Hjem
Universitetsbiblioteket
Nyhet

Lagra søk i Oria forsvinn

I samband med systemskiftet i Oria vil lagra treff i forsvinne, eksporter dine lagra treff via e-post eller EndNote.

Lagra treff i oria forsvinn

Hovedinnhold

Universitetsbiblioteket skal, saman med alle dei andre universitets- og høgskulebiblioteka, ta i bruk eit nytt biblioteksystem i november. Dette fører til noko reduserte tenester i overgangsperioden.

Vi gjer merksam på at lagra søk i Oria vil forsvinne frå 13.11.15 i samband med systemskiftet. Dei kan eksporterast via e-post eller EndNote. Ta kontakt med biblioteket dersom du har spørsmål.

I dagane frå 19. til 24. november 2015 vil biblioteket vere ope som vanleg, men det er ikkje mogeleg å låne ut og levere inn bøker. Vi ber deg derfor om å låne det du treng før dette, og helst innan 13. november.

Det vil heller ikkje vere mogeleg å bestille bøker eller artikkelkopiar i denne perioden. Ta kontakt med biblioteka ved hastebestillingar. Vi vil hjelpe så langt det let seg gjere.

Etter overgangen til nytt system kan det hende at du får brev og/eller e-postar frå oss som du ikkje forstår. Det kan til dømes vere innkallingar eller brev om erstatningskrav på bøker du allereie har levert. Dersom det skjer ber vi om at du kontaktar biblioteket slik at vi kan få ordna opp. Du er sjølvsagt som alltid velkomen til å kontakte oss med spørsmål eller kommentarar om andre høve.

Vi håpar overgangen går smidig og utan store vanskar, men ber på førehand om orsaking for eventuelle problem du måtte få som følgje av systemendringa.