Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nyheit frå På høyden

SV best på nivå 2

SV-fakultetet ved UiB er det beste samfunnsvitskaplege fakultetet i landet på nivå 2-publisering og det nest beste fakultetet i landet uavhengig av fagfelt.

Publiseringsnivå 2 vil seia publisering i dei mest verdsette tidsskrifta og forlaga. Ofte er det internasjonale tidsskrift og forlag.

I 2010 var heile 33,5 prosent av alle publiseringspoenga i nivå 2-kanalar. Berre Det samfunnsvitskaplege fakultetet i Oslo er på same nivå, med 30 % nivå 2-publiseringar. Dei andre samfunnsvitskaplege fakulteta ligg på 16 og 17 prosent. Av alle fakulteta i landet kan berre Fakultet for naturvitskap og og teknologi ved NTNU visa til betre tal, med 37,8 prosent nivå 2-publiseringar.

Fakultetet har i fleire år hatt gode publiseringstal, både når det gjeld omfang og andel på nivå 2. Sosiologane publiserer mest, medan antropologane og geografane har oppsiktsvekkjande høge tal for nivå 2-publisering. I 2009 hadde antropologane heile 76 % av publiseringspoenga på nivå 2. I 2010 har geografane meir enn 50 % nivå 2- publiseringar.

Les meir om publiseringsresultata i På høyden