Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nytt forskingsprosjekt

Skiftande klimatilhøve frå pol til pol

Jostein Bakke ved Institutt for geografi får midlar frå Forskingsrådet til å etablere ei forskargruppe som i fem år skal studere klimaendringar i dei polare stroka.

Jostein Bakke søkte i 2009 midlar frå det prestisjefylte EU-programmet European Research Council – Starting Grants (ERC-StG). Søknaden fekk svært god evaluering og tilfredsstilte alle kvalitetskrava. Berre manglande budsjettramme stod i vegen for tildeling. No får Bakke 75 % av søknadssummen frå Forskingsrådet, som med denne støtteordninga vil stimulere dyktige unge forskarar til å søkje ERC Starting Grant.  

For løyvinga skal Jostein Bakke bygge opp ei forskargruppe med stipendiatar og ein postdoktor. Prosjektet skal etter planen starte opp i januar 2011 og vil gå over fem år. Det skal gjennomførast som eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for geografi og Bjerknessenteret.

Modellering av klimavariasjon

Eit viktig mål med prosjektet er å utvikle modellar som kan predikere moglege framtidige mønster i klimavariasjon. Forskargruppa skal laga nye datasett som vil gje eit sikrare grunnlag for modellering av klimaendringar. I slik modellutvikling er historiske data med høg kvalitet avgjerande.

Jostein Bakke har i mange år studert klimaendringar frå slutten av den forrige istida, som tok slutt for 11700 år sidan. Saman med andre forskarar frå UiB og Bjerknessenteret var han med i eit prosjekt som gjorde oppsiktsvekkjande funn om dei store klimaendringane som prega slutten av denne perioden. Resultata frå denne studien vart i 2009 publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Nature Geoscience og er òg omtala i eit oppslag i På høyden.

Meir pålitelege historiske data

I det nye prosjektet som no får finansiering, er målet å betre datagrunnlaget for modellering av klimaendring i fortida, som er eit viktig grunnlag for prediksjon av framtidig klimaendring. Dei historiske data som finst, er få og ofte ikkje gode nok. Forskargruppa skal skaffe data om  klimavariasjon i polarområda både på den nordlege og den sørlege halvkula, som vil gjere det mogleg å samanlikne korleis ulike klimaforhold samverkar på ein dynamisk måte, og også regionale klimaforskjellar.

For å rekonstruere fortidas klima ser forskarane på korleis fenomen som polaris, havtemperatur og sjøis samverkar. I prosjektet skal det utførast feltarbeid både i polarområda i sør og i nord. I sør skal forskarane vitja Sør Georgia og Kerguelen, i nord Vest-Finnmark og Nordvest sida av Svalbard. Her skal dei mellom anna bygge opp samanliknbare datasett om brevariasjon som vil gje nye høgkvalitetsdata om klimaendringar i den geologiske perioden Holocen, som er perioden etter den siste istida som tok slutt for 11700 år sidan og fram til vår tid. Det å kunne samanlikne datasett mellom hemisfærane er eit av hovudpoenga for å teste ulike hypotesar om synkronitet og mangel på synkronitet i klimasystemet.

Kunnskap om korleis breane varierer i storleik gjer det mogleg å lage nøyaktige rekonstruksjonar av fortidas endringar og mønstre i dei polare vindsystema, fordi desse er nært kopla til den fysiske aktiviteten til breane. Forskarane skal nytte fleire ulike og teknisk avanserte målemetodar i kartlegginga av brevariasjon. Innsjøsediment frå vatn nedstraums frå brear er den einaste metoden som gjev kontinuerlege data som syner korleis ein bre har variert i fortida. For å sikre kvaliteten på dataene er fleire leiande forskingsmiljø og laboratorium både i Europa og i USA med som eksterne forskingspartnarar og rådgjevarar. I tillegg skal  forskarar frå Geovitenskap og Institutt for biologi ved UiB delta i prosjektet med sin ekspertise.

Dei polare stroka er viktige

Klimaet i dei polare områda påverkar det globale klimaet, og kunnskap om klimavariasjon i dei polare områda er derfor svært viktig for kunnskapen om det globale klimaet. Utan gode data om klimavariasjon i dei polare stroka er det svært vanskeleg å vurdere den framtidige betydninga av slike underliggande trender. Klimaprognosane fram mot år 2100 syner at polområda er særs sårbare i ei tid med global oppvarming. Å forstå klimautviklinga på høge breiddegrader i eit lengre perspektiv er difor viktig. Eit problem med mange paleoklimatiske metodar er at det er vanskeleg å få tak i gode data frå polområda, både på grunn av vanskeleg logistikk og på grunn av krevjande vêrtilhøve. Noko av utfordringane i prosjektet vert difor å gjennomføra feltarbeidet under vanskelege forhold langt frå folk.