Hjem

Spesialistutdanning i odontologi

Pasientar har av og til større og meir kompliserte behandlingsbehov enn det allmenntannlegen kan og bør tilby. For at desse skal få den nødvendige og beste behandlinga, må pasientane ha tilgang til spesialkompetanse der dei bur.
  • Lengde3 år
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng180
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Med spesialistutdanning i odontologi får du styrka og utvida din teoretiske og kliniske kompetanse i eit utvald fagområde. Du kan spesialisere deg i endodontikjeve og ansiktsradiologikjeveortopedioral kirurgi og oral medisinpedodontiperiodonti og protetikk

Utdanninga gjer deg i stand til å utføre komplisert behandling for pasientar, forankra i vitskapleg og tverrfagleg forståing. 

På dette studiet søker vi kontinuerleg etter den beste behandlinga basert på biologiske faktorar, tilgjengeleg teknologi og vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar. 

Spesialistutdanninga: 

  • Er fagleg stimulerande  
  • Har høg klinisk relevans  
  • Er utgangspunkt for ytterlegare fagleg fordjuping ved eventuelle framtidige forskingsprosjekt
  • Knyter deg til fagmiljøet ved Institutt for klinisk odontologi og kan vere utgangspunkt for tilsetting i undervisninga etter fullført studium 

Samfunnet har behov for å tilby og vidareutvikle den beste, forskingsbaserte behandlinga til pasientane. Dette gjeld spesielt i dei tilfella der allmenntannlegen sin kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe pasienten. Studiet er del av ei nasjonal satsing på kompetanseheving i odontologiske fag. 

Karriere 

Spesialistutdanninga leier til offentleg spesialistgodkjenning som tannlege i ditt fagområde. Det er behov for spesialistar i odontologi i både privat og offentleg sektor. 

Det er behov for spesialistar i alle dei sju fagområda som vi tilbyr. Spesielt i distrikta er det stor mangel på spesialkompetanse. Fylkestannlegane tilbyr gjerne lønsordningar i studietida med bindingsavtaler der behovet er spesielt prekært. 

Andre aktuelle karrierevegar er: 

  • Stipendiatstilling og forskarutdanning til ph.d.-graden  
  • Overtannlegestilling ved IKO  
  • Klinisk rettleiarstilling knytt til spesialistutdanninga ved IKO  
  • Konsulentverksemd i fagforeininga eller i den private legemiddelindustrien  
  • Kurshaldar for ulike aktørar innan fagområdet 

Oppbygging 

Spesialistutdanninga i odontologi er eit treårig fulltidsstudium på 180 studiepoeng med oppstart i august og januar. 

Studiekvardagen 

På spesialistutdanninga får du implementere og fordjupe deg i avanserte kliniske teknikkar i eit tverrfagleg og stimulerande miljø. Du får tett oppfølging av både vitskaplege og kliniske rettleiarar, og du kan bli medlem i ei forskargruppe.  

Tidlegare studentar har sett pris på den store nytteverdien og det tverrfaglege miljøet med gode samarbeidspartnerar. 

Studiet er lagt opp av klinisk pasientbehandling, forelesingar, seminargrupper, laboratorium, praktiske øvingar og sjølvstudium. Det aller meste er obligatorisk, og du må rekne med fulle dagar, om lag 35 timar i veka. Litteraturen og undervisninga er på skandinaviske språk og engelsk. 

Praksis 

Det aller meste av klinisk trening og praksis blir utført ved Spesialistklinikken ved IKO, klinikk for oral kirurgi og oral medisin, klinikk for kjeveortopedi, klinikk for kjeve- og ansiktsradiologi og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Hordaland. Noko av det kliniske arbeidet kan du utføre ved andre institusjonar, som Haukeland universitetssjukehus (HUS) og regionale odontologiske kompetansesenter (ROK) som er godkjente av instituttet. 

Spesialistoppgåve 

Du skal skrive ei spesialistoppgåve basert på eiga forsking eller litteraturstudium som du arbeider med parallelt gjennom heile studiet. Totalt er den anslått til å ta eitt semester å skrive. Du får ein vitskapleg rettleiar ved studiestart, og saman avklarar de tema for oppgåva. Du kan òg skrive oppgåva i samarbeid med andre institutt eller ROK.  

Sjå oversikt over alle emne

Læringsutbyte 

Med spesialistutdanning får du: 

  • fagleg utvikling og forsking  
  • fungere som konsulent- og rådgivar  
  • vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosessar og klinisk arbeid 

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet. 

Opptak 

Opptakskrava til studiet er: 

  • Bestått odontologisk grunnutdanning 
  • Oppfyller språkkrava i norsk/skandinavisk og engelsk 
  • Norsk autorisasjon som tannlege 
  • Minimum to års erfaring på fulltid frå allmennpraksis i nordisk land på tidspunktet du søker. I heilt spesielle høve kan vi gi dispensasjon frå dette kravet. 

    Les korleis vi vil rangere søkarane. 

Frist for å søke om opptak til spesialistprogrammet samt dokumentasjonsfrist er 10. september hvert år. Du vil få svar på søknaden din i februar/mars året etter.