Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nyheit frå På høyden

Ønskjer Kvarmannsen i politikken

Stortingspresident Dag Terje Andersen meiner at eit mangfald av erfaringsbakgrunnar blant dei folkevalde er avgjerande for demokratiet.

– Profesjonelle politikarar er ei sjølvmotseiing, seier han.

Stortingspresident Dag Terje Andersen har ikkje sansen for politiske broilerar og kallar profesjonelle politikarar ei sjølvmotseiing. Det politiske systemet i Noreg føreset at ein representerer andre enn seg sjølv.

I påvente av grunnlovsjubileet arrangerte programstyret i satsinga ”Demokrati og rettsstat” i går eit seminar om folkemakt, grunnlov og politisk deltaking. Her møtte Stortingspresidenten forskarar frå Universitetet i Bergen til diskusjon. Mangfald blant representantane i Stortinget er noko av det mest sentrale for å sikre demokratiet, og Stortingspresidenten trekte fram Hordalandsbenken som eit godt døme. Her er kvinnene godt representerte med ni av 15 representantar, unge og eldre stortingsrepresentantar med Gina Knutson Barstad (SV) som ein av dei unge og Arne Sortevik frå den eldre garde (FrP), og personar med ulik bakgrunn, mellom anna sjukepleiarar og økonomar.

Les heile oppslaget frå seminaret i På høyden