Hjem

Universitetsbiblioteket

SPRÅKSAMLINGANE

Navnegransking

Språksamlingene inneheld ei rekke databasar med namn, i hovudsak stadnavn. Dei vert brukte både i forskinga og forvaltinga av Lov om stadnamn. Ikkje alle basar er på nettet i skrivande stund, men blir løpande tilføydde.

Den nasjonale stadnamnbasen

Den nasjonale stadnamnbasen inneheld om lag 700 000 namn totalt i Stedsnavnarkivet og Oppslagsarkivet (fordelte på Heradsregisteret, Stadnamnsamlinga ved UiB ein del einskildsamlingar og seternamnregisteret). I tillegg inneheld basen 3 700 originale innsamlingskart i Kartarkivet.
Materialet er tilgjengeleg på nettet – sjå lenke til høgre, og er søkbart i søkeformular på oppslagsform, fylke og herad. Det er òg søkbart på standardledd (-skog, -bø, -heim osv.), som er viktig for bruk av dokumentasjonsressursen i språkvitskapleg samanheng. Enkeltbasar kan òg søkast fram. Informasjon kan lesast frå setelvisningar i bildeformat. Lydskrifta som er brukt, er i hovudsak norvegia. Potensialet for utnytting av dette materialet i forsking, forvaltning og undervisning er stort.
Søkjeskjemaet er enkelt å bruke, det inneheld rullemenyar og det finst ei kort brukarrettleiing som gjev supplerande informasjon om søkjekategoriane. Funksjonaliteten er tenkt oppdatert med nye søkefasilitetar i framtida.

Etymologiregisteret

Etymologiregisteret inneheld om lag 150 000 oppføringar med utdrag frå faglitteratur frå perioden 1913-1995. Registeret består av kopiar av papirsetlar frå Uppsala. Dette registeret inneheld systematiserte opplysningar til bruk i språkvitskapleg forsking. Registeret gjev god supplerande informasjon til t.d. diakrone studiar av morfologi og fonologi. Basen er av stor verdi for arbeidet med forvaltninga av lov om stadnamn.