Hjem

Universitetsbiblioteket

SPRÅKSAMLINGANE

Ordbøker (Leksikografi)

Språksamlingane inneheld omfattande ordboksdata til bokmål og nynorsk, samt gammalnorsk (sjå gammalnorsk og norrønt). Språksamlingane gir tilgang både til oppdaterte normerande ordbøker (rettskrivingsordbøker) og dokumenterande ordboksressursar.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka

Nettordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka er ein viktig kanal for Språkrådets normering av norsk språk. Nettordbøkene vert drivne av Språkrådet og Universitetet i Bergen i tett samarbeid og på ei sams digital plattform. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, bøyningsformer og ei kortfatta ordhistorie.

Frå  1. januar 2018 og dei neste 5½ år er nettordbøkene under revisjon med nytt ordtilfang, revisjon av definisjonane samt opparbeiding av meir samsvar mellom nettordbøkene. I tillegg kjem ei modernisering av den digitale plattforma for ordbøkene. 

Språkrådet er førstelinjeteneste for språklege og språkfaglege spørsmål til nettordbøkene og Språksamlingane. 

Norsk Ordbok

Ordboka over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet - gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.

Norsk Ordbok er ikkje ei rettskrivingsordbok for moderne nynorsk. Oppdatert informasjon om gjeldande skrivemåtar og bøyingsformer av ord er tilgjengeleg i Nynorskordboka.

Siste band av Norsk Ordbok vart lansert 9. mars 2016. I ferdig form vil ordboka innehalde meir enn 330 000 ordartiklar. Dei eldste delane av ordboka er ikkje digitalt tilgjengelege. Det ligg føre planar om ferdigstilling av desse delane, men finansiering er førebels ikkje på plass.

Søk i ordboka kan førebels berre skje i alfabetstrekket "i–åværig" i alt 220 000 ordartiklar.
Verket finst i trykt form og kan tingast her.