Hjem
Universitetsbiblioteket
Akademisk lunsj

Olga Dysthe: Dialogisk pedagogikk – kva, kvifor og korleis?

Dei tre spørjeorda i tittlen viser til hovudliner i foredraget. Først blir sentrale kjenneteikn ved dialogisk pedagogikk løfta fram. Deretter grunngir Dysthe kvifor det er viktig for undervisarar i alle fag å ha ei dialogisk tilnærming.

Portrettbilde
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

I dette foredraget nærmar Dysthe seg temaet gjennom glimt frå si eiga livsreise, med utgangspunkt i ein liten grendaskule i Stryn, til lektor i Tromsø og undervisar og forskar ved Institutt for pedagogikk ved UiB, - inspirert undervegs av dialogfilosofar gjennom tidene frå Sokrates til Bakhtin.

Dei tre spørjeorda i tittlen viser til hovudliner i foredraget. Først blir sentrale kjenneteikn ved dialogisk pedagogikk løfta fram. Deretter grunngir Dysthe kvifor det er viktig for undervisarar i alle fag å ha ei dialogisk tilnærming. Konkrete eksempel både frå eiga erfaring og frå forsking vil illustrere korleis dialogisk pedagogikk kan praktiserast på ulike læringsarenaer: skule, høgare utdanning og museum.

Olga Dysthe er professor emerita ved Institutt for pedagogikk, Psykologisk fakultet, UiB. I november blei ho tildelt Kongens fortenestmedalje «for sitt omfattende arbeid med dialogbasert undervisning og læring» (På Høyden 30.11.2021.)

Akademisk lunsj er et samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek, Universitetsbiblioteket, HVL og NHH.