Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nyhet

Nye samfunnsfag slår an

Dei tre splitter nye studieprogramma ved SV-fakultetet er mellom dei mest populære på UiB. Søknadstala er knallsterke for både lektorutdanninga i sosiologi, sivilingeniørutdanninga i informasjonsteknologi og økonomi, og bachelorprogrammet i kunstig intelligens.

Studer samfunnsfag populære nye fag
Eit nytt bachelorprogram i kunstig intelligens er mellom dei aller mest populære studieprogramma ved UiB. Også det nye sivilingeniørstudiet i informasjonsteknologi og økonomi, og den nye lektorutdanninga i samfunnsfag (sosiologi) har fått svært høge søkjartal.
Foto/ill.:
Eivind Senneset / UiB

Hovedinnhold

– Vi jublar her på fakultetet over dei gode søkjartala til dei nye studieprogramma våre, og til samfunnsfaga generelt. Det viser at det var rett av institutta å satse, og at vi har treft ein nerve i tida.

Det seier dekan Jan Erik Askildsen ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV-fakultetet).

Tre nye studieprogram

Det har i år blitt oppretta tre nye studieprogram ved fakultetet. Dette er sivilingeniørstudiet integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (Institutt for økonomi), bachelor i kunstig intelligens (Institutt for informasjons- og medievitenskap), og lektorutdanning med master i sosiologi (Institutt for sosiologi). Til saman var det 501 førsteprioritetssøkjarar til 72 studieplassar ved dei nye studieprogramma, noko som gir nesten sju søkjarar per studieplass.

Samfunnsfaga samla har hatt den største auken i søkjartal på UiB, med ein framgang på 11,2 prosent samanlikna med i fjor.

– Samfunnsfaga er viktige både for å forstå dei store samfunnsutfordringane, rolla til digitalisering og ny teknologi, og for undervisning i skulen. Dei unge ser at ein må tenkje heilheitleg for å løyse dei store samfunnsutfordringane, slik ein gjer ved å studere samfunnsfag, seier Askildsen.