Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Politisk rådgjevar i miljøstiftelsen ZERO

Tale Halsør fullførte ein mastergrad i samfunnsøkonomi våren 2011 og jobbar nå som rådgjevar i miljøstiftelsen ZERO.

Hovedinnhold

Eg har alltid vore interessert i politikk, og eg tenkte at gjennom å studere samfunnsøkonomi kunne eg få eit betre grunnlag til å vurdere politiske saker. Det meiner eg bestemt at stemmer også.

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Eg har alltid vore interessert i politikk, og eg tenkte at gjennom å studere samfunnsøkonomi kunne eg få eit betre grunnlag til å vurdere politiske saker. Det meiner eg bestemt at stemmer også.

Kva går jobben din ut på?

Min første jobb fekk eg i miljøstiftinga ZERO i Oslo. Her jobbar eg som politisk rådgjevar og freister å finne gode verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og også å få dei innført.

Mykje av arbeidet mitt går ut på å finne ut kva som skal til for å få folk til å velje fornybare alternativ i kvardagen, då er ein bakgrunn frå samfunnsøkonomien ein kjempefordel. Det er viktig å kunne forstå korleis økonomien fungerar, kor elastisk etterspurnaden er, kor konsentrert marknaden er eller potensialet for at ei avgift blir velta over på konsumentane. Og ikkje minst er det viktig å kjenne til kvotesystemet i min bransje.

 

Relevante studieprogram: