Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Studiestart 2020

Samfunnsfagstudentane er endeleg på campus!

Samfunnsfag- studentane er på plass på campus i sola og med handsprit klar i lomma. Førstekullsveka blir litt annleis i Covid-19 året, men det hindrar ikkje studentane i å kose seg.

studiestart samfunnsfag 2020 1
Campus- rebus for dei ferske studentane i sola. Linda Skuggen frå sosialantropologi er ein av dei som viser veg.
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Sola stråler og rundt om i gatetuna på SV-fakultetet står det grupper med nye studentar, klare for å bli kjende og til å ta fatt på studiane. Alle vi møter gjer sitt beste for å halde trygg avstand på grunn av Covid- 19 pandemien under campus-vandringa.

 

studiestart samfunnsfag 2020 2

Dan André Øvsthus, Andreas Haga, Jonathan Molin, Benjamin Gran er klare for å studere samfunnsøkonomi. 

Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

– Eg skal studere samfunnsøkonomi fordi eg synes det er spesielt viktig akkurat no. Korona-pandemien har gjort det ekstra interessant å sjå korleis samfunnet fungerer og kva ein kan gjere betre neste gong ei krise rammar. Eg har lyst til å lære korleis staten handterer krisa, og kva som kan gjerast for at økonomien skal bli stabil igjen. 

Det seier Dan André Øvsthus, som skal ta til på studiane i samfunnsøkonomi.   

– Eg skal studere samfunnsøkonomi fordi eg synes det er spesielt viktig akkurat no. Korona-pandemien har gjort det ekstra interessant å sjå korleis samfunnet fungerer og kva ein kan gjere betre neste gong ei krise rammar. Eg har lyst til å lære korleis st

Vilde Hille, Alexandra Hopland, Anne Elizabeth Hartman, Erlend Solstad og Emily Behnke har funne ein av postane i rebusløypa. 

Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

studiestart samfunnsfag 2020 4

Anne Elizabeth Hartman løyser rebusoppgåve utanfor Lauritz Meltzers hus.

Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

studiestart samfunnsfag 2020 5

Det var til og med nødvendig med solbriller og skjørt i sola første studieveke!

Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

studiestart samfunnsfag 2020 6

Nøye fargekoordinert på plassen mellom U. Pihl og Lauritz Meltzers hus.

Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB