Hjem
Utdanning

Studieplan for BAMN-KJEM Kjemi, bachelor, 3 år, vår 2022

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i kjem i har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Bachelorprogrammet i kjemi har som mål å gje ei grundig teoretisk og praktisk innføring i dei ulike retningane innan kjemifaget, både i forhold til den tradisjonelle kjemifaga og i forhold til moderne, tverrfaglig bruk av kjemikunnskap.

Innhald:

Studiet tar for seg grunnleggjande teoriar og metodar innan organisk, uorganisk, fysikalsk og teoretisk kjemi. Den praktiske dimensjonen i kjemifaget blir dekka i laboratoriekurs som gir grundig opplæring i syntese, analyse og fysikalske målingar. Støttefag innan matematikk, fysikk og molekylærbiologi gir breidda som trengs for å vurdere kjemiske perspektiv i større problemstillingar, og kommunisere kjemi i ulike samanhengar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan gjere greie for grunnleggjande prinsipp, omgrep og teoriar innan kjemi
  • kan greie ut om grunnstoffa sine karakteristiske eigenskapar og bindingstypar ut frå deira oppbygging og plassering i det periodiske system
  • kan gjere greie for teoriar om tilstanden til stoffa, og oppbygginga til atom og molekyl ut frå ei kvantemekanisk forståing
  • kan bruke kjemisk terminologi og skildre grunnleggjande reaksjonstypar, stoffklassar og eigenskapane deira
  • kan gjere greie for kjemiske likevekter, enkle reaksjonsmekanismar og vanlege strukturtypar i organisk og uorganisk kjemi
  • kan nytte denne kunnskapen til å løyse kjente kvantitative og kvalitative problemstillingar innan kjemi
  • har ei god generell forståing og basiskunnskapar innan fysikk, molekylærbiologi, matematikk og informatikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan handtere kjemiske stoff på ein trygg måte basert på deira eigenskapar og moglege risikofaktorar i bruk, og kunne utføre ei risikovurdering for bruk av gitte kjemiske stoff.
  • kan utføre syntesar av organiske og uorganiske stoff.
  • kan bruke vanlege analytiske teknikkar til å identifisere og kvantifisere organiske og uorganiske stoff
  • kan undersøke og dokumentere kjemiske eigenskapar til eit gitt system på ein systematisk og reproduserbar måte, og tolke resultata i forhold til relevante teoriar
  • kan tolke, evaluere og samanlikne kjemisk informasjon og data
  • kan nytte programmering til å løyse problemstillingar i kjemi
  • kan presentere resultat frå undersøkingar munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

  • kan planleggje og utføre praktisk laboratoriearbeid og bruke vitskapleg instrumentering
  • kan gjennomføre og dokumentere eksperiment i samsvar med vitskaplege standardar, og dessutan tolke resultata frå desse
  • er bevisst på kvalitet på eigne og andre sine arbeid og kan bruke vanlge verktøy for kvalitetssikring
  • har høg medvit om problemstillingar knytt til helse, miljø og sikkerheit (HMS) og kan bruke gode rutinar for sikkert arbeid
  • kan innhente påliteleg informasjon og bruke dette til å fornye og vidareutvikle kompetansen sin
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, både med ekspertise innan fagfeltet og med andre 
  • kan bruke dei faglege kunnskapane sine for å løyse problemstillingar både åleine og i samarbeid med andre
  • kan kjenne igjen og drøfte etiske problemstillingar i fagområdet sitt og har respekt for vitskaplege verdiar som openheit og pålitelegheit

Opptakskrav

Generell studiekompetanse . I tillegg må du oppfylle krav om realfag REALFA. Matematikk R1 (eller Matematikk S1+S2). I tillegg eit av følgjande krav: Matematikk R2, eller fysikk 1 og 2, eller Kjemi 1 og 2, eller Biologi 1 og 2 eller Informasjonsteknologi 1 og 2, eller geofag 1 og 2, eller Teknologi og forskningslære 1 og 2.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar som tilsvarar Kjemi 1+2 og Matematikk R1.

Innføringsemne

EXPHIL og MAT101/MAT105 eller MAT111

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i kjemi er på til saman 90 studiepoeng som består av følgjande emne:

KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM131, KJEM123/KJEM140, KJEM210, KJEM250, KJEM291, KJEM299.

Tilrådd studieplan studievei 1 for studentar som har Kjemi 2 (3 KJ) frå vidaregåande skule:

1. semester: MOL100, MAT101/MAT105/MAT111, KJEM110

2 semester: KJEM130, INF100, MAT102

3. semester: KJEM120, KJEM131, PHYS101

4. semester: EXPHIL, KJEM123/KJEM140, KJEM210

5. semester: 3 valemne

6. semester KJEM299, KJEM291, KJEM250

Tilrådd studieplan studievei 2 for studentar som ikkje har Kjemi 2 (3 KJ) frå vidaregåande skule:

1. semester: INF100, MAT101/MAT105/MAT111, KJEM100

2 semester: KJEM130, KJEM110, MAT102

3. semester: KJEM120, KJEM131, PHYS101

4. semester: EXPHIL, KJEM123/KJEM140, KJEM210

5. semester: 2 valemne, MOL100

6. semester KJEM299, KJEM291, KJEM250

Tilrådd studieplan frå og med hausten 2021

1. semester: MOL100, MAT101, KJEM110

2 semester: KJEM130, INF100, MAT102

3. semester: KJEM120, Kjemilab1 (KJEM131), PHYS101

4. semester: KJEM123 eller KJEM140, KJEM210, EXPHIL/KJEM250

5. semester: 3 valemne

6. semester KJEM299, KJEM291, KJEM250/EXPHIL

Tilrådde valemne

Val av frie valemne (totalt 30 studiepoeng): I det første semesteret blir studentar med mangelfull kjemibakgrunn frå vidaregåande skule anbefalt å velje KJEM100. Dette emnet kan inngå som fritt valemne i bachelorgrad i kjemi. Studentar med Kjemi 2 eller god bakgrunn frå Kjemi 1 blir anbefalt å starte direkte på emnet KJEM110 som inngår som obligatorisk emne i bachelorgraden. Valemna bør elles veljast i forhold til planlagt masterstudium. For studentar som vurderer å fortsetje på masterprogram i kjemi, er det nyttig å bruke valemna til å oppnå ein fagprofil i tråd med ynskjet for masteroppgåve. Nokre få av dei obligatoriske emna på mastergrad vert undervist berre kvart andre år. For dei som ønskjer å gå vidare på mastergrad, kan det i nokre tilfelle vere naudsynt å leggje nokre av desse som valemne heilt på slutten av bachelorprogrammet. Tabell over anbefalte emner på bachelorgrad i høve til dei ulike spesialiseringane på mastergrad kan finnast her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna er å finne under overskrifta "Spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, men i nokre tilfelle også som vurdering av laboratoriejournalar. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) op engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Med kjemiutdanning vil ein mellom anna kunne arbeide innan følgjande bransjar:
Kjemisk industri, petroleumsindustri, matvareindustri, helsesektor, forsking, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting.

Følg linken for døme på kva for arbeid ein kan få med ei utdanning innan kjemi:
http://www.uib.no/kj/utdanning/masterstudent-ved-kjemisk-institutt/kva-kan-du-bli

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsdatabasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no

Tlf: 55 58 34 45