Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for MAMN-BIOFIFO Fiskeribiologi og forvalting, haust 2019

Namn på grad

Master i biologi - Fiskeribiologi og forvalting

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak dersom ikkje alle plassar blir fylte)

Mål og innhald

Målet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis utnytting og andre ytre og indre faktorar verker på dei levande ressursane i havet. Når du har gjennomgått programmet, skal du ha fått grunnleggande kunnskapar om biologi, livshistorie og økologi hos fiskar samt kunnskapar om oseanografi og marine økosystem. Du vil også ha ei basal forståing av fiskestammar sin populasjonsstruktur, fiskereiskapar sine funksjonar og seleksjonsmønster, utnyttingsstrategiar av fiskestammar frå utvalde økosystem og enklare populasjonsdynamiske modellar, samt kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane. Du vil også få praktisk erfaring frå fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy. I tillegg vil du ha erfaring frå gjennomføring av eit forskingsarbeid basert på eit materiale innsamla i laboratorium eller felt, alternativt på tidsseriar av biologiske data. Masteroppgåva kan også vere basert på utvida litteraturstudie.

Læringsutbyte

Målet med programmet er å gi kandidaten innsikt i og oversikt over fagområdet fiskeribiologi, med vekt på korleis høsting samt biotiske og abiotiske faktorar verker på dei levande ressursane i havet.

Kunnskap

  • Grunnleggande kunnskapar om biologi, livshistorie, evolusjon og økologi hos fiskar samt kunnskapar om oseanografi og marine økosystem.
  • Ei basal forståing av fiskestammar sin populasjonsstruktur, fiskereiskapar sine funksjonar og seleksjonsmønster, utnyttingsstrategiar av fiskestammar frå utvalde økosystem og enklare populasjonsdynamiske modellar
  • Kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane

Ferdighetsmål

Etter gjennomgått program har kandidaten tilegnet seg:

  • Praktisk erfaring frå fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy
  • Erfaring frå gjennomføring av eit forskingsarbeid basert på eit materiale innsamla i laboratorium eller felt, alternativt på tidsseriar av biologiske data
  • Ferdigheter til munnleg og skriftleg presentasjon av resultat frå biologisk forsking i populærvitskapleg og akademisk kontekst
  • Ferdighet til å måle størrelse på fisk og bestemme alder og modningsstatus
  • Hente inn, analysera og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet
  • Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
  • Være i stand til å setja opp eit eksperiment eller feltstudium som kan være med på å gi svar på forskingsspørsmål.
  • Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa

Generell kompetanse
Etter masterstudiet skal kandidaten

  • Kunne arbeide i tråd med vitskaplege prinsipper og ha forståelse og respekt for åpenhet, presisjon, etterrettelighet og betydningen av å skille mellom fakta og meininger.
  • Kunne analysere generelle biologiske vitskaplege problemstillingar og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på. Kunne arbeide med krevjande oppgåver og samstundes overhalde tidsfristar
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten.
  • Arbeide sjølvstendig og som del av eit team

Opptakskrav

For å kvalifisere for opptak til Masterprogram i biologi må du oppfylle følgjande kriterium:

1) dei generelle opptakskrava for master på UiB, les om dei her

2) ha bestått Bachelor i biologi eller bachelor i beslekta fagområde

3) kunne dokumentere universitetsemne som dekker følgjande fagområde:

  • 80 studiepoeng/ECTS i biologi, som må dekke følgjande fagområde: zoologi, botanikk, mikrobiologi, cellebiologi, genetikk, molekylærbiologi, fysiologi, evolusjon og økologi
  • 20 studiepoeng/ECTS i kjemi, der 10 studiepoeng/ECTS må inkludere labarbeid
  • 10 studiepoeng/ECTS i statistikk
  • 10 studiepoeng/ECTS i matematikk (inngår ikkje i utrekning av gjennomsnittskarakter)

4) kunne dokumentere gjennomsnittskarakter på C (3,0) eller betre på emna nemnt ovanfor (unntak: 10 studiepoeng/ECTS i matematikk)

Finn ut korleis du reknar ut din gjennomsnittskarakter.

Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Har du Bachelor i biologi frå UiB? Då blir gjennomsnittskarakteren kalkulert på følgjande emne i graden:

OBS! I oktober 2019 blei kravet om 10 studiepoeng fysikk fjerna frå opptakskrava til Masterprogram i biologi. For søkarar med bachelor frå UiB vil karakter i emnet PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære bli rekna med i gjennomsnittskarakter dersom han er til GUNST for søkar. (Denne ordninga vil gjelde frå 01.10.2019 til 01.10.2024.)

Hovudopptaket er på hausten. Eit suppleringsopptak på våren kan bli organisert dersom ikkje alle plassar på programmet blir fylte på hausten.

Søknadsfristen for hovudopptaket på hausten er 15. april.

Søknadsfristen for eit eventuelt suppleringsopptak på våren er 1. november.

Søk her

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne: BIO300A og BIO300B (5+5 stp), BIO325 (20 stp), BIO336 (5 stp) og BIO339 (10 stp).

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 sp.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individ- og gruppepresentasjoner, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttast bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid i offentleg forvalting, næringsliv og skoleverk (dersom ein har pedagogisk utdanning i tillegg) samt for vidare doktorgradsstudium innan fiskeribiologi og tilgrensande fagfelt med moglegheiter for forskarstillingar ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt som Havforskingsinstituttet.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studie@bio.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for biovitenskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no, Tlf 55 58 44 00