Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-GFFYS Fysisk oseanografi, haust 2022

Namn på grad

Master i meteorologi og oseanografi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi, studieretning fysisk oseanografi, gir studenten ei grundig forståing for fysikken og særskilt dynamikken i havet, som vind- og tettleiksdriven straum, samt blandingsprosessar og tidvatn.

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning fysisk oseanografi gir eit breitt grunnlag og ei god forståing for aktuelle problem i faget. Studiet tek opp tema som spenner frå lokal (fjord, kyst, sokkel) til global skala. Studiet famnar også om statistiske og numeriske metodar, bruk av oseanografiske målingar, og teoretisk analyse.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten

  • kjenner hovudtrekka til fysisk oseanografi og knytt til fag som klima og meteorologi, og har grundig kunnskap til eit spesialisert emne i fysisk oseanografi
  • kjenner dei mest vanlege instrumenta som vert nytta i oseanografien, deira avgrensingar og korleis utføre tilhøyrande dataanalyse
  • veit korleis ein nyttar statistiske tidsseriemetodar til analyse geofysiske data
  • veit korleis ein analyserer og tolkar geofysiske problem og samspelet mellom dei ulike komponentane i klimasystemet
  • veit korleis oseanografi er knytt til relevante fagfelt i matematikk, fysikk, datavitskap, geovitskap, kjemi og meteorologi

Ferdigheter
Kandidaten

  • kan nytte moderne feltinstrumentering
  • kan samle og analysere datasett og diskutere avgrensingar
  • kan nytte programmeringsverkty til å handsame, analysere og visualisere data
  • kan nytte eigna metodar i matematikk og statistikk på oseanografiske problem
  • kan utføre numeriske utrekningar ved hjelp av kunnskap frå hydrodynamikk, klassisk mekanikk og termodynamikk
  • er i stand til å planleggje og gjennomføre eit havforskingsprosjekt med rettleiing frå ein fagleg rettleiar, men med stor grad av sjølvstende og i samsvar med god vitskapleg praksis
  • kan tolke og diskutere eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte og i lys av data og teoriar på feltet

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan formidle resultat som ein munnleg presentasjon
  • kan summere felt- og laboratoriearbeid i ein skriftleg rapport
  • kan søke relevant vitskapleg litteratur, og nyttar god sitatskikk
  • kan formulere, analysere, tolke og diskutere eigne resultat på ein vitskapeleg forsvarleg og kritisk måte ved hjelp av data og teoriar frå oseanografi og relaterte forskingsområder
  • er i stand til å skrive ein vitskapleg utgreiing som legg fram ny kunnskap i eit fagfelt
  • er i stand til å analysere vitskaplege problem generelt og delta i diskusjonar om ulike måtar å angripe og løyse problem på
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar
  • kan analysere og reflektere over relevante etiske problem knytt til forsking

Opptakskrav

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning Fysisk oseanografi byggjer på ein bachelorgrad med 110 studiepoeng fagleg fordjuping frå Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk, Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk, bachelorgrad i meteorologi og oseanografi med følgjande emner, eller tilsvarande:

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom bachelorgraden har ein solid bakgrunn i matematikk, fysikk og informatikk, samt inneheld emne tilsvarande GEOF105 (Atmosfære- og havfysikk), GEOF110 (Atmosfære-, hav og klimadynamikk), GEOF210 (Dataanalyse i meteorologi og oseanografi), GEOF212 (Fysisk klimatologi) og GEOF213 (Atmosfære- og havdynamikk).

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Du må ha fullført ein bachelor i meteorologi og oseanografi eller i eit tilsvarande felt. Du treng kompetanse i oseanografi, inkludert grunnleggjande kunnskap om klima og meteorologi. Du bør ha grunnleggjande kunnskap om teoretisk og eksperimentell oseanografi, i tillegg til programmering og dataanalyse. Vidare er godt grunnlag i matematikk som lineær algebra, funksjonsteori, partielle differensiallikningar, Fourieranalyse, statistikk tilrådd. Det er óg viktig å ha gode kunnskapar i fysikk som klassisk mekanikk, hydrodynamikk og termodynamikk.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve.
Emna GEOF310, GEOF337, GEOF339 og GEOF346 er obligatoriske. I tillegg kjem 25 studiepoeng med valfrie emne, som du vel i samråd med rettleiar.

Rekkjefølge:
4. semester: Masteroppgåve
3. semester: Val, Masteroppgåve
2. semester: GEOF337, Val, Masteroppgåve
1. semester: GEOF310, GEOF346, GEOF339 Val

Masteroppgåva: GEOF399 Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi er på 60 studiepoeng. Studenten kan i samråd med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande. Det er tilrådd at studenten startar med masteroppgåva i andre semester. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Emna skal veljast i samråd med rettleiar. Emna GEOF301, GEOF211, GEOF334, GEOF338, GEOF343, GEOF345, GEOF347 og VIT212 er blant dei mest aktuelle.

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei master-oppgåve tilsvarande 60 studiepoeng, men det kan også bli gitt ei oppgåve med eit omfang på 30 studiepoeng (spesialpensumet aukar da med 30 studiepoeng). Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Døme på oppgåver kan vere innan kystfjorddynamikk, operasjonell oseanografi, fjernmåling, fysisk-biologiske koplingar, polar oseanografi, blandingsprosessar i havet, dynamisk oseanografi, overflatebølgjer.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "Obligatoriske emne".

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Undervisning for emna i masterstudiet skjer i form av førelesningar, feltarbeid, tokt, seminar, rekneøvingar eller eksperiment, gruppeøvinger, arbeid med praktiske oppgåver, rekneøvingar, dataøvingar og diskusjonar av oppgåve i etterkant, presentasjon av poster og numerisk modellering. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i form av godkjent oppmøte og oppgåve rapportar, presentasjon av presentasjonsmateriale og sjølve presentasjonen, skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studentene får i stor grad formativ vurdering undervegs etter presentasjonar og på innleverte rapporter/poster.

Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gje deg eit godt grunnlag for arbeid som fagoseanograf innanfor offentlege og private verksemder, mellom anna forsking, oljeindustri og miljøforvalting. Dessutan vil mastergrad også kunne vere med på å gje kompetanse til å ta vidare pedagogisk utdanning for å bli lærar på ein vidaregåande skule, sjå: http://www.uib.no/matnat/89294/hva-kreves-opptak-til-ppu-innen-de-ulike-realfagene, for meir informasjon. Sjå elles: http://www.uib.no/gfi/55664/godt-jobbmarked

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studieveileder@gfi.uib.no