Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-GEOF Meteorologi og oseanografi, master, 2 år, haust 2019

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Mål:

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi skal gje brei innsikt i kreftene som styrer rørsla i atmosfæren og i havet inkludert sjøis, sentrale fysiske prosessar i atmosfære og i hav, vekselverknaden mellom hav, sjøis og atmosfære, vêrvarsling, sykling av næringsemne og karbon i havet, og regionalt og globalt klima og klimaendringar. Studiet har som mål å gje overordna innsikt i det fysiske miljøet på jorda med spesialisering i eit eller fleire av komponentane atmosfære, hav og sjøis.

Innhald:

Studiet legg vekt på at studenten lærer å forstå både den fysiske og den matematiske beskrivinga av ulike atmosfæriske og oseanografiske fenomen. Til grunn for dette ligg målingar, eksperiment, teori og numerisk modellering. Opptak til programmet krev god bakgrunn i meteorologi, oseanografi, matematikk og fysikk.

For meteorologi gjev programmet det teoretiske grunnlaget for ulike vêrfenomen, bruk av numeriske modellar for å framskrive utviklinga av vêrsystem, studie av prosessar i grenselaget nær hav, sjøis eller land, lokale vêr- og klimatilhøve og studiar av strålingsprosessar i atmosfæren.

Fysisk oseanografi og marin biogeokjemi gir kunnskap om det teoretiske og empiriske grunnlaget for dei fysiske prosessane som gir opphav til variasjon og endring i havet, sykling av stoff i havet, koplinga mellom fysisk oseanografi og marine økosystem, og klima. Studiet spenner frå lokal (fjord, kyst, sokkel) til global skala.

Klimadynamikk tar opp tema som koplinga mellom atmosfære, sjøis og hav, og identifisering, forståing og framskriving av naturlege variasjonar og menneskeskapte endringar i regionalt og globalt klima. Til grunn for dette ligg teori, analyse av observasjonar og numerisk modellering.

Masterstudiet gjev brei teoretisk og/eller eksperimentell kjennskap til ein eller fleire av hovudkomponentane i klimasystemet. Dette eit godt grunnlag for vidare arbeid som fagmeteorolog, fagoseanograf eller klimaekspert innanfor i offentleg og privat verksemd (for eksempel innan forsking, miljøforvaltning, konsuletverksemd, kraftselskap, fornybar energi, oljeindustri, eller som lektor i grunnskole eller videregåande skule dersom du byggjer på med praktisk-pedagogisk utdanning).

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- kjenner historia, utviklinga og fagterminologien i meteorologi, oseanografi (inkludert marin biogeokjemi) og klima

- kjenner hovudtrekka i meteorologi, oseanografi og klima og har inngåande kunnskap i eit spesialisert emne

- kjenner dei mest vanlege instrumenta og bruken av desse i meteorologi og oseanografi

- kan nytte kunnskap om statistiske tid-rom metodar til å analysere geofysiske data

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan forklare og diskutere meteorologiske, oseanografiske og klimadynamiske tilhøve både til lekfolk og fagfolk

- kan nytte moderne feltinstrumentering, teori, programmering og/eller avansert analyse på geofysiske problem

- kan kritisk evaluere og drøfte datakvalitet og ulike informasjonskjelder innan geofysikk

- kan formulere, diskutere og gjennomføre strategiar for data og teoretiske analyser

- kan nytte tillært kunnskap på nye vitskaplege problem

- kan presentere ein rapport skriftleg og munnleg

- kan tolke og diskutere eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte og i lys av data og teoriar på feltet

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan munnleg og skriftleg formidle resultat frå andre si og eiga forsking

- kan formulere, analysere, tolke og diskutere eigne resultat på ei vitskapeleg forsvarleg og kritisk måte

- er i stand til å skrive ein vitskapleg utgreiing som legg fram ny kunnskap i fagfeltet

- er i stand til å analysere vitskaplege problem generelt og delta i diskusjonar om ulike måtar å angripe og løyse problem på

- demonstrerer forståing og respekt for vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar

- kan analysere og reflektere over relevante etiske problem knytt til forsking

Vurderingsformer

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Studiet skal gje deg eit godt grunnlag for vidare arbeid som fagmeteorolog, fagoseanograf eller klimaekspert innanfor offentlege og private verksemder, mellom anna forsking, oljeindustri og miljøforvaltning eller som lektor i grunnskole eller videregåande skule (dersom du byggjer på med praktisk- pedagogisk utdanning).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt: studieveileder@gfi.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04