Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nyheit frå På høyden

Manglar fagleg sjølvtillit

SV-kandidatar frå UiB har så lite fagleg sjølvtillit at dei må jekkast opp før dei skal på jobbintervju, er tilbakemeldinga frå fakultetet sitt arbeidslivspanel.

Men kunnskapen og kompetansen deira er betre enn dei trur.

Dette er den klåre tilbakemeldinga frå arbeidsgjevarar. Dei set pris på den faglege kunnskapen kandidatane frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet har. Men kandidatane sjølve er ikkje like overtydde. Dei stotrar og stammar under jobbintervju og manglar sjølvtillit.

Arbeidslivspanel

Fakultetet har nyleg etablert eit arbeidslivspanel for å finna ut korleis studentane vert mottekne i arbeidslivet. Det var i det fyrste møtet i panelet, den 9. mars, at desse vurderingane av SV-kandidatar kom fram.

Arbeidslivspanelet er leia av visedekan Olaf H. Smedal. I intervju med På høyden seier han at eit sentralt spørsmål er korleis ein kan styrkja kandidatane sin faglege identitet og sjølvtillit mellom anna ved å synleggjera på kva område ulike universitetsutdanningar kan vera nyttige.

Les heile intervjuet med Olaf H. Smedal

Les tidlegare oppslag om fakultetet sitt arbeidslivspanel