Hjem
Universitetsbiblioteket
Akademisk lunsj

Ser du språket i byrommet?

Bilde
Foto/ill.:
Ukjent

Hovedinnhold

Velkommen til akademisk lunsj!

Dei fleste av oss vil kanskje først og fremst tenkje på kva byrommet kan fortelje oss om kulturhistoria, men byen kan også vere ei rik kjelde til kunnskap om språk, mellom anna gjennom gatenamn, skilt, graffiti og skrift.

Dette er utgangspunktet for prosjektet Språkspor i byen som blei starta opp ved Høgskulen på Vestlandet i 2021. Gjennom studentaktive læringsformer har studentar på lærarutdanninga arbeidd med å bruke staden som utgangspunkt for læring i norskfaget, og resultatet blir formidla som språkpostar. Språkpostane er tilgjengelege for alle interesserte, men kan også inngå som ein del av undervisninga i skulen.

I dette lunsjseminaret skal me syne korleis byrommet som me bevegar oss rundt i er ei utømmeleg kjelde til kunnskap om språket vårt.

Foredrag med Trude Bukve og Ingvil Brugger Budal.