Afrika, USA, Canada, Norden, og til mange andre land i Europa.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søker du?

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her