Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust

Mål og innhald

Vêr, hav og klimafysikk er utdanninga for deg som vil bruke matematikk og fysikk til å beskrive vêr, havstraumar og klimaendringar. Gjennom moderne naturvitskap tileignar du deg ettertrakta kompetanse i dagens arbeidsmarknad, frå konsulentselskap, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Slik kan du bidra til å løyse utfordringar som dei knytt til klimaendringar, ekstremvêr, klimagassar, havforsuring, og global oppvarming.

Studiet kombinerer meteorologi og oseanografi, vitskapane om atmosfæren og om havet. Du vil lære å kode for utforsking av fysiske, kjemiske og statistiske samanhenger, og du får høve til å delta i feltarbeid der du samlar inn måledata, f.eks. med forskingsfartøy eller bruk av dronar. Koding og arbeid med observasjonar er knytt til fagområde som stråling, termodynamikk, mikrofysikk, væskedynamikk, kretsløp i hav og atmosfære, og samspelet mellom desse. Dette er grunnlaget for mellom anna forbetra vêrvarsel, havovervaking, og å føreseie klima i framtida, inkludert effekten av klimatiltak.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har oversikt over klimasystemet og korleis dei ulike komponentane påverkar kvarandre
  • kan skildre korleis jorda sin rotasjon påverkar storskala vind- og straumsystem i hav og atmosfære
  • kan skildre dei grunnleggjande prinsioo innan termodynamikk, stråling, mikrofysikk og dynamikk
  • har oversikt over dei vanlegaste måleinstrumenta for hav og atmosfære og kan diskutera relevante feilkjelder
  • kan skildre prosessar på ulike tidsskalaer frå meteorologiske hendingar til klimavariasjon

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytte matematiske fysiske og kjemiske prinsipp til å gjere berekningar av prosessar som styrer vêr, hav og klima
  • kan utføre grunnleggjande meteorologiske og oseanografiske observasjonar i felt og laboratoriet
  • kan nytte koding og programmeringsverktøy til statistisk og numerisk analyse av observasjonar og modelldata
  • kan nytte koding og programmeringsverktøy til statistisk og numerisk analyse av observasjonar og modelldata
  • kan nytte vitskaplege metodar til å analysere, tolke og presentere faglege problemstillingar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagområdet
  • nytte presist fagspråk i munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • kan planlegge og gjennomføre prosjekt sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • kan innhente informasjon frå faglitteratur og andre kjelder og vurdere desse kritisk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALR2). Meir informasjon finn du her: http://www.uib.no/matnat/55436/realfagskrav-ved-mn-fakultetet

Tilrådde forkunnskapar

Vil tilrår at du har forkunnskapar tilsvarande Fysikk 1+2

Innføringsemne

Examen philosophicum (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS), Matematikk (MAT111) og GEOF100

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Examen philosophicum, MAT111, INF100

Krav til bachelorgraden i vêr, hav og klimafysikk er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng som består av følgjande emne:
MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210, og 10 studiepoeng blant emna: MAT112, MAT121. MAT131, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210 og 10 studiepoeng blandt emna:

GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236 for kvalifisering til master.

Spesialisering

Krav til bachelorgraden i vêr, hav og klimafysikk er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng som består av følgjande emne:

MAT112, MAT121, MAT131, PHYS111, GEOF105, GEOF110, GEOF210 og 10 studiepoeng blandt emna:

MAT212, KJEM110 og 10 studiepoeng blandt emna:

GEOF211, GEOF212, GEOF232 eller GEOF236 for kvalifisering til master.

Tilrådd studieplan med oppstart hausten 2024:

1. semester: MAT111, GEOF100, INF100

2. semester: MAT112,MAT121, PHYS111

3. semester: GEOF105, MAT212/KJEM110, valemne

4. semester: MAT131, GEOF110, EXPHIL-MNEKS/EXPHIL-MNSEM

5. semester: GEOF210, GEOF212/valemne, GEOF236/valemne

6. semester: GEOF232/valemne, GEOF211/valemne, valemne

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:
GEOF100, GEOF211, GEOF212, GEOF232, GEOF236, MAT160, MAT212, MAT213, MAT236, MAT252, MAT253, MAT261, MAT260, INF102, INF264, KJEM110, PHYS113, PHYS264, STAT110, STAT200, SDG213, GEOV298, VIT212


Valemne bør velgast i høve til planlagt masterstudium.
Nokre masterprogram har spesielle faglege opptaksrkav. Inntil 10 studiepoeng på 300- nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden. Studentane står fritt til å gjere andre val av emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna finn du under overskrifta "spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) eller på lærestader i utlandet, primært i femte og/eller sjette semester.

På Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk har vi i tillegg utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt. Dette gjeld også for opphald på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Utanlandsopphaldet/opphald på UNIS blir integrert i graden.

Studentar som vel å ta undervisning utanfor instituttet må søkje instituttet ved programstyret om godkjenning for studieopplegg ved undervisningsstad. Sjå http://www.uib.no/utdanning/48724/reise-p%c3%a5-utveksling for meir informasjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar, øvingar, laboratoriearbeid, tokt og feltarbeid. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i form av rapportar, skriftleg eksamen, munnleg eksamen og presentasjonar. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstarkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i meteorologi og oseanografi og andre relevante masterprogram.

Relevans for arbeidsliv

Med bachelorgrad i vêr, hav og klimafysikk er du ettertrakta i det kunnskaps- og innovasjonsbaserte arbeidslivet. Du kan gjere karriere i alt frå konsulentselskap, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Det vanlege er då fyst å ha byggja på med eit av våre tilknytta masterprogram. Kandidatar med solide kunnskapar i matematikk, fysikk og koding er mangelvare i arbeidsmarknaden. I våre studieprogram vert dette kombinert med ekspertise på dei naturgitte forhalda som omgjev oss - vêr, hav og klima, og som er grunnlaget for forvaltinga av ressursar, næring og tilhøyrande teknologibruk. Din utdanning er dermed avgjerande for framtidig verdiskaping og berekraft i samfunnet.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@gfi.uib.no