Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-PROG Felles masterprogram i programutvikling, haust 2019

Namn på grad

Mastergrad i programutvikling

Omfang og studiepoeng

 Det felles masterprogrammet i programutvikling er 2-årig (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Mål og innhald

Dette er eit studieprogram som er ein fellesgrad med Høgskulen på Vestlandet (HVL), som vil gje eit solid vitskapeleg grunnlag og praktiske kunnskapar innan programvareutvikling.

Studiet legg vekt på å gje studentane ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene.

Vidare skal studiet gje studentane kjennskap til dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem.

Etter fullført studium skal du ha utvikla spisskompetanse innan eitt delområde, samt ha god oversikt over heile fagfeltet programvareutvikling.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har fullført felles mastergrad i programutvikling skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte med omsyn til kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap innan fagfeltet programutvikling og har djupare innsikt innan tema for masteroppgåva.
  • har grundig kjennskap til teori og metodikk som blir nytta innan programutvikling.
  • kan anvende kunnskapar, forståing og problemløysingsferdigheiter i nye kontekstar innan programutvikling.
  • kan analysere problemstillingar innan programutvikling basert på kunnskap, teknologi og samfunnsrelevans til dette fagområdet.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere og handsame ulike informasjonskjelder på ein kritisk måte, og bruke dei til å strukturere og formulere vitskaplege resonnement.
  • kan analysere eksisterande problemstillingar, metodar og tolkingar innan programutvikling og jobbe sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem innan fagfeltet.
  • kan bruke passande forskings- og arbeidsmetodar på ein sjølvstendig måte.
  • kan utføre eit forskings- og utviklingsprosjekt i samsvar med gjeldande normer for forskingsetikk.
  • kan på sjølvstendig vis designe, spesifisere og programmere eit middels stort informasjonssystem.
  • kan på sjølvstendig vis analysere, teste og validere eit større informasjonssystem.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere relevante forskingsretta og profesjonsretta etiske problem innan programutvikling.
  • kan anvende kunnskapane og ferdigheitane sine på nye fagområde for å gjennomføre avanserte oppgåver og prosjekt.
  • kan formidle eit omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar språk og terminologi brukt innan programutvikling.
  • kan diskutere akademiske problemstillingar, analyser og konklusjonar innan programutvikling, både med spesialistar og ålmenta.
  • kan bidra til innovasjonsprosessar i samfunnet ved å anvende informasjonsteknologi.

Opptakskrav

Anten bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad. Man må ha (muligens som en del av bachelorgraden) minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 20 av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100.

Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 tel ikkje som matematikkemne.

Fra og med høsten 2022: Matematikk som MAT101 og tilsvarende godkjennes ikke som del av opptaksgrunnlaget.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (80 studiepoeng med matematikk og informatikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, sidan matematikk ikkje er obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.

Søk på studiet her: soknadsweb.uib.no

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar i matematikk er ein føremon.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Emnedelen

Følgjande emne er obligatoriske:

INF234 Algoritmer

INF222 Programmeringsspråk

DAT250 Avansert programvareteknologi (undervises ved HVL)

DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (undervises ved HVL)

Emna i emnedelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.

Tilrådd studieplan:

1.semester INF234 DAT250 VAL

2.semester INF222 DAT251 VAL

3.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve

4.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve

Tilrådde valemne

Må veljast i samråd med rettleiar. Ak-tuelle emne kan vere INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemne ved UiB, eller DAT252, DAT259 eller andre emne ved HVL.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Det er mogeligheiter for utanlandsopphald under masterstudiet. Kontakt studierettleiar eller fagleg rettleiar ved interesse.

Undervisningsmetodar

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf 55 58 40 25