Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-NOFI Norrøn filologi, master, 2 år, haust 2020

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Deltid etter søknad

Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Studiestart - semester

Haust og vår

Mål og innhald

Studiet i norrøn filologi skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Studiet har som mål å formidle vitskapleg teori og metode og historia til faget, og dei studerande skal under studiet utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldemateriale og vitskaplege framstillingar.

Studiet er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne - t.d. diakrone eller synkrone språklege emne, saga- og lærdomslitteratur, norrøn mytologi og religion eller nordisk faglitteratur i mellomalderen og tidleg moderne tid. Samtidig skal studiet gjennomførast innanfor eit breitt og interdisiplinært fagspektrum, t.d. i samband med studiar i mellomalderlatin. Studiet skal gje kandidatane grunnlag for å halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten

- har avansert kunnskap om historia til den norrøne litteraturen og dei systematiske hovudområda i den norrøne filologien

- har spesialiserte kunnskapar innanfor eige spesialfelt (masteroppgåva)

- har avansert kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar

- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i norrøn filologi

- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor norrøn filologi

- har grunnleggjande kjennskap til forskings- og yrkesetiske spørsmål innanfor filologi og mellomalderforsking

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor norrøn filologi under rettleiing

- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking innanfor fagområda i den norrøne filologien

- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer

- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei - kan formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av den norrøne filologien, både språklege og litterære emne.

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege emne, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Opptakskrav

Masterprogrammet i norrøn filologi byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i norrøn filologi, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i norrøn filologi
  • Bachelorgrad i nordisk med spesialisering i norrøn filologi

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i norrøn filologi eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

Alle emne er på 15 studiepoeng om ikkje anna er opplyst.

  • NOLISP300 Nordisk: Prosjektførebuande emne
  • NOFI300 Norrøn filologi særemne I
  • NOFI302 Norrøn filologi særemne II
  • NOFI303 Norrøn filologi særemne III
  • NOFI350 Norrøn filologi masteroppgåve (60 studiepoeng)

Tilrådde valemne

Ingen

Rekkefølgje for emne i studiet

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle. Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Universitetet i København og Universitetet i Reykjavík (Háskóli Íslands). Mange andre lærestader i Norden og i Europa kan også vere eigna, men med tanke på slik utveksling bør studenten ta kontakt med studierettleiar og faglærar for rådgjeving slik at vedkomande kan bli betre kjend med den profilen desse lærestadene har.

  • Københavns Universitet og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (NORDPLUS - Nordliks-nettverket)
  • Háskóli Islands og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (NORDPLUS - Nordliks-nettverket)

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og seminar der det er forventa at studentane deltek aktivt. På somme emne har studentane ansvar for avgrensa delar av undervisninga eller for å lage kortversjonar av pensum til deling med medstudentar (som obligatorisk aktivitet).

Rettleiing på semesteroppgåver og på masteroppgåva.

Vurderingsformer

  • rettleidde semesteroppgåver
  • rettleidde masteroppgåver
  • munnlege eksamenar
  • heimeeksamenar
  • prøveførelesingar

Karakterskala

A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i norrøn filologi kan gi grunnlag for opptak til ph.d-studium.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i norrøn filologi kvalifiserer mellom anna for arbeid innanfor undervisning og opplæring, informasjonsverksemd og kulturformidling, og for arbeid ved forskingsinstitusjonar på høgare nivå. Ein master i norrøn filologi er eit godt grunnlag for den som får administrative oppgåver knytte til analyse, saksbehandling, rettleiing og rådgjeving. Studiet kvalifiserer til arbeid i både offentlig administrasjon (t.d. i kulturforvaltning og -formidling, museum og samlingar) og i det private næringslivet (t.d. i mediebransjen).

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no