Hjem

Senter for vitenskapsteori

INFORMASJON

SVT flytter til nye lokaler i Parkveien 9

I romjula har Senter for vitenskapsteori flytta ut frå kontora i Allégaten 34, og inn i nye lokaler i Parkveien 9, mellom Nygårdsparken og Studentsenteret

bygningsfasade
Senter for vitenskapsteori sine nye lokaler i Parkveien 9
Foto:
Tomas Salem

Etter fleire år med flytteplaner har Senter for vitenskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforskning no flytta inn i Parkveien 9. Allégaten 34, der SVT har hatt kontor dei siste åra, har no blitt seld. Dei nye kontora ligg i ein av dei mest karakteristiske murvillane frå nyrenessansen i Bergen, og vart oppført i 1885-86. I seinare tid har villaen mellom anna husa ein pleieheim og kontorer. Bygget er freda, og har tilhøyrt UiB sidan 1993. Det har tidlegare husa Eigedomsavdelinga og administrasjonen til Universitetsmuseet.

Fleire av arrangementa ved SVT utover vinteren og våren vil finne stad i det nye bygget, og studentane ved SVT treff studiekonsulent og vitskapleg tilsette i det nye bygget, medan undervisninga vil finne stad i anviste rom og forelesingssalar ved det Humanistiske Fakultetet. SVT ynskjer alle tidlegare og nye studentar velkommen til eit nytt semester.