Hjem

Universitetsbiblioteket

Nyhet

Det hjelpsame biblioteket fyller 25 år.

For 25 år siden, onsdag 14. mars 1990 opna «Det samfunnsvitenskaplige fakultetsbiblioteket» dørene sine i 2. høgda i «Nye Tornøe» i Hermann Foss gate 6 dørene sine for fyrste gong.

Ordsky der det største ordet er Hjelpsomt
Slik oppfattar våre brukarar oss

«UBBSV» som det vart heitande på brukarmunne (etter lokaliseringskoden i BIBSYS-katalogen) var eit kvantesprang i bibliotektenestene for studentar og tilsette ved SV-fakultet – med bøker og tidsskrift på opne hyller, ope kvar dag , også laurdag, og med kunnskapsrike og entusiastiske medarbeidarar som både kunne svara både på bibliotekfaglege og faglege spørsmål.

 

UBBSV var den første eininga ved Universitetsbiblioteket som fekk heile samlinga si katalogisert i BIBSYS og som dermed kunne innføra «automatisert» utlån. Ettersom boksamlinga kom både frå instituttbiblioteka ved SV-fakultetet og frå UB sine eigne samlingar vart det gjort eit stor arbeid med å katalogisera bøkene for å få dei inn i ei samling. På sitt mest omfangsrike var hyllene på UBBSV fylte med 80 000 bøker og 1,4 km tidsskrift – totalt om lag 110 000 katalogiserte dokument. Men då var biblioteket fullt og vel så det.

 

Men dette bar frukter i den bruken studentar og tilsette gjorde av biblioteket. I 1995 registrerte biblioteket 43 785 utlån, av det 31 505 til studentar. Etter utlånstal var UBBSV då det femte største vitskaplege biblioteket i Noreg. Utlånet var ikkje minst ein konsekvens av ein brukarstyrt tilvekstpolitikk  der «vi kjøper dei bøkene du ber oss om», som i sin tur var del av satsinga på biblioteket som eit fagleg lågterskeltilbod – ikkje minst retta mot lågare grads studentane.

 

Sidan biblioteket var fullt, var UBBSV første avdeling ved UB som utan atterhald omfamna det elektroniske tidskriftet. I 2004 vart det mest av papirtidsskifta sette i magasin og plassen brukt til arbeidsplassar for studentar  etter formelen 12 hyllemeter er lik ein arbeidsplass.

 

I 2004 vart det vedteke at Griegakademiets bibliotek skulle samlokaliserast med Det samfunnsvitenskapelige fakultetsbibliotekti større og nyoppussa lokalitetar i «Nye Tornøe». Etter mykje om og men vart «Bibliotek for samfunnsvitskap og Musikk» opna i august 2008. Over to høgder omfatta det nye SAM-biblioteket både ei boksamling på vel 60 000 band,480 hyllemeter tidsskrift, ei musikaliasamling med over 30 000 notar, filmar, CDar og, som eit minne om at bibliotek er til for å ta vare på fortida, ei samling på over 1000 LP-plater – men viktigast av alt: eit «læringssenter» med om lag 240 arbeidsplassar, dei fleste med PC, i første rekke meint som eit tilbod til bachelorstudentane ved SV-fakultetet.  Det var og eit framsteg at IT-avdelinga plasserte ein av sine assistentar, «PC-vakter» i læringssenteret.

 

Sjølv om bokutlånet 25 år etter berre er halvparten av det det var, er bruken av biblioteket og læringssenteret større enn nokon gong. Framleis er lågare grads studentane den viktigaste målgruppa for biblioteket og framleis er det eit mål for biblioteket at det ikkje skal vera nokon terskel for dei som har noko å spørja om.

 

Det er slett ikkje umogeleg at biblioteket har lukkast med det.