Hjem
Universitetsbiblioteket
Lånereglar

Lånereglar

Reglar for utlån og bruk av Universitetsbiblioteket sine tenester

Hovedinnhold

Universitetsbiblioteket i Bergen låner ut bøker og anna materiale, og gjev tilgang til informasjon i elektronisk form til studie- og forskingsbruk. Universitetsbiblioteket brukar e-post eller sms til å senda melding til lånarane. Brot på lånereglane kan føra til tap av rett til lån og andre tenester.

LÅNEKORT Lån av bøker og andre dokument krev lånekort ved Universitetsbiblioteket. Lånekortet gjeld ved alle biblioteka. Lånekortet er personleg. Tap av kort må snarast meldast til biblioteket. Lånar pliktar å sjå til at opplysningane om adresse, telefon, e-post m.m., er korrekte. Ein får lånekort mot framvising av gyldig legitimasjon med bilete. Studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen brukar eige studie-/id-kort som lånekort.

LÅNETID OG REGLER FOR UTLÅN Normal lånetid er 4 veker. Dersom ingen har reservert dokumentet, blir lånetida automatisk fornya inntil maksimal utlånstid er oppnådd, som regel etter 4 månader for studentar og 6 månader for tilsette. Dersom andre reserverer dokumentet, blir lånar varsla pr epost/SMS om ny forfallsdato. Lånetida må haldast. Ved lengre fråver frå institusjon/arbeidsplass, f.eks. studieopphold i inn-/utland, skal utlånt materiale leverast inn. Vidarelån til andre er ikkje tillate.
For pensumlitteratur gjeld eigne reglar. Noko materiale er pålagd spesielle lånerestriksjonar.

PURRING OG KRAV Når utlånt materiale ikkje er innlevert etter to purringar, vil lånar ved utsending av innkalling tredje gong få erstatningskrav og bli nekta vidare lån. Lånar er erstatningspliktig for sine lån og kan gjera opp for seg på ein av tre måtar: levera inn det utlånte materialet, skaffe eit erstatningseksemplar eller betale minst NOK 1000,- per dokument med Vipps eller faktura. Vend deg til ditt bibliotek for å gjera dette.  Krav som ikkje blir innfridde overføres til Kredinor for videre innfordring. 

TAPT/SKADD MATERIALE Lånar må erstatte tapt eller skadd materiale. Understreking eller notering i bøker blir rekna som skadeverk. Tapsmeldt materiale som seinare kjem til rette, er framleis biblioteket sin eigedom. 

ELEKTRONISKE DOKUMENTER Elektroniske tidsskrift og andre elektroniske dokument kan lesast på alle PC-ar knytte til Universitetet sitt nettverk.

FJERNSTUDENTAR Se egne regler for fjernstudenter

LÅN FRÅ ANDRE BIBLIOTEK UB kan låna inn studie- og forskingsrelevant litteratur frå andre bibliotek for tilsette og studentar ved UiB. Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og høvet for fornying av lån.

Det er eigne reglar for Biletsamlinga og for andre spesialsamlingar.

For nokre tenester krev biblioteket gebyr frå brukar.

Det kan i særskilte høve bli gitt dispensasjon frå lånereglane.

Oppdatert: 17.06.2021 (Først publisert: 08.12.2008)