Hjem
Universitetsbiblioteket
Akademisk lunsj

Berekraftig utvikling i akademia- lever som vi lærer?

Høgskulen på Vestlandet framhald i sin strategi at institusjonen skal vera en drivkraft innan berekraftig utvikling, og at det tydeleg skal reflekterast i heile vår verksemd.

Portrettbilde
Foto/ill.:
HVL

Hovedinnhold

Akademia og institusjonar som Høgskulen på Vestlandet spiller ei viktig rolle både i utdanning av samfunnsborgarar og kunnskapsutvikling. Samstundes får akademia gjennom media kritikk for ikkje å inkludera drift av eigen verksemd, som reiseaktivitet og berekraftige innkjøp av varer og tenester, når berekraft setjast på agendaen.

Høgskulen på Vestlandet framhald i sin strategi at institusjonen skal vera en drivkraft innan berekraftig utvikling, og at det tydeleg skal reflekterast i heile vår verksemd. Prorektor for forsking ved HVL, Gro Anita Fonnes Flaten og klima- og berekraftkoordinator, Siri Smith vil i denne presentasjonen gje tilhøyrarane eit innblikk i kordan høgskulen jobbar, visa fram spanande døme og reflektera rundt denne utfordringa.

Akademisk lunsj er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Bergen Offentlige Bibliotek, NHH og HVL.