Hjem
Universitetsbiblioteket
Nyhet

VIKTIG MELDING – REDUSERTE TENESTER FRÅ BIBLIOTEKET I NOVEMBER

Universitetsbiblioteket tar i bruk eit nytt biblioteksystem i november. Dette fører til noko reduserte tenester i overgangsperioden.

Hovedinnhold

Universitetsbiblioteket prøver alltid å gjere tenestene sine betre, og skal, saman med alle dei andre universitets- og høgskulebiblioteka, ta i bruk eit nytt biblioteksystem i november. Dette fører til noko reduserte tenester i overgangsperioden

Dersom du treng lån eller artikkelkopiar frå andre bibliotek bør dette bestillast seinast 6. november.

I dagane frå 19. til 24. november 2015 vil biblioteket vere ope som vanleg, men det er ikkje mogeleg å låne ut og levere inn bøker. Vi ber deg derfor om å låne det du treng før dette, og helst innan 13. november.

Det vil heller ikkje vere mogeleg å bestille bøker eller artikkelkopiar i denne perioden. Ta kontakt med biblioteka ved hastebestillingar. Vi vil hjelpe så langt det let seg gjere.

Søkesystemet Oria vil få ein noko annleis utsjånad, og med noko redusert funksjonalitet. Lenker til fulltekst av elektroniske artiklar eller bøker vil fungere.

Etter overgangen til nytt system kan det hende at du får brev og/eller e-postar frå oss som du ikkje forstår. Det kan til dømes vere innkallingar eller brev om erstatningskrav på bøker du allereie har levert. Dersom det skjer ber vi om at du kontaktar biblioteket slik at vi kan få ordna opp. Du er sjølvsagt som alltid velkomen til å kontakte oss med spørsmål eller kommentarar om andre høve.

Vi håpar overgangen går smidig og utan store vanskar, men ber på førehand om orsaking for eventuelle problem du måtte få som følgje av systemendringa.