Hjem
Utdanning

Studieplan for BAPS-AOP Arbeids- og organisasjonspsykologi, bachelor, 3 år, haust 2020

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Undervisningsspråk

Undervisinga vil hovudsakleg vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisningsspråk. Valfrie emne kan ha engelsk som undervisingsspråk.

Studiestart - semester

Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).

Mål og innhald

Et bachelorstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi vil gi studenten inngåande innsikt i menneskelig samhandling og kommunikasjon i arbeidslivet og betydinga av gode og dårlige arbeidsmiljø for medarbeidars velvære og effektivitet og produktivitet i verksemda.

Fagleg innhald:

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne, 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i arbeids - og organisasjonspsykologi.

Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.

Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, rekruttering, turnover, jobbusikkerheit, arbeidsevne, mangfald, psykologiske kontraktar, karriereutvikling, sjukefråvere og helse i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten... 

  • har kunnskap om og forståing for sentrale omgrep, teoriar og modellar innan fagområdet arbeids- og organisasjonspsykologi.
  • kan forstå korleis fenomen på individ-, dyade-, gruppe- og organisasjon kan studerast og forklarast på fleire måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.
  • kan beskrive faget sin historiske utvikling.
  • kan halde seg oppdatert på fagområda arbeidspsykologi , organisasjonspsykologi, personalpsykologi og leiingspsykologi.
  • har kunnskap om forskingsmetodar innan arbeids- og organisasjonspsykologi

Ferdigheiter

Kandidaten... 

  • Kan vurdere ulike forskingsmetodar for innsamling og analyse av eit datamateriale.
  • Kan anvende individuelle -, gruppebaserte- og organisasjonsperspektiv i analyse og beskriving av relevante fenomen.
  • Kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i og vurdere relevant faglitteratur.
  • Kan demonstrere god skriftleg og munnleg formidlingsevne i tråd med fagfeltet.
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa akademisk arbeid i tråd med faglege, metodiske og etiske retningsliner.

Generell kompetanse

Kandidaten... 

  • Kan vise ei kritisk tilnærming til gjeldande kunnskap og praksis innanfor fagfeltet arbeids- og organisasjonspsykologi.
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre i grupper, organisere og planlegge arbeid innanfor gitte fristar, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • Kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg til ulike målgrupper.
  • Har innsikt i relevante fagetiske problemstillingar.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar

Innføringsemne

Innføringsemna er på til saman 30 studiepoeng og er satt saman av innføring i psykologi og psykologiens historie, exphil, samt eit emne i forskingsmetodar.

Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): skal gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Du vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin. Emnet gir også ei innføring i fagspesifikk vitskapsteori.
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp): gir ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode
  • Ex. Phil. (10 sp): gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensum lesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem. NB: dette tas normalt i fjerde semester jf. anbefalt studieløp. Parallelt med PSYK210.

Innføringsemna er obligatoriske deler av graden, men kan etter søknad erstattast av andre godkjende innføringsemnekombinasjonar. Innføringsemnet Examen philosophicum tas etter anbefalt studieløp i fjerde semester.

Obligatoriske emne

Innføringsemne tilsvarande 30 studiepoeng som er følgjande emne:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): skal gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Du vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin. Emnet gir også ei innføring i fagspesifikk vitskapsteori.
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp): gir ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode
  • Ex.phil. (10 sp): gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem. NB: dette tas normalt i fjerde semester jf. anbefalt studieløp.

Spesialiseringa i arbeids- og organisasjonspsykologi er på 120 studiepoeng og er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

  • PSYK112 Sosial - og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet skal gje studentane innføring i sentrale teoriar og forsking innan sosial- og personlegdomspsykologi
  • PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
  • PSYK110: Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 sp). Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiinga og utviklinga av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling. Arbeidspsykologi tek for seg den yrkesaktive si oppleving av arbeidsmiljø og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Tema som vert drøfta, er mellom anna psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle skilnader, sosial stønad, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet.
  • PSYK200: Leiingspsykologi (15 sp) gir ei opplæring i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Mellom anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing, og situasjonsfaktorar sin innverknad på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri syner ein kva innverknad leiing har på organisasjonar sin produktivitet og dei tilsette sin trivsel.
  • PSYK201: Bacheloroppgåva i arbeids- og organisasjonspsykologi (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve bygd på fagleg fordjuping og empirisk arbeid.
  • PSYK202: Metode (15 sp). Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapelig forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking.
  • PSYK210 Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi (5 sp): Nye trendar i arbeids- og organisasjonspsykologi vil på en kritisk og metodisk måte fokusere på ny utvikling og forsking i fagfeltet.

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden (sjå under).

Alle desse emna som inngår i spesialiseringa er obligatoriske for graden.

Spesialisering

Spesialiseringa i arbeids- og organisasjonspsykologi er på 120 studiepoeng og er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

  • PSYK112 Sosial- og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet skal gje studentane innføring i sentrale teoriar og forsking innan sosial- og personlegdomspsykologi
  • PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
  • PSYK106: Personalpsykologi (15 sp) fokuserer på individet i organisasjonen, både individet sine føresetnader for å gå inn i rolla som arbeidstakar, og organisasjonar sine føresetnader for handtering og utvikling av den einskilde. Temaet karriereutvikling i og på tvers av organisasjonar vert presentert.
  • PSYK110: Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 sp). Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiinga og utviklinga av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling. Arbeidspsykologi fokuserer på den yrkesaktive si oppleving av arbeidsmiljø og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Tema som vert drøfta, er mellom anna psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle skilnader, sosial stønad, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet.
  • PSYK200: Leiingspsykologi (15 sp) gir ei opplæring i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Mellom anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing, og situasjonsfaktorar sin innverknad på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri syner ein kva innverknad leiing har på organisasjonar sin produktivitet og dei tilsette sin trivsel.
  • PSYK201: Bacheloroppgåva i arbeids- og organisasjonspsykologi (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve bygd på fagleg fordjuping og empirisk arbeid.
  • PSYK202: Metode (15 sp). Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapelig forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking.
  • PSYK210 Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi (5 sp): Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi vil på en kritisk og metodisk måte fokusere på ny utvikling og forsking i fagfeltet.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innan psykologi, samfunnsvitskap, rettsvitskap, informasjonsvitskap, økonomi og humaniora.

Rekkefølgje for emne i studiet

For å kunne ta emna PSYK200 Leiingspsykologi og PSYK201 Bacheloroppgåve må emna PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114, PSYK106, PSYK110 og PSYK202 (tidlegare PSYK202B) vere greidd. For å kunne ta emne PSYK210 må emna PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114, PSYK106 og PSYK110 vere greidd.

Delstudium i utlandet

Det vil bli gitt råd om studiar i utlandet, først og fremst undervisningsinstitusjonar fakultetet allereie har etablert kontakt med. I tillegg ligg det føre tilbod innan NORDPLUS, ERASMUS og SOKRATES programma for studentutveksling.

Undervisningsmetodar

Oversiktsførelesingar, oppgåveløysing og diskusjonar. Bacheloroppgåva inneber sjølvstendig arbeid under rettleiing, innlevering av arbeid undervegs, arbeid i grupper med medstudentar og IT-støtta sjølvstudium av relevant metode.

Vurderingsformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer. Eksamensformene vil vere skriftlege (skule- og heimeeksamen) samt munnlege høyringar og presentasjonar.

Karakterskala

Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i psykologi, studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre masterprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/høgskular.

Relevans for arbeidsliv

Programmet gir kompetanse om det å skjøna og utvikle menneske, grupper og organisasjonar. Studiet tek sikte mot å formidle kunnskapar om verdiskaping, jobbtrivsel og helse på arbeidsarenaen, slik at kandidaten - i rolla som leiar, medarbeidar eller rådgjevar får ein adekvat kompetanse til å skjøna, ivareta og utvikle menneske i organisasjonar, innkludert det å førebyggje belastningar og løyse konfliktar.

Ulike målgrupper kan nytte studiet for ulike typar yrkes- og karrierevegar:

  • Studentar som ønskjer ei utdanning innan utvikling og leiing av menneske i organisasjonar.
  • Leiarar som ønskjer å utvikle personalrelaterte kunnskapar og dugleikar.
  • Personalansvarlege, konsulentar og personell med ansvar for opplæring i helse-, miljø- og tryggleik (HMS) - og som treng kompetanseutvikling og profesjonalisering.
  • Tillitsvalde som ønskjer fagleg vidareutvikling.
  • Organisasjonskonsulentar som ønskjer fordjuping innan organisasjon og arbeid.
  • Psykologar og cand. psychol. -studentar som ønskjer spesialisering innan organisasjon og arbeid.
  • Kandidatar som ønskjer å satse på forsking innanfor fagområdet.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne som inngår i programmet er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Undervisningsutvalet ved Institutt for samfunnspsykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Planforslag

1. semester:

  • Ex.phil. (10 sp)
  • EXFAC03P Ex.fac. (10 sp)
  • PSYK100: Innføring i psykologi (10 sp)

2. semester:

  • PSYK101 Generell psykologi 1 (15 sp)
  • PSYK102 Generell psykologi 2 (15 sp)

3. semester:

PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi (30 stp)

4. semester:

  • PSYK202B: Psykologiske forskingsmetodar B (15 sp)
  • PSYK106: Personalpsykologi (15 sp)

5. semester:

  • Valfrie modular (30 sp)
  • (evt. utlandsopphald/andre fakultet)

6.semester: