Hjem
Universitetsbiblioteket
Nyhet

UiB sitt nye forskingsdataarkiv er klar til bruk

No er det mogleg å tilgjengeleggjere forskingsdata dine i UiB sitt opne forskingsdataarkiv.

UiB har fått sin eigen del av Dataverse.no, som også mange av dei andre UH-institusjonane nyttar. Dette er eit alternativ for forskarar/fagmiljø som ikkje allereie brukar eit etablert arkiv innan forskingsområdet sitt.

Kvifor har UiB fått eit slikt arkiv?

Fleire forskingsfinansiørar og tidsskrift har krav om at forskingsdata skal vere opent tilgjengeleg, både for å auke gjenbruk av data og for meir openheit i forskinga. Ein del fagområde har etablerte arkiv innan sine fagområde, men mange har det ikkje. Desse vil no ha eit tilbod om å tilgjengeleggjere data sine i UiB Open Research Data.

Korleis fungerer det?

Alle UiB tilsette kan logge seg inn via Feide, og laste opp datasett. Det er ein del krav til dokumentasjon og til sjølve datasettet, men dette er det gode skildringar på i brukarrettleiinga. UB vil kuratere datasetta som kjem inn, og gje tilbakemelding på eventuelle manglar/endringar som må på plass før datasettet vert tilgjengeleggjort. Datasettet vil få sin eigen DOI, og kunne refererast til t.d. i publikasjonar eller søknadar.

Kva er fordelane med å tilgjengeleggjere forskingsdata?

  • Data er tilgjengelege for ettertida, både for deg sjølv og andre
  • Sidan det er krav om dokumentasjon av datasettet vil det vere forståeleg for deg sjølv og andre også etter ei tid
  • Du oppfyller krav til tilgjengeleggjering av forskingsdata frå finansiørar og tidsskrift
  • Allereie innsamla data kan brukast av andre, til å sjå på andre sider ved dataa eller samanstille dei med andre data

Korleis kjem eg i gang?

Logg inn i arkivet med Feide, les om korleis du førebur data dine for opplasting og last dei opp. Ta kontakt med Universitetsbiblioteket dersom du har spørsmål.