Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-GFMB Marin biogeokjemi, haust 2021

Namn på grad

Master i meteorologi og oseanografi

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogram i meteorologi og oseanografi med studieretning marin biogeokjemi gir studenten ei grundig forståing av korleis havet er kjemisk samansett, ulike stoff sin syklus, kva kjemiske/biologiske/geologiske prosessar som påverkar syklusane, og korleis dette er knytt til klima og klimaendringar.

Masterprogram i meteorologi og oseanografi med studieretning marin biogeokjemi gir eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. Studiet tar for seg korleis kjemiske stoff i havet er fordelt, kva opphaldstid dei har og korleis dei blir transportert rundt. Studenten får oversikt over korleis dette blir påverka av ulike prosessar som vertikal blanding, adveksjon, biologisk aktivitet og gassutveksling mellom atmosfære og hav. Studiet tek også for seg bruk av kjemiske sporstoff for å kvantifisere blandingsprosessar. Med kunnskap om den naturlege karbonsyklusen i botn, tar studiet vidare for seg koplinga til klima og klimaendringar, der ein fokuserer på menneskeskapte endringar som for eksempel endringar i karbondioksidopptak og havforsuring.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten

  • kan forklare ulike kjemiske syklusar i havet, for eksempel syklusen til karbon, oksygen, næringssaltar, kisel og sporstoff som jern
  • kan forstå korleis desse syklusane vert påverka av biogeokjemiske prosessar som sirkulasjon i havet, biologiske prosessar, utveksling av gassar med atmosfæren og tilførsel av elvevatn
  • kan forklare korleis endringar i syklusane er knytt til endringar i klima i fortid, notid og fram i tid
  • meistrer statistiske analyser og matematisk numerisk modellering eller kjemisk analytisk arbeid (avhengig av masteroppgåve)
  • kan gjere greie for hovudtrekka i marin biogeokjemi og nærliggjande fag som fysisk oseanografi, meteorologi og klima, og har spesiell god kunnskap om eit særskilt problem i marin biogeokjemi
  • kan nytte og kjenne til moglegheiter og avgrensingar til dei vanlegaste måleinstrumenta i marin biogeokjemi og kan utføre tilhøyrande dataanalyser

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan forklare viktige delar av syklusane nemnd over
  • kjenner til den vitskaplege terminologien i marin biogeokjemi, oseanografi og meteorologi
  • kan skilje mellom prosessar som skuldast biologi og fysikk
  • kan rekne ut eller modellere endringar i syklusane og skilje mellom naturlege og menneskeskapte endringar
  • kan rekne ut eller modellere korleis konsentrasjonen av kjemiske stoff endrar seg i tid og rom før, no og i framtida
  • kan rekne ut eller modellere menneskeleg påverknad på drivhusgassutslepp og kva det har å seie for havet sitt opptak av drivhusgassar
  • kan rekne ut eller modellere kor fort havforsuring skjer
  • kan nytte tillært kunnskap på nye vitskaplege problem
  • kan presentere ein rapport både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan forklara sentrale omgrep i marin biogeokjemi, og greie ut om likskapar og skilnadar mellom desse
  • kjenner til og kan tileigna seg grunnleggjande kunnskap om eksperimentell apparatur og feltaktivitet i marin biogeokjemi, og kan gjennomføra, rapportera og formidla tilhøyrande dataanalyse
  • kan utføre sjølvstendig prosjektarbeid, og kan skrive og presentere avsluttande prosjektrapport i tråd med god vitskapleg praksis
  • kan analysere, tolke og diskutere eigne resultat på ein vitskapleg god og kritisk måte og i tråd med data og teoriar frå tilhøyrande forskingsfelt
  • kan formidle sentrale område i meteorologi og oseanografi på bachelornivå
  • kan analysere og reflektere over aktuelle etiske problemstellingar knytt til forskinga
  • demonstrerer forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, nøyaktigheit og truverd

Opptakskrav

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning Marin biogeokjemi byggjer på ein bachelorgrad med 110 studiepoeng fagleg fordjuping frå Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk, Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk, bachelorgrad i meteorologi og oseanografi med følgjande emner, eller tilsvarande:

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgrader kan kvalifisere dersom bachelorgraden har ein solid bakgrunn i matematikk, fysikk, informatikk kjemi og biologi, samt inneheld emne tilsvarande GEOF105 (Atmosfære og havfysikk), GEOF110 (Atmosfære-, hav og klimadynamikk), GEOF210 (Dataanalyse i meteorologi og oseanografi), GEOF212 (Fysisk klimatologi) og GEOF236 (Kjemisk oseanografi) eller tilsvarande.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

For å ta Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning marin biogeokjemi bør ein ha ei solid forståing av analytisk kjemi og biogeokjemien i havet. Det grunnleggande kravet er bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk / bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande. Ein god matematisk/fysiske bakgrunn er anbefalt samt basiskunnskapar i statistisk analyse.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve.

Emne: Emna GEOF310 og GEOF336 og GEOF347 er obligatoriske. I tillegg kjem 35 studiepoeng med valfrie emne, som du vel i samråd med rettleiar.

Rekkjefølgje:
4. semester Oppgåve
3. semester Val, Oppgåve
2. semester GEOF336, Val, Oppgåve
1. semester GEOF347, GEOF310, Val

Masteroppgåva: GEOF399 Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi er på 60 studiepoeng. Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande. Det er tilrådd at studenten startar med masteroppgåva i andre semester. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

35 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samråd med rettleiar.
Emna: GEOF211, GEOF337, GEOF338, GEOV331 og VIT212 er blant dei mest aktuelle.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "Obligatoriske emne".

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning for emna i masterstudiet skjer i form av førelesningar, seminar, arbeid med praktiske oppgåver, rekeøvingar, veiledning av semesteroppgåve og presentasjon, ein dag med studentpresentasjon av semesteroppgåva, laboratoriearbeid, feltarbeid. Detaljar om emna finn du i emnetekstane.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurdering av emna i masterstudiet skjer i form av skriftleg og munnleg eksamen, semesteroppgåve og presentasjon rapportar, og munnlege presentasjonar.
Vurderingsformane for emna som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnetekstane.
Studiet vert avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gje eit grunnlag for arbeid som fagoseanograf/biogeokjemikar innanfor offentlege og private verksemder, mellom anna forsking, oljeindustri og miljøforvaltning. Dessutan vil mastergrad også kunne vere med på å gje kompetanse til å ta vidare pedagogisk utdanning for å bli lærar på ein vidaregåande skule, sjå: http://www.uib.no/matnat/89294/hva-kreves-opptak-til-ppu-innen-de-ulike-realfagene, for meir informasjon.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studieveileder@gfi.uib.no