Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Akademisk morgenkaffe

Universitetet i Bergen - aukande klasseskilje? med Jan Fredrik Hovden

Hovedinnhold

Den sosiale ulikskapen i Noreg er aukande. Samstundes er det stadig fleire som studerar ved universitet - ein institusjon som dei siste tjue åra har vore stad for omgripande politiske, pedagogiske og teknologiske reformar. På denne akademiske morgonkaffi skal me diskutere klasseskilje mellom studentar på Universitetet i Bergen. Kva veit me klassebakgrunnane til våre studentar og kva fag dei havnar på? Korleis pregar klasseskilje studentanes akademiske sjølvtilit og ambisjonar, deira deltaking i studentorganisasjonane og det øvrige kulturlivet, og deira grunnleggjande vilkår for å studere? Spelar klasse ei rolle for korleis me behandlar og verdset våre studentar? Og kva kan universitetet gjere for å bøte på eit meir klassedelt studentliv?

Jan Fredrik Hovden er sosiolog og professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB. Han forskar mellom anna på korleis sosial ulikskap og klasseskilje pregar rekruttering til viktige samfunnsområde gjennom skule- og utdanningsvesenet, inkludert gjennom survey- og intervjustudiar av studentar i Bergen gjennom dei siste tjue åra. Han er ein av leiarane for Nettverk for kultur, deltaking og demokrati, medlem i European Center for the Study of Culture & Inequality, og i det norske Kulturrådet.

SV-fakultetet inviterer alle ansatte og studenter ved UiB til refleksjon og diskusjon. 
Kaffe er servert!

Ingen påmelding. 

Les mer om akademisk morgenkaffe, og se kommende arrangement her