Hjem
Universitetsbiblioteket
UiB 75 ÅR

Norsk stadnamnarkiv i 100 år

Jubileumskonferanse i Bergen 27.–28. oktober 2021

bilde
Foto/ill.:
Språksamlingane

Hovedinnhold

I år er det hundre år sidan Norsk stadnamnarkiv vart skipa. Arkivet har har hatt skiftande organisering og plassering, men er no ein vital hundreåring i Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Arkivet har gått frå å vera eit forskingsarkiv til òg å vera ein viktig reiskap forvalting for stadnamnlova. Jubileumskonferansen er difor av interesse for forskarmiljøa på tvers av faggrenser og for offentleg namnerøkt og namnebruk.

 

Stadnamn – språk, historie og landskap. Namnevitskapen i går, i dag, i morgon

Den 1. juli i 1921 kom den fyrste løyvinga til eit nasjonalt arkiv for stadnamn, og difor reknar ein denne dagen som skipingsdato for arkivet. Frå starten heldt arkivet til i Oslo, og Gustav Indrebø var fyrste styraren. Då Indrebø vart tilsett som professor i vestnorsk målgransking i Bergen i 1930, vart arkivet liggjande nede i fleire år, men i 1939 tok verksemda seg opp att. Arkivet vart statsinstitusjon, flytt til Bergen og fekk på ny Gustav Indrebø til styrar. I 1944 vart arkivet flytt attende til Oslo og frå 1979 vart det lagt inn under Universitetet i Oslo. Der fekk arkivet ei litt skiftande organisering og skiftande namn. I 2016 vart så stadnamnsamlinga på ny overførd til Universitetet i Bergen.

Over åra har Stadnamnarkivet gått frå å vera eit forskingsarkiv til òg å vera ein viktig reiskap forvalting for stadnamnlova. Konferansen er difor av interesse for forskarmiljøa på tvers av faggrenser og for offentleg namnerøkt og namnebruk.

Ein slik viktig nasjonal institusjon må feirast når han rundar 100 år. Men det er meir enn ei feiring. Jubileet må nyttast til å visa fram verdien og oppgåvene til Stadnamnarkivet, og det ansvaret samfunnet har for det. Arkivet må atter setjast på den nasjonale dagsordenen, og Universitetet i Bergen må trekkjast fram som ein viktig husvert og støttespelar for det vidare arbeidet med det.