Hjem
Karriereveier for samfunnsvitere

Doktorgradsstipendiat ved Sosiologisk Institutt

Rebecca Dyer Ånensen starta på doktorgraden sin 1. april 2015. Sjølv hadde ho ikkje trudd at ho kom til å bli doktorgradsstipendiat, men er idag glad for at ho søkte. Doktorgradsprosjektet hennar omhandlar overgangen til vaksenlivet i familiar med minoritetsbakgrunn, og er del av prosjektet «Intergenerational transmissions in the transition to adulthood» ved Sosiologisk institutt.

Vi har eit godt samhald i PhD-gruppa på Sosiologisk institutt. Vi gjer mykje sosialt saman i tillegg til at vi møtes ca. ei gang i månaden for å lese og kommentere kvarandre sine tekstar, noko som gir god støtte og motivasjon.

Kva var det som gjorde at du starta på doktorgrad ved UiB?

Det var eigentleg rettleiaren min på master som hadde trua på at eg kunne gjere ein doktorgrad, og at eg kunne skrive noko som relaterte seg til hennar prosjekt. Utan henne hadde eg vel ikkje tenkt tanken sjølv, og ho anbefalte meg veldig å søke. Det var avgjerande for min del, at nokon oppmoda meg til å søke.  Eg var eigentleg litt i tvil om det kom til å gå. Eg var ganske utslitt  etter at eg var ferdig med masteren min og stipendiatstillinga eg søkte på vart utlyst berre nokre månader etter eg leverte, men eg fekk inn en søknad og det er eg jo veldig glad for no.

 

Søkte du på ein stipendiatstilling som var tilknytt eit prosjekt?

Nei, eg søkte på ein open stilling. Etter at eg leverte masteroppgåva mi i slutten av mai 2014 arbeidde eg som vitskapeleg assistent på eit prosjekt ved instituttet, «Intergenerational transmissions in the transition to adulthood». Då eg skulle skrive søknad til doktorgradsstillinga, var eg ikkje heilt klar for å  ta opp att tematikken frå masteroppgåva, og ettersom eg treivst på det prosjektet eg var vit.ass på, og fordi rettleiaren min var tilknytt det same prosjektet, skreiv eg ei prosjektskildring som var retta mot det prosjektet.

 

Kan du fortelje litt om doktorgradsprosjektet ditt, kva handlar avhandlinga di om?

Det handlar om overgangen til vaksenlivet og familien si tyding i den overgangen. Felles med det større prosjektet ynskjer eg å undersøkje tydinga av intergenerasjonelle overføringar av materielle og ikkje-materielle verdiar innan familiar under overgangen til vaksenlivet. Spesielt for mitt prosjekt er at eg har fokus på familiar med minoritetsbakgrunn. Eg gjer biografiske intervju med 2-3 generasjonar i familiar med minoritetsbakgrunn, hovudsakleg med bakgrunn frå Pakistan og Vietnam kor mange av de tidlegaste innvandrarane til Norge har sin bakgrunn frå. I mitt utval er den yngste generasjonen i familiane fødd og oppvaksen i Noreg medan dei to eldre generasjonane har innvandra til Noreg på ulike tidspunkt i sine livsløp. Eg ynskjer å samanlikne desse familiane med familiar frå majoritetsbefolkninga som mine kollegar på det større prosjektet har intervjua. Dette for å undersøkje korleis overføringar av materielle og ikkje-materielle ressursar innafor familiar er knytt til sosial ulikhet på tvers av nasjonale samanhengar og historiske periodar.

Doktorgraden din handlar ikkje om det same som mastergraden din handla om?

Nei, masteroppgåva mi handla om boss og korleis folk forhold seg til det dei vel å kasta, og ikkje overgang til vaksenlivet som eg skriv om no. Men eg har tenkt at eg ynskjer å ta opp att den tematikken ved eit seinare høve, skrive ein artikkel basert på masteren, til dømes, fordi det er eit morosamt tema. Det kunne nok vore ein fordel å skrive om det same temaet som på mastergraden, ettersom eg hadde satt meg godt inn i feltet og litteraturen, men det har vore interessant å bli kjent med eit nytt felt, sjølv om eg har opplevd at eg har hatt mykje å «ta igjen». Men det har vore ein fordel å vere tilknytt eit eksisterande prosjekt - om eg skulle ha skrive om boss ville eg ha vore ganske åleine om temaet, ettersom det ikkje er så mange ved instituttet som er kjend med den tematikken.

 

Kan du fortelje litt om korleis det er å vere stipendiat?

Det er svært varierande. Det er mykje «ansvar for eigen læring» som ein seier, hehe. Eg er tilsett på fireårskontrakt, som inneber at 25% er «pliktarbeid» for instituttet, altså eitt år skal gå til seminar, undervisning, og sensur. Eg synest det er veldig kjekt. Eg hadde ikkje tidlegare vore seminarleiar, så no fekk eg sjansen til å prøve det, og det likar eg svært godt. Eg skal også holde nokon forelesingar etter kvart, noko eg både gler og gruar meg til. Eg er halvvegs i løypa no, og desse to åra har gått så utruleg fort. Eg tenkte før at «fire år er god tid», men det har verkeleg gått i eitt.

 

Når det gjeld prosjektet svingar det veldig mellom det å oppleve at eg veit kva eg held på med, til å tenke at eg absolutt ikkje veit kva eg held på med! Eg er framleis i datainnsamlingsfasen, så forhåpentlegvis vil ting bli klarare etter kvart som eg kjem lengre i analysen.

 

Kva er det beste, og verste, med å vere doktorgradsstipendiat?

Det beste, og det verste, er at det er veldig fleksibelt. Om ein klarer å halde fokus og ha god driv, er det fint, men dei periodane når ting går treigt gjer det det vanskeleg at ein har så mykje fleksibilitet. Det aller kjekkaste er jo at ein får lov til å finne ut av noko ein lurar på, få utforske eit tema ein er interessert i, og det er jo grunnen til at ein gjer dette. Men det er ikkje alltid så lett å motivere seg sjølv, alt står og fell på deg og det kan innimellom verke overveldande. Då er det fint at vi også får anledning til å reise på internasjonale konferansar og seminar, det kan vere veldig inspirerande! Dessutan har vi eit godt samhald i PhD-gruppa på Sosiologisk institutt. Vi gjer mykje sosialt saman i tillegg til at vi møtes ca. ei gang i månaden for å lese og kommentere kvarandre sine tekstar, noko som gir god støtte og motivasjon.

Korleis var overgangen til det akademiske arbeidslivet?

Eg hadde jo hatt ei lita stilling som vit.ass, men det var berre 30%. Det som gjer det annleis frå å vere masterstudent – det er jo fleire ting som er likt i arbeidet med prosjektet, sjølv om doktorgradsprosjektet er større  –  er at ein får vere med å undervise og rettleie studentar og  være involvert i instituttet på ein heilt anna måte enn ein var som student. Det er til dømes ganske interessant, etter så mange år som student sjølv, å sensurere eksamenar og lese det studentane skriver, det kan vere ganske morosamt.

Har du nokre tips til framtidige eller noverande stipendiatar?

Mitt beste tips er vel å skrive om noko som ein verkeleg interesserar seg for, som ein synest er veldig spanande og som ein verkeleg ynskjer å finne ut av. Eg synest det å skrive er ganske tungt og vanskeleg, så det er nysgjerrigheita som driv meg og det å ha noko som eg ynskjer å finne ut av og formidle er det som motiverer meg til å skrive. Den motivasjonen er verkelg gull verdt!

 

Bergen, 10. mars 2017

Publisert av: Evelyn Myrå Holmøy