Hjem
Utdanning

Studieplan for BAPS-PSYK Generell psykologi, bachelor, 3 år, haust 2020

Namn på grad

Bachelor i generell psykologi

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i generell psykologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisinga vil hovudsakleg vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisningsspråk. Valfrie emne kan ha engelsk som undervisingsspråk.

Studiestart - semester

Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).

Mål og innhald

Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd, kognisjon, affekt og samhandling. Bachelorprogrammet i generell psykologi skal gje deg innsikt og teoretisk kunnskap om dei psykologiske basalområda - biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi og sosialpsykologi - med høve til fordjuping i utvalde fagfelt. Bachelorprogrammet gjer deg ein bakgrunn for å forstå affekt og kognisjon, læring og åtferd, og røynsle med eit eige omfattande og sjølvstendig arbeide (bacheloroppgåva). Studiet skal utvikle dine evner til å identifisere og analysere mennesket i samspel med andre. Studiet skal òg gje deg innsikt og trening i forskjellige forskingsmetodar i psykologi.

Åtferd er i psykologien forklart med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Gjennom lesing og deltaking i førelesingar og seminar vil du bli kjend med hovudorienteringar, teoretiske hovudperspektiv, sentrale forskingsbidrag og funn i psykologifaget.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten... 

  • Har kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet psykologi.
  • Kan forstå korleis eit psykologisk fenomen kan studerast og forklarast på fleire måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.
  • Kan beskrive faget si historiske utvikling.
  • Kan halde seg oppdatert på fagområdet psykologi.

Ferdigheiter

Kandidaten... 

  • Kan vurdere ulike forskingsmetodar for innsamling og analyse av eit datamateriale.
  • Kan anvende ulike psykologiske perspektiv i analyse og beskriving av eit fenomen
  • Kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i og vurdere relevant faglitteratur.
  • Kan demonstrere god skriftleg og munnleg formidlingsevne i tråd med psykologidisiplinen.
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa akademisk arbeid i tråd med faglege, metodiske og etiske retningsliner.

Generell kompetanse

Kandidaten... 

  • Kan vise ei kritisk tilnærming til gjeldande kunnskap og praksis innanfor det psykologiske fagfeltet.
  • Kan arbeide sjølvstendig, organisere og planlegge eiget arbeid innanfor gitte fristar, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • Kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg til ulike publikum.
  • Har innsikt i relevante fagetiske problemstillingar.

Opptakskrav

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse.

Innføringsemne

Innføringsemna er på til saman 30 studiepoeng og er satt saman av innføring i psykologi, exphil, samt eit emne i forskingsmetodar.

Innføringsemne tilsvarande 30 studiepoeng som er følgjande emne:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): skal gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Du vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin. Emnet gir også ei innføring i fagspesifikk vitskapsteori.
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp): Forskningsmetode I gir ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode
  • Ex.phil. (10 sp): gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem. NB: dette tas normalt i fjerde semester jf. anbefalt studieløp.

Innføringsemna i graden er obligatorisk. Ein må søkje særskild om eventuelt fritak eller innpassing av andre emne.

Obligatoriske emne

Innføringsemne tilsvarande 30 studiepoeng som er følgjande emne:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): skal gje ei oversikt og innføring i faget psykologi. Du lærer mellom anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom. Du vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin. Emnet gir også ei innføring i fagspesifikk vitskapsteori.
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp): gir ei grunnleggjande innføring i forskingsmetode
  • Ex.phil. (10 sp): gir eit overordna filosofisk perspektiv. Gjennom undervisning og pensumlesing får du ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenking, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem. NB: dette tas normalt i fjerde semester jf. anbefalt studieløp.

Spesialiseringa i generell psykologi er på 90 studiepoeng (1 ½ års studium) er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

  • PSYK112 Sosial - og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet skal gje studentane innføring i sentrale teoriar og forsking innan sosial- og personlegdomspsykologi
  • PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
  • PSYK202: Metode (15 sp). Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapelig forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking.
  • PSYK207: Læring og åtferdspsykologi (15 sp) skal gje deg kunnskapar om moderne åtferdspsykologi, teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar i lærings/åtferdspsykologi.
  • PSYK208: Affekt og kognisjon (15 sp) skal gje ei innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Du vil gjennom emnet få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.
  • PSYK206 Artikkellesing i generell psykologi (5 sp): Emnet har som mål å styrke studentane sin kompetanse i å vurdere og diskutere vitskapelege tekstar med utgangspunkt i nokre av dei mest kjende vitskapelege artiklane i psykologi.
  • PSYK250: Bacheloroppgåve i generell psykologi (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Gjennom arbeidet med oppgåva vil du utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.

Valfrie emne tilsvarande 60 studiepoeng

  • 60 studiepoeng valfrie emne der alle eller delar kan veljast frå andre fag.

Spesialisering

Spesialiseringa i generell psykologi er på 90 studiepoeng (1 ½ års studium) er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

  • PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
  • PSYK112 Sosial og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet skal gje studentane innføring i sentrale teoriar og forsking innan sosial- og personlegdomspsykologi
  • PSYK202: Metode (15 sp). Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapelig forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking.
  • PSYK207: Læring og åtferdspsykologi (15 sp) skal gje deg kunnskapar om moderne åtferdspsykologi, teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar i lærings/åtferdspsykologi.
  • PSYK208: Affekt og kognisjon (15 sp) skal gje ei innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Du vil gjennom emnet få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.
  • PSYK206 Artikkellesing (5 sp): Emnet har som mål å styrke studentane sin kompetanse i å vurdere og diskutere vitskapelege tekstar med utgangspunkt i nokre av dei mest kjende vitskapelege artiklane i psykologi.
  • PSYK250: Bacheloroppgåva (15 sp) skal gje ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid vert bygd opp. Gjennom arbeidet med oppgåva vil du utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som vert stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Det psykologiske fakultet har planlagt i denne samanheng eit tilbod av tilrådde emne og kombinasjonar som er nyttige saman med dei obligatoriske elementa og som kan utgjere ei ytterligare spesialisering innan retningane skule, helse og næringsliv. Desse emna er særskild anbefalt: PSYK106, PSYK109, PSYK110, PSYK115, PSYK116 og PSYK117. Det vert ellers anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, samfunnsvitskap.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studenten må ha bestått innføringsemna (30 studiepoeng), i tillegg må eksamen vere bestått i følgjande emne før ein kan melde seg opp i PSYK250:


Studenten må ha bestått PSYK202 seinast same semester som ein tar PSYK250.

Det vert anbefalt å ta emna i følgjande rekkjefølge:


1. semester:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp)
  • PSYK112 Sosial og personlighetspsykologi (10 sp)
  • PSYK113 Innføring i metode (5 sp)


2. semester:


3. semester:

  • PSYK207 Læring og åtferdspsykologi (15 sp)
  • PSYK208 Affekt og kognisjon (15 sp)


4. semester:

  • PSYK202 Metode (15 sp)
  • Examen philosophicum (10 sp)
  • PSYK206 Artikkellesing i generell psykologi (5 sp)


5. semester:

  • Valfrie emne (30 sp)


6. semester:

  • Valfrie emne (15 sp)
  • PSYK250 Bacheloroppgåve i psykologi (15 sp)

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingavtalar, både i og utanfor Europa. Det er ein føremon om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil bli gitt i form førelesingar, seminar, nettbasert undervisningsmateriell, nettbaserte grupper og diskusjonsforum.

Vurderingsformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer som eksamen, skriftlege arbeid og fleirvalsoppgåver.

Karakterskala

Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til master i psykologi, og kan også danne grunnlag for opptak til andre masterprogram ved Det psykologiske fakultet, og ved Universitetet i Bergen sine andre fakultet eller andre universitet/høgskuler.

Relevans for arbeidsliv

Med bachelorgrad i generell psykologi har du kunnskap om menneske. Psykologiemna og dei valfrie emna gjer retning på kva du kan jobbe med, til dømes undervisning, sakshandsaming, konsulentarbeid, medier, ideelle organisasjonar og anna organisasjonsarbeid. Mange har òg ei utdanning frå før der bachelorgraden i generell psykologi passar særs godt som tillegg, til dømes til læraryrket, administrasjon og leiaroppgåver.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningslinjer for deltakande evaluering.

Programansvarleg

Undervisningsutvalet ved Institutt for samfunnspsykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10