Hjem
Karriereveier for samfunnsvitere

Prosjektkoordinator for Raftoprisen

Liv Unni Stuhaug synes det beste med geografi er den heilskapelege tankemåten ein tilegnar seg, og at ein tar fleire faktorar med i betraktning når ein ser på ein stad eller eit samfunn. I dag jobbar ho med Raftoprisen, og fagkunnskap frå regionane Asia, Afrika og Latin-Amerika er nyttig bakgrunnskunnskap å ha med seg.

Hovedinnhold

Eg syntes det var veldig kjekt å gjere feltarbeid på masteren, dét er nokre av dei beste minna. Elles syntes eg også det var veldig kjekt å reise på utveksling!

Kan du byrje med å fortelje kva du har studert ved UiB?

Eg byrja på bachelor i utviklingsstudier, og det første året på graden er ein innom litt forskjellige emner, før ein kan velje spesialisering i enten geografi eller økonomi eller admorg eller sosialantropologi. Då valde eg geografi, og gjorde ferdig bachelorgraden, og så tok eg master i samfunnsgeografi.

Kvifor vart det samfunnsgeografi?

Ja, det er eit godt spørsmål. Det var då me på første året på bachelorgraden hadde introduksjonsemner i kvart av dei faga eg nemnde, at eg plutseleg fekk augo opp for samfunnsgeografi og syntes det var veldig spanande, særleg utviklingsgeografi, og det var den introduksjonen til faget som gjorde at det vart slik.

Kva skreiv du masteroppgåve om?

Eg gjorde feltarbeid i Nepal, og skreiv om korleis arbeidsmigrasjon påverkar hushalds levevegsstrategi i ein liten landsby. Når det er mange som migrerer, anten til byar innad i Nepal, eller ut av landet og arbeidar til dømes i Gulf-statar og gjerne blir verande over fleire år – så er det interessant å sjå på korleis det påverkar hushaldet heime i landsbyen. Og så knytte eg denne problematikken til «utvikling».

Har du lyst til å seie litt om kva du tenkjer på som det beste ved studietida di?

Eg syntes det var veldig kjekt å gjere feltarbeid på masteren, dét er nokre av dei beste  minna. Elles syntes eg også det var veldig kjekt å reise på utveksling. På utviklingsstudier var det lagt opp til at ein skulle dra på utveksling, anten til Asia, Afrika eller Latin-Amerika, det syntes eg var veldig bra. Sjølv var eg i Kina. Det var veldig kjekt. Elles så er det kjekt at det er så mange ulike ting ein kan vere med på, så mange ulike studentorganisasjonar, og eg var innom fleire i studietida. Det var faktisk på «MiSide» (studentsidene før «Mitt UiB», red.anm.) at eg såg utlysning til Raftos Studentgruppe, som vart mitt første møte med Raftostiftelsen.

Vil du fortelje litt om overgangen frå studentlivet til den jobben du har i dag?

Før eg byrja å jobbe på Rafto, hadde eg vore i studentgruppa i nokre år og i ein praktikantstilling på Rafto, og slik sett så vart det ein ganske «smooth» overgang til å byrja å jobbe her. Og i jobben min så ser eg masse til studentane som jobbar frivillig her, og det gav også ein mjuk overgang, at eg allereie følte meg litt heime i organisasjonen. Ein ting som er litt uvant, men fint, er å plutseleg ha helgene fri, på ein annan måte enn når ein er student, og kanskje skal lese til eksamen eller gjere mange andre ting i helgene.

Kan du forklare kva stillinga di i dag går ut på og kva som er arbeidsoppgåvene dine?

Som prosjektkoordinator for Raftoprisen koordinerar eg arbeidet som er knytt til den årlege utdelinga av Raftoprisen. Det inneber alt frå å planlegge og gjennomføre arrangement, logistikken rundt, sikre god informasjonsflyt for alle prosjektinvolverte, følgje opp friviljuge ressursar, for eksempel ledelsen av studentgruppa, og i tillegg er eg sekretær for priskomiteen, som arbeider med å finne og utpeike mottakarar av Raftoprisen.

Klarer du å setje fingeren på kva som utpeiker seg som set kjekkaste og mest utfordrande i jobben?

Det er jo mykje kjekt på jobben. Overordna er det veldig kjekt å kunne jobbe med noko ein brenn for, og å få jobbe med så mange andre som brenn for det same. Det kjenner eg meg svært heldig som får gjere. Og så er det både kjekt og utfordrande at det er ein ny pris kvart år, det er jo ein del detaljar vi ikkje kan planlegge før vi veit kven som får prisen, og det er ganske kort tid mellom offentleggjeringa og sjølve utdelinga, og der er det mykje som skal på plass. Men så er det veldig kjekt å sjå når alle går inn og trår til og så får vi bra og viktige arrangement. Det er like kjekt kvart år.

Korleis tenkjer du at du nyttar kompetansen din frå UiB i jobben din?

Gjennom utviklingsstudier og geografistudiene har eg tatt ganske mange emne som har hatt fokus på regionane Asia, Afrika og Latin-Amerika og lært ein del om ulike aspekt ved samfunnet og stader i desse regionane, og mange av prismottakarane våre er jo frå desse områda. Sånn sett er eg glad for at eg har denne kunnskapen med meg. Det eg likar så godt med geografi er at ein får ein så heilskapeleg tankegang. Når du ser på ein situasjon eller ein stad eller eit samfunn, så er fordelen med geografi at du ser kor mange faktorar som spelar inn i ein situasjon. Og generelt det med kritisk tenking som ein lærer på universitetet. Det er svært viktig.

Er det noko du skulle ynskje at nokon hadde fortald deg då du var ny student?

Ja, eg skulle ynskje at nokon hadde fortald meg at eg ikkje skulle vere redd for å spørje om hjelp til korleis ein strukturerer ei god eksamensoppgåve eller forsvarar ei oppgåve. Ta imot tips! Og sjølvsagt «gjer andre ting ved sidan av studiene». Organisasjonserfaring er til dømes eit fint supplement til studiene, og det er mange fine studentorganisasjonar i Bergen, og ein har som student stort høve til å leggje opp dagen som ein vil, og då må ein jo utnytte det!

 

Bergen, 16. desember 2016

Publisert av: EMH