Hjem
Universitetsbiblioteket
Fagleg seminar for språksamlingane

Fagleg seminar for språksamlingane hausten 2020

Språksamlingane inviterer til sitt årlege arrangement Fagleg seminar. I år er det språksamlingane sin faglege breidde som står i fokus. Inviterte føredragshaldarar frå ulike fagdisiplinar viser fram korleis språksamlingane kan vere ein ressurs i språkforsking og anna forsking. Interesserte forskarar, undervisarar og studentar er hjerteleg velkomne!

 

Arrangementet finn stad på Litteraturhuset i Bergen, frå torsdag 19. november 2020 kl. 13.00 til fredag 20. november 2020 kl. 14.00. Vi vil også streame føredraga. Viss koronasituasjonen tilseier at vi ikkje kan møtast i Bergen i november 2020, vert heile seminaret gjennomført digitalt. Vi kan måtte gjere slike endringar på kort varsel.

 

Deltaking på seminaret inkluderer ei lita deltakingsavgift på 500 kr (studentar 250 kr). Vi inviterer også alle som har lyst til å delta på middag om kvelden 19. november (om lag 500 kr). Meld deg på her innan 28. august 2020.

 

Vi legg ut programmet her så snart det er klart. 

 

Føredragshaldarar og titlar på føredraga:

 

Philipp Conzett, UiT Noregs arktiske universitet: Kor FAIR er norske språkdata?

 

Line Esborg, Universitetet i Oslo: tittel kommer

 

Peder Gammeltoft, UiB, leiar for Språksamlingane: Ny nasjonal portal for stedsnavn

 

Benthe Kolberg Jansson og Karine Stjernholm, Høgskulen i Østfold: På sporet av Ingeborg Hoff i Østfold

 

Margunn Rauset, prosjektleiar for revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka ved UiB: Kvifor glimrar visse frasar med sitt fråvære i standardordbøkene? Fraseforsking med utgangspunkt i det leksikografiske materialet i Språksamlingane

 

Juliane Tiemann, Universitetet i Bergen: Seddelarkiv som forskningsressurs: Grunnlag for en ny korpusanalyse til den gammelnorske Konungs skuggsjá

 

Krister Vasshus, Universitetet i Bergen: Døme på stadnamnsamlingane som forskingsressurs

 

Leiv Inge Aa, NTNU: Å