Hjem
Senter for vitenskapsteori

Rasjonalitet og modernitet, 2009 Gunnar Skirbekk

I spenninga mellom postmodernistisk relativisme og scientistiske og religiøse overtydingar om at ein forpaktar Sanninga og Den rette læra, kva kan vi stille opp med? Finst det éi fornuft som er forpliktande for alle, men som likevel er sjølvkritisk og open for tvil? Er det den som vart utvikla ved ulike moderniseringsprosessar, frå opplysningstida og framover? I denne boka skal vi drøfte førestillinga om ei diskursiv og pragmatisk fornuft i spenningsfeltet mellom universell gyldigheit og kontekstuell situering.

Hovedinnhold

Ved gjensidig drøfting av ”kontekstuell prakseologi”, som hos den seine Wittgenstein, og ”universalpragmatikk”, som hos Apel og Habermas, skal vi argumentere til fordel for ein ”gradualistisk meliorisme”. Denne tenkjemåten spring ut av den ”pragmatisk-lingvistiske vendinga”, med fokus på samhandlingar og talehandlingar i livsverda. For å få fram høvelege omgrep om allmenne gyldigheitsspørsmål blir det nytta eksempelorienterte tankeeksperiment og diskursiv refleksjon. Ulike typar ”absurditetsargument” spelar ei viktig rolle. Det same gjer ideen om ”det betre argument” som ein ufråkomeleg regulativ idé. Dette viser til ein prosedural universalitet, som er innebygd i konkrete talehandlingar blant situerte og feilbarlege personar, og som utfaldar seg ved diskusjon og refleksjon. Fornufta framstår her som ein diskursiv samhandlingsprosess, på same tid situert og forplikta på gode grunnar.

Rasjonalitet og modernitet
Essays i filosofisk pragmatikk
Universitetsforlaget, 2009

ISBN 978-82-15-01459-3

Heimsidene