Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i fysikk - Eksperimentell kjerne og partikkelfysikk.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

haust (hovudopptak og vår (suppleringsopptak).

Mål og innhald

Kjernefysikk er studiet av dei ulike delane av ein atomkjerne og vekselverkandene mellom dei.

Oppbygginga og strukturen i atomkjernen er eit sentralt tema for kjernefysikarar, men studiet av kjernematerien femner om eit vidt spekter av fenomen som til dømes strukturen til elementærpartiklane, nøytronstjerners indre og «urstoffet» i den tidlege fasen til universet.

Partikkelfysikk handlar om å forstå dei minste byggesteinane i naturen og kreftene som verkar mellom desse.

Kjerne- og partikkelfysikk har og ein viktig rolle innan medisin med stråle- og partikkelterapi som nyttast i behandling av kreft.

Masterprogrammet byr på analyse av eksperimentelle data i kjerne- og partikkelfysikk, som gjev praktisk erfaring med å handtere store datamengder og skape meining ut av desse. Utvikling og testing av apparat til bruk i eksperimenta inneheld og data-analyse, i tillegg til førstehands erfaring med høgteknologisk elektronikk. Arbeidet går føre i eit internasjonalt fagmiljø og studentane eksponerast for samarbeid i store internasjonale prosjekt, til dømes CERN (European Organization for Nuclear Research). Både studiet og arbeidet i forskingsgruppa er retta inn mot å støtte opp om bygging, utføring og tolking av eksperimenta i desse sentra. Studiet øver studentane i kritisk tolking av eigne og andres idear i både skriftleg og muntleg framstilling.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • gjere greie for dei fundamentale byggjesteinane i naturen og dei ulike delane av ein atomkjerne og vekselverkandene mellom dei
  • gjere greie for partiklane og vekselverknadene som er skildra i Standardmodellen
  • gjere greie for grunnleggjande idéar innan kjernefysikk
  • forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar i eksperimentell kjerne og partikkelfysikk
  • vise at ein har avanserte kunnskapar innan eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde

Generell kompetanse

  • kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk, både med spesialistar og til allmennheita
  • kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit

Opptakskrav

Masterprogrammet i fysikk, retning eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Utrekning av karaktersnitt

For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i fysikk
  • Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra, differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Generell kompetanse i fysikk og matematikk er naudsynt. Grunnleggande ferdigheter i programmering er også sterkt anbefalt.

Emna PHYS201 Kvantemekanikk og

PHYS241 Kjerne- og partikkelfysikk er tilrådde som valemne i bachelorgraden. I tillegg er det tilrådd å velje eit eller fleire av emna PHYS231 Strålingsfysikk eller PHYS291 Databehandling i fysikk.

Obligatoriske emne

Masterprogrammet er sett saman av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (PHYS399 Masteroppgåve i fysikk) på 60 studiepoeng og emne og eventuelt spesialpensum på til saman 60 studiepoeng valt i samråd med rettleiar.

Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Følgjande emne bør inngå i bachelor- eller mastergraden:

  • PHYS201 Kvantemekanikk
  • PHYS232 Eksperimentelle metodar i kjerne- og partikkelfysikk
  • PHYS241 Kjerne og partikkelfysikk

For oppgåver innan dataanalyse tilrås i tillegg emna:

  • PHYS303 Relativistisk kvantemekanikk og feltteori
  • PHYS341 Utvalde emne i eksperimentell partikkelfysikk
  • PHYS342 Kvantefeltteori
  • PHYS343 Kvark- og leptonfysikk
  • PHYS204 Klassisk mekanikk og spesiell relativitetsteori

Andre emne som inngår i mastergraden blir valt i samråd med rettleiaren.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet kan avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, seminar, sjølvstudium og feltarbeid. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Studiet avsluttas med ein presentasjon og munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn og vurdert.

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i eksperimentell kjerne- og partikkelfysikk gjer mogelegheiter for arbeid innan forsking og/eller undervisning ved universitet, statlege høgskular eller forskingsinstitutt. Med pedagogisk basiskompetanse er kandidatane også attraktive som lærar i den vidaregåande skulen. I tillegg arbeider kjerne- og partikkelfysikare for private firma innan detektorteknologi, telekom, måleteknikk, oljeindustri, informasjonsteknologi, marin forsking, offentlig administrasjon eller i media. Partikkelfysikk kan også gje arbeid i utlandet. Studiet skal gi godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan partikkelfysikk eller nærliggande fagfelt.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie.fysikk@uib.no

Tlf 55 58 27 66