Hjem
Universitetsbiblioteket
Akademisk lunsj

Religion i moderne samfunn – med Gunnar Skirbekk

Mangt er sagt om religion i vår tid, ut frå ulike vinklingar. Temaet i denne boka er «religion i moderne samfunn», og vinklinga er modernitetsteoretisk, i eit vitskapsfilo­sofisk perspektiv.

bilde
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Første del av boken handlar om forholdet mellom vitskap og religion, i eit vitskapsteoretisk perspektiv. Andre del handlar om religion og ytringsfridom, slik det ter seg i moderne rettsstatar. Tredje del handlar om religion og religionspolitikk i moderne og generøse velferdsstatar. Fjerde og siste del drøftar eit par aktuelle bidrag i diskusjonen om religion i moderne samfunn, nemleg Jürgen Habermas’ bokverk frå 2019 og ei bok om islam av den tyrkisk­amerikanske samfunnsvitaren Ahmet T. Kuru.

Det blir tid til samtale og spørsmål etter foredraget.

Gunnar Skirbekk er ein velkjend filosof. I denne boka skriv han om nokre av dei mest omdiskuterte tema her i landet i dei siste åra.

Akademisk lunsj er et samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek, NHH, HVL og Universitetsbiblioteket