Hjem
Universitetsbiblioteket
Akademisk lunsj

Er ytringsfridom eit allmenngyldig prinsipp? Foredrag med Gunnar Skirbekk

Portrettbilde
Foto/ill.:
Aud Gjersdal

Hovedinnhold

Er ytringsfridom eit allmenngyldig prinsipp? Eller berre ein vestleg verdi, i ei globalisert verd prega av kulturelt mangfald og geopolitiske spenningar?

Eit velkjent og stridig tema, i mange samanhengar – jf striden om karikaturane i Jyllandsposten.

Derfor, to spørsmål:

- I kva forstand er det mogleg å grunngi ytringsfridom som eit allmenngyldig prinsipp, forpliktande for oss alle, alle vi som lever i dag, i dagens kriseramma samfunn?

- Og i så fall, kva for grep må til for å styrke ein open og opplyst ytringskultur, mellom anna med brodd mot ‘fake news’ og manglande opplysning?

Gunnar Skirbekk, professor em. i vitskapsfilosofi ved UiB, tar utfordringa.