Hjem
Utdanning

Studieplan for BAPS-PED Pedagogikk, bachelor, 3 år, vår 2020

Namn på grad

Bachelor i pedagogikk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i pedagogikk har eit omfang på 180 studiepoeng og normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Utdanning, kunnskap, læring og undervisning er sentrale tema i bachelorprogrammet i pedagogikk. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeids- og samfunnslivet generelt. Studiet tar opp desse tema og drøfter dei filosofisk, teoretisk og i lys av samfunnsendringar.

Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap, forståing og handlingskompetanse knytt til pedagogiske utfordringar og praksisar. Det skal kvalifisere studentane til å organisere, gjennomføre og vurdere formidlings-, opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet pedagogikk.
  • har kunnskap om og forståing for fagområdet sin eigenart og historie.
  • ar kjennskap til relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar.
  • an halde seg oppdatert på fagområdet pedagogikk.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til læring og utdanning.
  • kan nytte fagstoff i planlegging, implementering, vidareutvikling og vurdering av opplærings- og utdanningstiltak.
  • kan søke, behandle og vurdere kunnskap og informasjon kritisk.

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan skrive ein resonnerande tekst og beherske fagområdet sine normer for dokumentasjon.
  • kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ei gruppe.
  • kan utføre prosjektbasert arbeid og planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekker seg over tid.
  • kan kommunisere om og formidle faglege tema både skriftleg og munnleg.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innføringsemne

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2016 eller seinare gjeld dette:

På bachelorprogrammet i pedagogikk er det innføringsemne på til saman 25 studiepoeng.

  • PED110 Innføring i pedagogikk (15 studiepoeng) i 1. semester
  • Examen Philosophicum (10 studiepoeng) i 4. semester

Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2015 eller tidlegare gjeld dette:

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., EXFAC03P og PED100 Innføring i pedagogikk. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

  • Ex.phil. (10 sp) gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkjemåte, særskild i høve til psykologiske grunnlagsproblem.
  • EXFAC03P: examen facultatum, psykologi (10 sp) tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin.
  • PED100: innføring i pedagogikk (10 sp) 

Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

Obligatoriske emne

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2016 eller seinare gjeld dette:

Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:

  • PED111: Pedagogisk filosofi (15 sp) synleggjer dei grunnleggjande filosofiske føresetnadene som pedagogisk praksis byggjer på, og retter merksemda mot korleis pedagogiske retningar drøftar spørsmål om utdanning, danning, kunnskap, læring og undervisning.
  • PED112: Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp) gir ei grunnleggjande innføring i læring og læringsteori sett i eit pedagogisk perspektiv. Du vil også få kunnskap om, innsyn i og praktisk erfaring med ulike former for skriftleg og munnleg formidling.
  • PSYK202: Metode (15 sp) gir eit grunnlag for å tileigne seg forskingsmessig kompetanse. Emnet gir ei generell innføring i grunnleggjande metodisk tenking og fokuserar på ulike tradisjonar innanfor psykologisk og utdanningsvitskapleg forsking, kvalitative og kvantitative metodar.
  • PED114: Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp) retter merksemda mot utdanningsinstitusjonar si oppgåve og funksjon i samfunnet frå ulike perspektiv: historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk. Emnet tek også opp korleis samfunnsendringar påverkar opplæringa, særleg i eit multikulturelt perspektiv.
  • PED211: Læring og pedagogiske prosessar (15 sp) gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekstar. Sentrale tema er samanhengen mellom ulike perspektiv på læring og den praktiske læreprosessen, forholdet mellom formell opplæring i etablerte institusjonar og uformell læring i daglegliv og arbeid, samt bruk av nye læringsmedier.
  • PED212: Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp). Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal du lære korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Du skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
  • Valfrie emne utgjer dei siste 65 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typer godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emner innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon- og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-kultur- og mediefag, filosofi.

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar. PSYK202 kan etter søknad erstattast med metodeemne frå bachelorprogram på SV-fakultetet.

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2015 eller tidlegare gjeld dette:

Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:

  • PED111: Pedagogisk filosofi (15 sp) synleggjer dei grunnleggjande filosofiske føresetnadene som pedagogisk praksis byggjer på, og retter merksemda mot korleis pedagogiske retningar drøftar spørsmål om utdanning, danning, kunnskap, læring og undervisning.
  • PED112: Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp) gir ei grunnleggjande innføring i læring og læringsteori sett i eit pedagogisk perspektiv. Du vil også få kunnskap om, innsyn i og praktisk erfaring med ulike former for skriftleg og munnleg formidling.
  • PSYK202A: Psykologiske forskingsmetodar A (15 sp) gir eit grunnlag for å tileigne seg forskingsmessig kompetanse. Emnet gir ei generell innføring i grunnleggjande metodisk tenking og fokuserar på ulike tradisjonar innanfor psykologisk og utdanningsvitskapleg forsking, kvalitative og kvantitative metodar. Dei som har PSYK102 frå før må ta PSYK202B.
  • PED114: Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp) retter merksemda mot utdanningsinstitusjonar si oppgåve og funksjon i samfunnet frå ulike perspektiv: historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk. Emnet tek også opp korleis samfunnsendringar påverkar opplæringa, særleg i eit multikulturelt perspektiv.
  • PED211: Læring og pedagogiske prosessar (15 sp) gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekstar. Sentrale tema er samanhengen mellom ulike perspektiv på læring og den praktiske læreprosessen, forholdet mellom formell opplæring i etablerte institusjonar og uformell læring i daglegliv og arbeid, samt bruk av nye læringsmedier.
  • PED212: Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp). Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal du lære korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Du skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
  • Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typer godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emner innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon- og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-kultur- og mediefag, filosofi.

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar. PSYK202A kan etter søknad erstattast med metodeemne frå bachelorprogram på SV-fakultetet.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 (eventuelt 65) studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd å velje emna PED115 (15 sp) i tredje semester og PED116 (5 sp) i fjerde semester. Studentar kan også velje emne innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-, kultur-, og mediefag og filosofi.

Rekkefølgje for emne i studiet

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2017 eller seinare gjeld dette:

  • 1. semester: PED110 Innføring i pedagogikk (15 sp) og PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
  • 2. semester: PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp) og PED113 Læring i og for arbeidslivet (15 sp)
  • 3. semester: PED200 Education in a changing society (15 sp) og valfritt emne (tilrådd PED115 Skulens læringsmiljø) (15 sp)
  • 4. semester: PSYK202 Metode (15 sp), EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS Examen philosophicum (10 sp) og valfritt emne (tilrådd PED116 Pedagogisk kompetanse) (5 sp)
  • 5. semester: 30 studiepoeng i valfrie emne
  • 6. semester: Eit valfritt emne (15 sp) og PED212 Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp)

 

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2016 eller seinare gjeld dette:

  • 1. semester: PED110 Innføring i pedagogikk (15 sp) og PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
  • 2. semester: PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp) og PED114 Education in a changing society (15 sp)
  • 3. semester: PED211 Læring og pedagogiske prosessar (15 sp) og valfritt emne (tilrådd PED115 Skulens læringsmiljø) (15 sp)
  • 4. semester: PSYK202 Metode (15 sp), EXPHIL Examen philosophicum (10 sp) og valfritt emne (tilrådd PED116 Pedagogisk kompetanse) (5 sp)
  • 5. semester: 30 studiepoeng i valfrie emne
  • 6. semester: Eit valfritt emne (15 sp) og PED212 Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp)

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2015 eller tidlegare gjeld dette:

1. semester:

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
  • EXFAC03P Examen facultatum, psykologi (10 sp)
  • PED100 Innføring i pedagogikk (10 sp)

2. semester:

  • PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
  • PSYK202A Psykologiske forskingsmetodar (15 sp)

3. semester:

  • PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp)
  • PED114 Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp)

4. semester:

  • Valfrie emne (30 sp)

5. semester:

  • Valfrie emne (30 sp)

6. semester:

  • PED211 Læring og pedagogiske prosesser (15 sp)
  • PED212 Bacheloroppgåve i pedagogikk (15 sp)

Delstudium i utlandet

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2016 eller seinare gjeld dette:

Det er mange alternativ for dei som ønskjer å ta deler av bachelorutdanninga i eit anna land. Det er lagt opp til at utveksling kan skje i 5. semester, som er det semesteret ein kan ta 30 studiepoeng i valfrie emne. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utafor Europa.

For studentar som vert tatt opp på bachelorprogrammet i pedagogikk i 2015 eller tidlegare gjeld dette:

Det er i dag mange alternativ for dei som ønskjer å ta deler av bachelorutdanninga i eit anna land. Det er lagt opp til at utveksling kan skje i 4. og/eller 5. semester, som er dei 2 semestera ein kan ta valfrie emne. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utafor Europa.

Undervisningsmetodar

Undervisninga på bachelorstudiet inneheld ei rekkje undervisingsformar, til dømes førelesingar, seminar, oppgåveskriving, rettleiing og litteraturstudium. Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med varierte arbeids- og vurderingsformer. Deler av skrive- og læringsaktiviteten vil skje i form av datastøtta samarbeidslæring. Det blir lagt opp til aktiv deltaking og kunnskapsdeling mellom studentar og lærarar.

Vurderingsformer

Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. I løpet av studiet blir desse vurderingsformene brukt: skuleeksamen, faglig essay, mappevurdering, heimeeksamen, bacheloroppgåve og munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast A-F eller Greidd/Ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vil bli skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelorgrad i pedagogikk kvalifiserer for opptak til masterstudiet i pedagogikk (fulltidsstudium eller deltid).

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10