Hjem
Senter for vitenskapsteori
Webinar

Drivers of change, risks and opportunities: navigating an uncertain and complex world

I samband med rapporten dei nyleg publiserte, organiserar European Environment Agency (EEA) eit webinar der professor ved Senter for vitskapsteori (SVT), Jeroen van der Sluijs, er innleiar og professor II ved SVT, Silvio Funtowicz, er paneldeltakar.

Solar panels
EEA-rapporten hevdar at ulike globale og europeiske trendar ikkje berre inneber berekraftsutfordringar og nye risikoar, men og også moglegheiter for positiv endring.
Foto/ill.:
Chelsea/Unsplash

Hovedinnhold

Om EEA

European Environment Agency (EEA) tilbyr grundig og uavhengig informasjon for dei som jobbar med å utvikle, inkludere, gjennomføre og evaluere lovgiving om miljøet, samt for ålmenta. I tett samarbeid med European Environmental Information and Observation Network (Eionet) og deira 32 medlemsland samlar EEA data og produserar vurderingar om eit stort utval av tema relatert til miljøet.

EEA-rapporten

EEA-rapporten gir ei grundig karakterisering av utviklingar som spenner frå demografiske skifter til sprang i teknologisk nyvinningar, og frå global konkurranse om naturressursar til endringar i det geopolitiske landskapet og menneske sin livsstil. Rapporten kastar også lys på kva desse utviklingane potensielt kan innebere for store lovgivingsprosessar som European Green Deal (EGD) i EU og FN sine berekraftsmål

Les heile EEA-rapporten her: Drivers of change of relevance for Europe's environment and sustainability. Prosjektleiar for rapporten, Benini ved EEA, vart også nyleg intervjua.

Webinar: Drivers of change, risks and opportunities: navigating an uncertain and complex world

Webinaret blir eit høve til å reflektere over beviset sin natur og vår kunnskapsbase sett i lys av usikkerheit og kompleksitet, berekraftsutfordringar og moglegheitene for overgang til berekraftige løysingar i Europa. Innleiarar og paneldeltakarar består av ekspertar som jobbar innanfor "science-policy interface," sosiale prosessar som inkluderar relasjonar mellom vitskapsfolk og andre aktørar i lovgiviingsprosessen.

Webinaret blir halde på engelsk.

Programutkast

Chair: Jock Martin (Head of Integrated Assessment for Sustainability, EEA)

09:30 – 09:35  - Welcome and objectives of the webinar

09:40 – 10:10 – Driver of change of relevance for Europe’s environment and sustainability (Lorenzo Benini, EEA)

10:15 – 10:45 – Uncertainty, risks and the precautionary principle (Jeroen van der Sluijs, Professor at SVT, University of Bergen) 

10:45 – 11:50 – Panelist session facilitated by the chair

-        Serenella Sala (Joint Research Centre of the European Commission)

-        Lieve van Woensel (Panel for the Future of Science and Technology, European Parliament)

-        Silvio Funtowicz (Professor II at SVT, University of Bergen)

11:50 – 12:00 – Concluding remarks

NB: Webinaret er kun for inviterte.